Dei gule peonane var ikkje utsprotne første dagen eg var der, men dagen etterpå var denne allereie i full blomst. Det seier litt om temperaturen vi har hatt i det siste.
Når ting skjer så fort i naturen, betyr det vel også at blomstringa går fort over. Så det gjeld å nyte det når du kan.
Dagen etter tok eg med meg Norges-gjestar til den samme peon-parken:
Herborg og Tore Jåtun var "reserveforeldre" for meg då eg kom til Japan for 22 år sidan. Dei tok imot meg som si eiga dotter. Pensjonerte misjonærar har ein tendens til å lengte tilbake til landet og folket dei har blitt glade i. Herborg og Tore hadde ei lang reiserute med besøk hos japanarar, og Tore skal også preike komande søndag i ei av kyrkjene han har arbeidd. Men dei hadde tid til å ta ein tur innom "dottera" i Matsue, også. Det var kjekt å få vere den som tok imot dei for ein gongs skuld.Den kvite peonen har eit spesielt namn, som står på skiltet under blomsten. "Hakushin"= den kvite gud.
Men også denne peonen er skapt av den allmektige Gud, som skapte himmel og jord. Tenk om japanarane kunne kjenne noko av Guds storheit gjennom alt det fine dei ser i naturen, og bli kjent med Han gjennom Sonen Jesus Kristus!
Eg har meir å fortelje frå den siste veka, men det får eg ta etter kvart.
No comments:
Post a Comment