Monday, April 6, 2015

Påske med konfirmasjon og pizza

I går var eg i Arashima kyrkje to gonger i løpet av påskedagen. Det starta med søndagsskule kl 9, med tre jenter. Ei av dei vart konfirmert på gudstenesta etterpå. Ho er 12 år, og skal byrje på ungdomsskulen denne veka. Broren på 13 år var den andre konfirmanten. Desse to har vakse opp i kyrkja, og er tredje generasjons kristne på morssida. Faren er enno ikkje ein kristen.

Her var det verken bunad eller dress, eller konfirmantkappe. Her går det bra med Minnie Mouse-gensar og miniskjørt, også... Det var heller ikkje samtale med konfirmantane, slik som i Norge, men her var det trusvedkjenning. Kvar enkelt svarte "ja, eg trur" til kvar artikkel i trusvedkjenninga, og "ja, det lovar eg" når dei vart spurde om dei vil leve eit liv som kristne.

Presten lyser velsigninga over konfirmantane.
Denne dagen fekk dei også vere med på nattverden. I vår samanheng her i Japan er det framleis ikkje vanleg at barn får ta imot nattverd før dei er konfirmerte. Og her er heller ingen alder for når ein blir konfirmert. Difor er det dessverre også mange som forlet kyrkja utan at dei har fått konfirmantundervisning.

Etter gudstenesta var det feiring med kake. På dei små egga står det "God påske" og "Gratulerer med konfirmasjonen". Det er kona til presten som står bak meisterverket.


Det var også planlagt å gå på gravplassen og ha andakt, som det er vanleg på påskedag, men på grunn av regn vart det utsett til ein annan søndag.
På veg heim køyrde eg likevel bortom gravplassen, for å sjå på dei fine sakuratrea der. Arashima lutherske kyrkja har eit lite urnekapell. Der er ingen andre kors å sjå på heile gravplassen.

 Bibelverset på veggen seier: "Eg er vegen og sanninga og livet. Jesus Kristus."



Om kvelden var det ungdomsgudsteneste, og det var så mange som ville vere med frå Matsue, at dei som ikkje fekk plass i dei tre bilane, måtte ta toget.

 Presten hadde skifta til litt meir uformelt antrekk.

Vi lærte nye lovsongar, både på engelsk og japansk.

Kona til presten er dyktig både ved pianoet og på kjøkkenet. Det fekk vi nyte godt av også denne gongen. 
Det vart nok pizza til alle. Men det måtte ha vore litt av ein jobb å lage alle.


Og så var det kake igjen til denne gjengen, også!

Mange ikkje-kristne studentar var med denne gongen. To av dei var i Arashima for første gong. Så håper eg at ikkje berre magen var mett, men at dei hadde fått med seg noko ifrå gudstenesta som kan ha betydning for dei vidare. På fredag er det Bible Club igjen, og vi skal snakke meir om påske og Jesu oppstode.



No comments:

Post a Comment