Wednesday, May 13, 2015

Jordbær-evangelisering

Det finst mange måtar å samle folk på. Berre fantasien set grenser. Ein kristen jordbærdyrkar i nabobyen Yasugi har i fleire år invitert folk til å komme på sjølvplukk ein dag i mai. Etter at magane og dei utdelte korgene er fulle av jordbær, er det tid for song og andakt.

Laurdag 9. mai hadde eg også anledning til å vere med. Carmella & Scott og eg fylte vi opp bilane med jordbærglade studentar og køyrde vel ein halvtime austover til Yasugi.

Så stor jordbæråker har eg vel ikkje vore i sidan eg som ungdomsskuleelev hadde sommarjobb hos "Kløver-Leif" og "Steina'-Petter". Men her er åkeren i drivhus.

Studentane ser ut til å vere fornøgde, også.



Jordbæra var så store at det var vanskeleg å balansere dei. Men denne jenta har visst funne ein teknikk.

Etter ein times eting og plukking, fekk vi servert jordbærmilkshake av desse unge damene frå Izumo Lutherske kyrkje.

Så er det tid for song og andakt. Jordbærbonden har rigga seg til med lydanlegg og musikk.


Studentane var fornøgde. 

Etter andakta fekk vi utdelt fleire korger og kunne gå og plukke resten av jordbæra, om der var meir å finne. I tillegg til dei to første, fyllte eg også to korger til. Sjølv om det ikkje var dei finaste bæra som var igjen, vart det iallfall fint og godt syltetøy. Vanlegvis blir syltetøyet rosa av japanske bær, men med Certo syltepulver vart dette både fargerikt og godt syltetøy.


Eg trudde vi hadde plukka så vel at det var tomt for bær nokre dagar, men neste dag kjem jordbærbonden med nye jordbær på korøvinga.

Dette biletet er frå julekonserten i 2013. Jordbærdyrkaren har varta oss opp med jordbær i mange samanhengar. Dette året er dessverre siste sesongen før han avsluttar jordbærdyrkinga for godt. Men han finn sikkert andre måtar å gle andre på og nå ut med evangeliet.
 
Denne veka har universitetet besøk av ein studentprest frå Florida, Bob Gailey. Kvar vår er Carmella og Scott med ei gruppe studentar på eit opphald i Florida, og mange studentar får eit meir positivt inntrykk av kristendommen etter nokre veker hos kristne familiar og kristne jamaldringar. Denne våren var 16 studentar med på turen. Sist fredag var 6 av dei med på Bible Club. Nokre har kome trufast kvar veke.
Det var trangt om plassen på Bible Club sist fredag. Til saman var vi 18 personar. Det kan ikkje vere berre for maten dei kjem. For den er ikkje så mykje å skryte av. 
Denne veka blir Bob også med. Det blir nok eit trekkplaster for nokre som kanskje ikkje ville ha kome utan. Søndag skal Bob også preike på den internasjonale gudstenesta. Temaet er "Kvifor kristne kan vere glade under alle forhold."

 Her er Bible Club i juni i fjor då Bob var på besøk. (han i blå T-skjorte)

Du som ber: Hugs på Bible Club på fredag og gudstenesta på søndag kveld. Trur det kan bli ei bra 17. mai-feiring! Godt å sleppe å preike denne månaden... :)


Sunday, May 10, 2015

På tolkeoppdrag i Nima

Når eg sjølv skal preike, har eg kvart ord skrive på japansk. Og dersom eg skal tolke, liker eg også å førebu meg godt så eg veit kva eg skal seie og kan finne dei rette orda. Men det er ikkje alle som bruker manus. Mi største utfordring hittil var i Kita Osaka kyrkje for omlag 15 år sidan, då eg tolka dåverande generalsekretær Ola Tulluan si preike over ein tekst i Romarbrevet, utan manus. Nest største utfordring hadde eg første søndag i mai då eg tolka Kenneth Ellefsen, som talte over ein tekst i Kolosserbrevet. Han hadde heller ikkje manus, men ein powerpoint som eg hadde omsett frå norsk til japansk, var ei god hjelp.

I 2004, altså for 11 år sidan, var Kenneth Ellefsen på studietur til Japan medan han studerte ved Fjellhaug. I løpet av dei vekene i Japan var han også i Nima. No har han stige i gradene og underviser ved Fjellhaug Internasjonale Høgskole. Skulen sender med visse mellomrom lærarar for å undervise ved Kobe Lutheran Theological Seminary, og i april har Ellefsen vore i Kobe og undervist. Då var det rektor Makito Masaki som tolka han.

Men når Kenneth var tilbake i Japan, ville han gjerne også treffe kyrkjelyden i Nima og dele Guds ord med dei. Og sidan han ikkje snakkar japansk, og folket i Nima ikkje forstår norsk (eller engelsk), trengde han ein tolk.

Biletet over viser at tolken blir reven med av den ivrige talaren og ser minst like karismatisk ut som han som talar på norsk.

La oss gå tilbake til laurdagen:

Vi var til saman fem personar som var på besøk i Nima denne helga. Tidlegare misjonær Nils Boganes var på besøk hos dotter og familie (Urstad) og ville gjerne tilbake til Oda, der han og familien arbeidde i første periode, for 52 år sidan. Eldste dotter kom frå Australia på overraskingsbesøk, og ho vart også med.

Laurdag ettermiddag var fire av oss på sightseeing i sølvgruvelandsbyen Oomori, medan Kenneth var på tur med ein gammal kjenning.
Oomori har omlag 400 innbyggjarar no. Mange hus står tomme. I den tida sølvgruvene var i drift, budde det omlag 20.000 menneske der. Men framleis har dei eige postkontor.

Banken er open ein dag i veka.

Her traff eg ein sjarmerande type.






Laurdag kveld vart vi ønska velkomne av kyrkjemedlemmer, og ei av bibelklasse-elevane mine kom også.
 
Vi installerte oss så godt vi kunne. I leiligheita i 2. etasje tok vi i bruk tre rom, og fekk plass til madrasser innimellom Kari Opperud sitt flyttelass som står på lager der. I tillegg brukte vi også eit rom i første etasje, så alle fekk plass å sove.

Nokre dagar tidlegare var eg i Nima og hadde engelsk bibelkasse.

Denne tirsdagen hadde eg med ein gjest ifrå USA, som var på besøk hos dotter si i Matsue. Dei ti andre damene er medlemmer i engelskklassa, men berre ei av dei er kristen.


Eg hadde skrive og teikna på tavla for å drive litt PR for søndagen. Etterpå såg eg at ei av damene hadde ikkje berre skrive av teksten, men også kopiert den flotte teikninga mi! Og ho kom faktisk på gudstenesta søndag, også!
Så då er vi tilbake til søndagen. Gunnar Urstad diska opp med skikkeleg søndagsfrukost, med egg og bacon og rista brød. Etter frukost køyrde han ilag med svigerfaren og svigersøstra til Oda kyrkje.

 Det vart gjensynsglede då Kenneth fekk møte att folk i Nima. Den eldre kvinna fekk til og med gjebursdagsgåve frå Norge. Ho fylte nettopp 95 år. Sidan sist dei møttest, er ho også blitt ein kristen.


Eg såg det greip forsamlinga då Ellefsen i innleiinga sa at han hadde bedt for kyrkjelyden i Nima kvar veke i alle desse 11 åra. Då var kontakten der med ein gong.
Eg er usikker på kor mykje av den gode preika som vart formidla på eit forståeleg språk, men eg håper iallfall at forsamlinga fekk med seg det viktigaste. Tema for preika var "Er du rotfesta i Kristus?", og sjølve bibelteksten frå Kol. 2, 6-15 er iallfall klar nok.

Etter gudstenesta fekk predikanten gåve frå kyrkja. Tolken og pianisten fekk forresten også gåve. Vanlegvis har dei ingen som spelar, så eg var glad eg kunne gi dei litt musikk, også. Mykje enklare enn å tolke ei preike, iallfall!

Her er medlemmer i kyrkja ilag med gjesten. I tillegg kom ho frå engelskklassa som hadde teikna Kenneth i boka si. Dei to jentene er tvillingar og går i 6. klasse. Ei av dei fekk i oppdrag å styre projektoren under preika, og den andre overtok kameraet mitt, så dei slapp å kjede seg for mykje.

Kyrkjekaffi. Desse to karane vart gode venner for 11 år sidan og har halde kontakten sidan.

Etter at gudstenesta i Oda var over, kom Gunnar tilbake og henta oss. Pastor Fukao tok oss så med ut på lunsj.

Her er dei norske gjestane ilag med pastor Fukao, gode og mette, og klare for retur til Matsue og Kobe. Takk for besøket! Og takk for tolkeoppdraget. Det vart ei festreise!

Thursday, May 7, 2015

Peon-øya

Det er slutt både på sakuraen og tulipanblomstringa, og no er kanskje peonane også avblomstra. Men det var fint så lenge det varte. Omlag 15 km ifrå der eg bur, ligg det ei øy som heiter Daikonjima. Øya ligg midt i innlandshavet Nakaumi og heng saman med Matsue via ei lita bru. Her var eg to dagar på rad. Først etter gudstenesta den 26. april, ilag med ei japansk veninne, og dagen etter ilag med to gjestar frå Norge, som eg skal presentere litt lenger nede.





Dei gule peonane var ikkje utsprotne første dagen eg var der, men dagen etterpå var denne allereie i full blomst. Det seier litt om temperaturen vi har hatt i det siste.


Når ting skjer så fort i naturen, betyr det vel også at blomstringa går fort over. Så det gjeld å nyte det når du kan. 


Dagen etter tok eg med meg Norges-gjestar til den samme peon-parken:
Herborg og Tore Jåtun var "reserveforeldre" for meg då eg kom til Japan for 22 år sidan. Dei tok imot meg som si eiga dotter. Pensjonerte misjonærar har ein tendens til å lengte tilbake til landet og folket dei har blitt glade i. Herborg og Tore hadde ei lang reiserute med besøk hos japanarar, og Tore skal også preike komande søndag i ei av kyrkjene han har arbeidd. Men dei hadde tid til å ta ein tur innom "dottera" i Matsue, også. Det var kjekt å få vere den som tok imot dei for ein gongs skuld.


Den kvite peonen har eit spesielt namn, som står på skiltet under blomsten. "Hakushin"= den kvite gud.
Men også denne peonen er skapt av den allmektige Gud, som skapte himmel og jord. Tenk om japanarane kunne kjenne noko av Guds storheit gjennom alt det fine dei ser i naturen, og bli kjent med Han gjennom Sonen Jesus Kristus!

Eg har meir å fortelje frå den siste veka, men det får eg ta etter kvart.

Wednesday, April 22, 2015

På GF-film?

Vi sit vanlegvis ikkje i kyrkjebenkane og drikk te, men fotografen frå Norge ville ha det slik. Ikkje at vi skulle drikke te, men at vi skulle sitje der og prate. Og då ville eg at vi skulle ta med tekoppen, for vi drikk mykje te på Bible Club, forklarte eg. Dette biletet er forresten tatt av Carmella Lieske. Fotografen med det store videokameraet var frå NLM Norge, og heiter Roar Lindefjeld.

Her forklarer Roar korleis han vil ha det. Desse jentene har vore på Bible Club, men det var første gong fleire av dei var i kyrkja. Tre av dei var i kyrkje i Florida i vårferien, og den fjerde var der i fjor.

Her skal Roar vise misjonæren i samtale med japanske ungdommar. Tende lys på alteret ville han ha, også, sjølv om gudstenesta var slutt.

Eg vart visst både filma og fotografert under preika, men det let eg meg ikkje distrahere av. Det var ei lydhøyr forsamling. Omlag ein tredjedel var ikkje-kristne, og fleire var der for første gong. Det er spennande, og veg opp for alle timar av førebuing og stress i forkant. Det var også oppmuntrande at ei kristen jente kom og sa at ho opplevde at talen var for henne.

Her er eit glimt frå forsamlinga, som talde 28 personar i alt.

 Her er forsongarane.

Alle bileta ovanfor har eg fått av Scott Menking. Når eg er både pianist og predikant, er det lite tid til å fotografere.

 Ei fin og fargerik forsamling, med ungdommar frå mange nasjonar. 12 av desse er japanarar.
Etter gudstenesta vart også ei kinesisk jente filma, der ho fortel om vegen som søkjande. Ho har enno ikkje tatt steget heilt, men Bible Club og den internasjonale gudstenesta har skapt ein lengsel i henne. Intervjuet blir kanskje ikkje vist på GF, men truleg i ein annan samanheng.

Etter kveldsgudstenesta var eg endeleg ferdig med min jobb, men Roar hadde framleis eit par timar med backup og filmredigering.

Dersom du trudde at eg hadde berre éin mann på besøk, kan du ta det med ro. Eg hadde to!
Gunnar Urstad var med som sjåfør og guide. På laurdag var dei først i Izumo og filma ved den store shintoheilagdomen der, for å vise litt av det religiøse livet i Japan. Så kom dei til Matsue på ettermiddagen og ville heim til meg, men eg var stressa med førebuingar, så dei tok heller nokre timar på Starbucks og jobba litt der.
Etter ein sein kveld med førebuingar var eg tidleg oppe for å lage frukost til karane, som skulle vere på plass før søndagsskulen i Yonago. I tillegg til søndagsskulen var dei med to på gudstenester der, før kveldsgudstenesta i Matsue. Var det 2 minutt film frå Japan det skulle vere??
Sjølv var eg i Matsue kyrkje også på føremiddagen. Eg oppfordra folk til å be for meg, at eg kunne halde ut heilt til kvelden, sidan eg var litt i underskot på søvn. Og det gjekk bra, denne gongen, også.

Eg har hatt besøk av Roar Lindefjeld ein gong før. Det var i 2001 i Osaka, då han og to til var her og laga film om Blåveisbamsen. Bamsen bur framleis hos meg. Slik stod han fredag kveld etter at ungdommane hadde gått. Det er mykje som foregår på Bible Club!

Neste internasjonale gudsteneste er 17. mai. Ja, du las rett. Det blir ikkje noko norsk feiring, men eg slepp iallfall å preike den dagen. For då får vi besøk av ein studentpastor frå Florida, Bob Gailey. Han var her også i fjor, og han kjenner dei 16 studentane som var i Florida denne våren. Vi håper at enno fleire studentar finn vegen til kyrkja då.


Tuesday, April 21, 2015

Tulipanar i lange rader

"Du treng ikkje å reise til Holland, du", var det ei som kommenterte til bileta eg hadde lagt ut på Facebook. Nei, når eg har ein tulipanåker berre vel ein halvtimes køyring herifrå, treng eg ikkje reise til Holland. Men at eg har budd her i snart 8 år før eg kom meg så langt, er nesten ei skam!
Men eigentleg har eg ikkje visst om denne plassen før i år. Eg abonnerer på e-post frå Shimane International Center, som sender ut informasjon på engelsk om ting som skjer i området. Vanlegvis er det aktivitetar som skjer midt i kyrkjetida, men denne gongen fekk eg passa det inn i søndagsprogrammet mellom bibelklassa og kveldsgudstenesta.

Eg fekk med to medlemmer frå Izumo kyrkje, som også har byrja i den engelske bibelklassa eg har på ettermiddagen. Også tre studentar vart med. 

Eg trudde det var ein park med blomster, men det viste seg å vere ein kjempestor tulipanåker, rett og slett.







Nedanfor er ein videosnutt som viser litt av stemninga.


Det einaste som ikkje var ekte her, var den importerte vindmølla. Samme kor sterkt vinden bles, stod ho heilt stille.

Vi kunne velje tulipanar frå åkeren for berre for 50 yen (ca.3,50 kr) pr. blomster og ta med heim og plante. Eg valde meg desse tre:


Dagen etter er dei planta i krukker. Den raude hadde kort levetid, men dei to i lilla-fargar held seg såvidt enno, meir enn ei veke etterpå.

Slik såg denne ut i går. Guds skaparverk har verkeleg mange variasjonar!

No har eg også fått tips om korleis eg kan ta vare på løkane, så eg kan få nye tulipanar til neste vår. Men eg trur eg må ta litt fargesortering, så eg veit kva eg plantar ut igjen. For no har eg fire gule, som eg kjøpte tidlegare i mars, og ein raud, ein lilla, og så denne med den fine fargekombinasjonen. Trur nesten eg byrjar å få "grøne fingrar"!