Saturday, October 9, 2010

Møteplassar

Denne veka har eg møtt folk i fleire samanhengar. Johanna hadde ferie på språkskulen og vart over til tysdag, og då gjekk vi opp på universitetet og hadde lunsj ilag med nokre studentar. Eg hadde kontakta nokre på førehand, og Ryoko hadde med seg ei veninne, Akiko, som eg berre hadde høyrt om før. Og i går hadde Akiko med seg anna veninne på Bible Club.

I går hadde eg først engelsk bibelklasse i kyrkja her i Matsue på føremiddagen.

Det var kjekt å treffe att både japansklæraren min og dei unge mødrene. Ein ny baby var også blitt født sidan sist.

Bible Club

Desse to jentene var på Bible Club for første gong. Til venstre ser vi Akiko, som eg traff på lunsjen på tysdag. Ho har med seg veninna Ayumi. Begge var i Florida på eit kristent homestay-program i vårferien i mars og budde hos kristne familiar. For Akiko vart dette eit vendepunkt. Då ho kom heim, byrja ho å vere med i den kristne studentgruppa ved universitetet, og byrja på privat bibelstudium med engelsklærararen sin Carmella. Ho og mannen har også tatt henne med i kyrkja der dei går. Og no i slutten av september tok Akiko imot Jesus som sin Frelsar og Herre. Ho har skrive ope om det til alle vennene sine på Facebook. Men foreldra liker absolutt ikkje at ho har valt å bli ein kristen. Difor får ho ikkje lov til å bli døypt så lenge dei forsørgjer henne.


Og så traff eg igjen Asuka! Ho var ei av tre studentar som besøkte meg på Stranda og Sjøholt i starten av mars. Turen til Norge gjorde at ho vart interessert i kristendommen. Det verka som om ho har lyst til å lære meir ifrå Bibelen. Kanskje eg skal prøve å få henne med i kyrkja snart, også? Ho har vore på gudsteneste i Norge, men aldri i Japan.


I går hadde vi tekst ifrå GT, om då Herren kalla Josva til å bli den nye leiaren etter Moses. "Har eg ikkje bode deg: Ver frimodig og sterk! Reddast ikkje, og lat deg ikkje skremma! For Herren din Gud er med deg i alt det du tek deg føre." Det seier Gud også til oss når vi kjenner oss små og redde overfor store oppgåver.

I morgon har eg forresten to oppgåver som eg synest er altfor store for meg. Først skal eg preike på gudstenesta i Arashima, og så skal eg øve med "Halleluja-koret". Skal eg få rekne med at orda som vart gitt til Josva den gongen, også får gjelde for meg?


Halvparten av desse blide ungdommane var hos meg på Bible Club for første gong. Fleire kjende ikkje kvarandre frå før, men då dei gjekk i 23-tida, verka det som om dei hadde kjent kvarandre lenger enn i 4 1/2 time... Eg er glad for at leilegheita mi kan vere ein møteplass der ungdommar kan få nye venner, men først og fremst ønskjer eg det skal verte ein plass der dei får eit møte med Josva sin Gud.

Då trur eg at eg må øve litt meir på Hallelujakoret og lese gjennom preika eit par gonger.
God søndag!

Jentetur til Tottori


Måndag er fridag for misjonærar. Sjølv om avstandane er store, går det av og til an å treffast. Søndag kveld kom Johanna Tervonen og Jorunn Svela på besøk, og dagen etter var eg guide for dei til gamle trakter som Tottori og Uradome. Det var behageleg "norsk" sommartemperatur rundt 25 grader, og vi slapp å brenne oss under føtene der vi gjekk berrføtt i sanddynene.

Som ei bølge aldri stoppar from Inger Valbø on Vimeo.


Bølgjene ved Uradome Beach let seg ikkje stoppe. Slik skal det også vere med evangeliet.
Som ei bølge aldri stoppar,
slår ustanseleg mot strand,
vil vi tene Jesus Kristus,
med ei glede gitt av han.
Og når vinden rører livet
slik som Anden berre kan,
kan vi undre oss og tenke:
Dette er eit verk av han.

VI VIL GÅ VIDARE MED JESUS,
FLEIRE MÅ BLI KJENT MED HAN!
VIL GÅ VIDARE MED JESUS,
VISE DEI AT JESUS KAN
GI OSS FRELSE, HÅP OG FRAMTID!
VANDRE VIDARE MED HAN,
VANDRE VIDARE MED HAN!

(Tekst: Gunnar Ferstad)


Gud gav Abraham lovnad om at hans ætt skulle bli så talrik som sanden på havets strand. Når vi gir evangeliet vidare, blir denne "Abrahams-slekta" stadig større.


Pærehaust

Vi fekk også vere med og hauste frukt av arbeid andre har gjort. Nær sanddynene ligg pærehagane på rekkje og rad langs vegen, og den som vil, kan plukke med seg litt heim, eller kjøpe ferdige pakningar av dei runde japanske "nashi"-pærene, som Tottori er kjent for.

Ved å betale litt fekk vi kvar vår lille plastkorg som vi fekk plukke fem pærer i. Gartnaren hjelpte oss å finne dei beste pærene. For det var ikkje så lett å sjå når dei allereie var innpakka.




Hensikta med papirposane er at frukta ikkje skal bli skada, forklarte gartnaren.


Fornøgde damer med dagens fangst. Rett etter vi køyrde ut frå parkeringsplassen, kom det ein heil busslast med turistar som skulle inn i pæreskogen og plukke nashi.


Slik ser frukta ut utpakka.


Ver så god, forsyn deg! Saftig og god!

Saturday, October 2, 2010

Endeleg i gong igjen!

I går kjende eg at NO er eg på plass. Ikkje berre fordi storbagasjen kom i går, men først og fremst fordi ungdommane samlast heime hos meg igjen. Kjekt å ønskje velkomne dei gamle, gode, og kjekt å få helse på ein ny. Fleire kan det visst bli etter kvart.


Ryoko og Yuki laga middag.

Dei laga mat til 6 personar, men kva gjer vi når det dukkar opp to uanmeldte etter at vi har ausa opp på tallerkenane? Jau, då må ein improvisere. Dele eit par porsjonar og spe på med brød. Heldigvis hadde eg baka brød i går.


Det gjekk hardt utover brunosten, som eg hadde pakka opp ifrå storbagasjen. Populær for folk både frå Jamaica, USA og Japan. Så den får eg nok ikkje ha åleine, nei. Men det var heller ikkje planen.


Hiroki har venta på meg sidan han spurde på Facebook i vår ein gong: "Is it officially true that you are coming back to Matsue?" (Er det offisielt sant at du kjem tilbake til Matsue?) Og han lurte på om eg ville starte oppigjen Bible Club, for då ville han komme.
Her spelar han rolla som Nikodemus som kjem til Jesus og får mykje å spørje om etter kvart. Hiroki har også byrja å stille spørsmål sjølv.


Kazuya (t.v.) var på Bible Club for første gong. Han fekk også prøve seg i Nikodemus-rolla.


Carmella og Nadine tok rolla som skeptiske tilskodarar.


Samla rundt teksten frå Joh. 3, 1-17
Vi avslutta med å samtale om Guds store frelsesplan, som gjeld alle menneske uansett kvar dei bur. Det visum vi treng for å komme inn i Guds rike, er Jesus.

"For så har Gud elska verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv." (Joh. 3,16)


Etter bibelstudiet var det tid for vaffler og meir brunost. Serviettane var for fine til å bruke, meinte desse.


Vi fekk kontakt med ein som var med og starta Bible Club for snart 4 år sidan, Mr Oda, som no bur i Tokyo. Mobiltelefonen gjekk på omgang mellom oss som kjenner han.
"Kva, skal du gifte deg??!!" Overraskinga var stort, og gratulantane stod i kø.


Etter at dei var ferdige med oppvasken, og dei andre var gått, fann Hiroki boka "Lynkurs i norsk" i bokhylla mi.

Det verka som om dei som var her, likte seg og har lyst å kome igjen. Tre av dei fire japanske studentane er ikkje kristne, men dei er interesserte i Bibelen. Den fjerde vart ein kristen i fjor, medan eg var i Norge.

Eg ser med forventning fram til neste fredag. Då skal eg også ha Bible Class for vaksne på føremiddagen.

Men først skal eg på picnic i Izumo og halde andakt i morgon. Det regnar ute, og det er heller ikkje så gode meldingar for morgondagen, men grilling skal det visst bli uansett vêr. Eg køyrer rett etter gudstenesta i Matsue.

Og om kvelden får eg overnattingsbesøk av medmisjonærar Jorunn Svela og Johanna Tervonen. Skal bli kjekt!

Ha ein fin søndag der du er!

Monday, September 27, 2010

Bryllaup i Kana og jubileum i Matsue


I går var det 60-årsjubileum i Matsue Lutherske Kyrkje. Kyrkja er ikkje fullt 60 år enno, men det var i 1950 misjonsarbeidet for NLM starta her på nordfeltet.


Denne plakaten kunne nok dei første misjonærane forstå utan å ha gått ein dag på språkskule i Japan. Dei kom nemleg frå Kina, og der har dei samme teikna.
"60-årsjubileumsgudsteneste for misjonsarbeidet". Men dei måtte likevel lære eit heilt nytt språk, for uttalen av dei kinesiske teikna er heilt annleis enn det dei hadde lært.


Ein av dei tidlegare prestane i Matsue, Taro Shukuno, er no pensjonist. Han talte på festgudstenesta over temaet "Tenarane som fyllte vatn", utifrå teksten i Joh 2 om Jesus som gjorde vatn til vin i bryllaupet i Kana. Han hadde ei interessant vinkling av teksten:
- Eg er full av takk overfor dei misjonærane som starta her i Matsue, og overfor misjonsvennene som stod bak. Misjonærane som kom ifrå Kina, hadde berre 8 månader japanskstudiar før dei starta opp her. Kor lenge studerte du japansk, Valbø-sensei ? spør han vendt mot meg.
- To år, svarer eg beskjedent og skamfull over at eg framleis ikkje kan meir enn eg gjer, etter 13 år i landet.

Shukuno held fram:
- For eit mot! For ein iver! Dei hadde ein brann og ei nød for sjelene. Og dei var opptatt av at kyrkja skulle bli bygd av japanarane sjølve.

Eg tenkjer ofte for ein kamp det måtte vere. Dei tente Herren i det stille, slik som tenarane som fekk beskjed om å fylle kara med vatn. Det var store vasskar, som tok 80-100 liter kvar, og det var 6 av dei. Dei lurte sikkert på kvifor dei måtte gjere dette monotone arbeidet, men dei var trufaste. Og dei fekk sjå resultat. Situasjonen vart vendt frå fortviling til håp,


Shukuno fortel om då han som liten gut hadde ansvaret for å fylle badekaret med vatn og varme opp badevatnet kvar kveld for familien. Den tida var det ikkje innlagt vatn, og han måtte gå mange rundar til brunnen før badekaret vart fullt. Det var hardt arbeid for ein liten gut.

- Også i tenesta i kyrkja hender det at vi går trøytte og tenkjer: Nyttar det?
Det hende av og til at eg gløymde meg bort i leiken, og det var blitt mørkt då eg kom på at eg hadde gløymt å hente vatn til badet. Då eg kom heim, såg eg dampen frå badekaret, og det var allereie fyllt opp. Det var mor som hadde gjort det.

Nokre gonger når vi har gått trøytt, treng vi ein pause. Jesus forstår deg, og pastor Kajinishi er også forståingsfull.


Ein slik bodskap er sjeldan å høyre her i landet, der du skal stå på og vere sterk. Det var godt å høyre frå ein erfaren japansk prest at det er lov til å kvile, også, innimellom.
Men han utfordra oss til slutt til å vere ei kyrkje som går ut i kvardagen med det vi har fått.

Jesu-namnet har gitt resultat i Matsue from Inger Valbø on Vimeo.


Namnet Jesus har gitt mange japanarar håp. Det var samme songen eg vart sendt ut med frå Åndalsnes stasjon akkurat ein månad før, den 26.8:

Salmesong på Åndalsnes stasjon from Inger Valbø on Vimeo.



Eg fekk ein kommentar på e-post til denne videosnutten:
"Synes det var gripende med de som tok farvel på Åndalsnes! Hvorfor skulle du reise helt til Japan om ikke det var for Navnet Jesus? Da kunne du like gjerne vært heime. Vi måtte rett og slett ha funnet oss annet arbeid.... Men tenk å få ARBEIDE for Jesus....! Kan en person ha større arbeidsgiver?"

Så sant, så sant, Mainy! Ja, hadde det ikkje vore for namnet Jesus, måtte vi ha funne oss eit anna arbeid...

Nokre glimt ifrå resten av jubileumsfeiringa:


Gjestar ifrå dotterkyrkja i Arashima.


Eldste Kashiwaya i Arashima (t.v.) var berre 19 år då han vart døypt i Matsue kyrkje. Her overrekkjer han blomster til eldste Makino i Matsue kyrkje.


Litt av lunsjbordet. Dei norske kabaretane var visst vellukka. Der var i alle fall ikkje restar å ta med heim.


Unge og eldre balanserer asjett, pinnar og kopp i kyrkjebenkane.


Desse jentene er trufaste i kyrkja kvar einaste søndag. F.v. Tomomi, Haruka og Minami.

Friday, September 24, 2010

"En liten telefon jeg har"


Endeleg, etter snart 4 veker her, har eg fått innlagt fasttelefon. Ein søt, liten sak, ikkje sant?
Vil du ringje meg, er nummeret frå Norge +81-852-67-2918.

2020 på displayet betyr ikkje at vi ligg 10 år framfor dykk i Norge, men rett og slett at klokka var ti på halv ni då eg tok biletet. Men sjølv om vi ikkje ligg 10 år før dykk, har vi nokre timar forsprang. Det betyr at eg IKKJE vil ha telefon midt på natta, utan at det er "urgent". Med andre ord bør du ikkje ringje etter kl 1400 (kl 1500 så lenge de har sommartid) på grunn av tidsforskjellen. (7 timar med sommartid, 8 timar elles i året).

Telefonen minner meg om ein song eg lærte på søndagsskulen eller på barneforeining. Eg hugsar berre dei første orda:
"En liten telefon jeg har, en bønnens telefon."
Er det nokon som kan hjelpe meg med resten av teksten?
Legg igjen som kommentar til bloggen eller send meg ein mail (ingervalbo@nlm.no), eller du kan ringje og synge songen til meg.

Så godt at vi har "bønnens telefon". Gud har ikkje kontortid, og han blundar ikkje og søv ikkje, Israels vaktar.

Wednesday, September 22, 2010

Berre i tilfelle...


Denne magnetplata er festa på innsida av inngangsdøra hos ein medmisjonær. "Eg har evakuert" står det på. Den skal ho feste på utsida av døra i tilfelle ho må evakuere. Greitt for dei som skal leite å vite at dei ikkje treng å gå inn der.

Idag oppdaga eg forresten ein ny funksjon på mobiltelefonen min:

Alarm og informasjon om jordskjelv. Det skal visst vere mogleg å varsle større jordskjelv nokre sekund før det kjem, og ein alarm på mobilen kan gjere at eg rekk å krype under bordet før ting byrjar å riste og falle ned.

Alarmen er innstilt slik at eg høyrer han sjølv om eg har slått telefonen på lydlaus. No har eg også testa ut korleis alarmen høyrest ut. Men eg håper eg aldri får bruk for han...

Språklege utfordringar

Misjonærflokken har blitt ganske fornya sidan eg reiste frå Japan i fjor sommar. No er det ikkje lenger norsk som er det offisielle språket når vi samlast. Eg er ikkje så trygg på å snakke engelsk i store forsamlingar, men no får endeleg vi norske kjenne korleis finnane har hatt det ilag med norske misjonærar i alle dei år.

Kva språk dei finske borna brukte når dei leika ilag med dei norsk-japanske og islandsk-japanske, er eg ikkje sikker på, men det såg ut som om dei hadde det kjekt i lag.

På veg til Kobe og velkomstfest hadde eg ein kveld og ei natt hos Jorunn Svela i Okayama.

Jorunn bur i 11. etasje i ei 29-etasjes blokk ikkje så langt ifrå Okayama stasjon. Til saman i blokka er der 330 leiligheiter, så Jorunn har nokre naboar! Fleire har ho allereie fått god kontakt med.


Det var ikkje lett å sove med alle toga som dura forbi heile natta. Her går toga i to etasjer, også. Hurtigtoget Shinkansen er for langt til å få med på eitt bilete.

Neste morgon skulle eg sitje på med Jorunn til Kobe. Bilgarasjen hennar fascinerte meg!

Sjå korleis Jorunn får bilen sin ut av garasjen her:

Japansk garasje from Inger Valbø on Vimeo.




Endeleg nede på bakkenivå.


Nei, takke meg til parkeringsplass på gatenivå! Her er bilen min som eg endeleg fekk på plass laurdag ettermiddag.


Velkomstfest

Måndag var både misjonærfridag og offentleg fridag (Eldres dag). Det var velkomst for Mailis Janatuinen, som er tilbake frå Finland etter omlag 10 år, for pensjonisten Tore Jåtun som er tilbake som stedlig representant for oss, og så for meg, som berre har vore borte i omlag 14 månader.


Ekteparet Kivilä spelar ilag med Johanna Tervonen. Johanna kjenner eg litt frå før, men den nye familien var heilt ny for meg.


Nokre av familien Kivilä ved bordet ilag med Tore Jåtun, og resten av familien ser vi i bakgrunnen.


Familien Sigurdsson frå Islands Misjonssamband ilag med Jorunn Svela.


Heldigvis var her nokre som kunne stammespråket: Sunnmøringane Kirsti Strand (i midten) og Ingebjørg Hildre.


Om kvelden måtte vi ha litt meir mat, og Jorunn tok Johanna, Kirsti og meg med seg til Ikea på svenske köttbullor.


Eg skulle gjerne hatt nokre kjøtbollar mindre og litt meir potet, men det var dette som var porsjonen denne dagen. Billig var det også. Og den japanske kassadama var storfornøgd fordi vi forstod då ho sa "tack så mycket!"

Tysdag var det JS-møte (Japanstyret). Også her gjekk det på engelsk sidan Johanna var med. Før i tida måtte dei finske misjonærane lære seg norsk for å følgje med, men no er det vel vi norske som burde lære oss finsk? Då er det iallfall enklare å kommunisere på engelsk eller japansk.

Heime att

Då eg kom att til Matsue i dag, var eg først ute og åt lunsj ilag med Akiho, som var tilbake til universitetet for graduation i dag. Her er ho innom på ein kopp svensk blåbærte frå Ikea.