Wednesday, April 22, 2015

På GF-film?

Vi sit vanlegvis ikkje i kyrkjebenkane og drikk te, men fotografen frå Norge ville ha det slik. Ikkje at vi skulle drikke te, men at vi skulle sitje der og prate. Og då ville eg at vi skulle ta med tekoppen, for vi drikk mykje te på Bible Club, forklarte eg. Dette biletet er forresten tatt av Carmella Lieske. Fotografen med det store videokameraet var frå NLM Norge, og heiter Roar Lindefjeld.

Her forklarer Roar korleis han vil ha det. Desse jentene har vore på Bible Club, men det var første gong fleire av dei var i kyrkja. Tre av dei var i kyrkje i Florida i vårferien, og den fjerde var der i fjor.

Her skal Roar vise misjonæren i samtale med japanske ungdommar. Tende lys på alteret ville han ha, også, sjølv om gudstenesta var slutt.

Eg vart visst både filma og fotografert under preika, men det let eg meg ikkje distrahere av. Det var ei lydhøyr forsamling. Omlag ein tredjedel var ikkje-kristne, og fleire var der for første gong. Det er spennande, og veg opp for alle timar av førebuing og stress i forkant. Det var også oppmuntrande at ei kristen jente kom og sa at ho opplevde at talen var for henne.

Her er eit glimt frå forsamlinga, som talde 28 personar i alt.

 Her er forsongarane.

Alle bileta ovanfor har eg fått av Scott Menking. Når eg er både pianist og predikant, er det lite tid til å fotografere.

 Ei fin og fargerik forsamling, med ungdommar frå mange nasjonar. 12 av desse er japanarar.
Etter gudstenesta vart også ei kinesisk jente filma, der ho fortel om vegen som søkjande. Ho har enno ikkje tatt steget heilt, men Bible Club og den internasjonale gudstenesta har skapt ein lengsel i henne. Intervjuet blir kanskje ikkje vist på GF, men truleg i ein annan samanheng.

Etter kveldsgudstenesta var eg endeleg ferdig med min jobb, men Roar hadde framleis eit par timar med backup og filmredigering.

Dersom du trudde at eg hadde berre éin mann på besøk, kan du ta det med ro. Eg hadde to!
Gunnar Urstad var med som sjåfør og guide. På laurdag var dei først i Izumo og filma ved den store shintoheilagdomen der, for å vise litt av det religiøse livet i Japan. Så kom dei til Matsue på ettermiddagen og ville heim til meg, men eg var stressa med førebuingar, så dei tok heller nokre timar på Starbucks og jobba litt der.
Etter ein sein kveld med førebuingar var eg tidleg oppe for å lage frukost til karane, som skulle vere på plass før søndagsskulen i Yonago. I tillegg til søndagsskulen var dei med to på gudstenester der, før kveldsgudstenesta i Matsue. Var det 2 minutt film frå Japan det skulle vere??
Sjølv var eg i Matsue kyrkje også på føremiddagen. Eg oppfordra folk til å be for meg, at eg kunne halde ut heilt til kvelden, sidan eg var litt i underskot på søvn. Og det gjekk bra, denne gongen, også.

Eg har hatt besøk av Roar Lindefjeld ein gong før. Det var i 2001 i Osaka, då han og to til var her og laga film om Blåveisbamsen. Bamsen bur framleis hos meg. Slik stod han fredag kveld etter at ungdommane hadde gått. Det er mykje som foregår på Bible Club!

Neste internasjonale gudsteneste er 17. mai. Ja, du las rett. Det blir ikkje noko norsk feiring, men eg slepp iallfall å preike den dagen. For då får vi besøk av ein studentpastor frå Florida, Bob Gailey. Han var her også i fjor, og han kjenner dei 16 studentane som var i Florida denne våren. Vi håper at enno fleire studentar finn vegen til kyrkja då.


No comments:

Post a Comment