Wednesday, October 16, 2013

Til fjells

Det høgste fjellet i området her ligg på 1.710, 6 m.o.h., ganske nøyaktig. Dette biletet tok eg på veg til misjonærsamling på Hiruzen sist fredag. Samme kveld la eg det ut på Facebook med kommentaren: "På måndag skal eg prøve å nå toppen."
På Hiruzen var det blitt haust. Hiruzen ligg ca 500 m.o.h. Frå fredag til søndag hadde vi samling for misjonærane. Det er vel første gong i historia vi har hatt "frihelg" ilag utanom feriane. Det var iallfall fri bort ifrå vanleg arbeid, men det var ikkje berre fritid som stod på programmet. Vi hadde samlingar rundt tema som teamarbeid, åndeleg og sosialt fellesskap m.m., og vi hadde bibeltime og nattverdmøte.

Her har vi dei fleste i misjonærflokken saman med nokre gjestar.  
På søndag ettermiddag gjorde dei fleste seg klare til å køyre heim. Denne karen ser ut som om han vil vere på Hiruzen ei stund til.
Bilen har eit merke for nybyrjarar. Sidan eigaren av bilen har vore i Norge så lenge at det japanske førarkortet var gått ut, må han byrje på nytt.

Hiruzen er også ein flott plass for sykling.
Fem av oss var over til måndag og køyrde til Daisen, fjellet som Kari og eg køyrde forbi på fredagen på veg til Hiruzen. Måndag er vanlegvis fridag for misjonærar, men denne dagen var også nasjonal fridag, den årlege sportsdagen, så det var mange japanarar også i fjellet.

Klar, ferdig, gå! Her er gjengen klar. F.v. David Thorsen (eittåring), Liv Bakke, Johanna Tervonen og Kari Opperud.

Vi måtte ha mange drikke- og sjokoladepausar undervegs. Denne kvikklunsjen fann i kjøleskapet mitt før eg reiste. Truleg gåve frå gjestar tidlegare i år.

Det var for optimistisk å vente med lunsjen til vi var på toppen, for det tok si tid. Bratt og tungt, men opp skal vi!

Sjølv om det var knallblå himmel rett over oss, var det ganske disig, så eg kunne ikkje sjå heimatt til Matsue. Midt i biletet er truleg mot Yonago og Japanhavet, og Matsue ligg til venstre eller kanskje utanfor biletet. På klare dagar kan vi sjå toppen av Daisen ifrå Matsue.

Det nærmar seg...

Det byrjar å flate ut, og frå no av kan vi gå på plankar i staden for å gå i trapper. Sjølv om turen eigentleg berre var 2,6 km frå parkeringsplassen, tok det si tid å gå 800-900 høgdemeter.

Men eg klarte det! 1.710,6 meter over havet. Etter lunsjpause nummer to var det å starte på nedstigninga. Og det var også ei utfordring. Og dagane derpå går eg med stive lår og leggar, men det går vel også over.

Vêret var vi også heldige med. I går kveld kom tyfon nr 26. Her i Matsue var det berre litt kraftig vind og regn, men lenger nord i landet har han gjort mykje skade. På nyheitene for nokre timar sidan melde dei om mange jordras på grunn av regnet. Berre på nokre timar hadde det vore dobbelt så mykje nedbør som er vanleg i heile oktober månad. 16 var funne omkomne, over 40 sakna og over 80 skadde, så talet på omkomne kjem nok til å stige. Det er tragisk. Hausten er i aller høgste grad fylt av kontrastar.

Her er Kari Opperud sin versjon av Daisen-turen:
http://kariopperud.wordpress.com/2013/10/16/en-drom-oppfylt-til-topps-pa-daisen/

Wednesday, October 2, 2013

Ein litt annleis arbeidsdag

Idag har eg sysla litt med noteskriving. Det er eit nitidig arbeid, som krev konsentrasjon når det skal gjerast på gamlemåten, for hand. Først med blyant, og så med svart penn. Er det nokon som utan vidare berre ved å sjå på notane kjenner att siste del av ein julesong?

Sist søndag starta vi oppatt med "julekoret", som er eit felleskor for alle kyrkjene i byen, frå pinsevennar og lutheranarar til katolikkar, for å formidle bodskapen om frelsaren Jesus til folk som bur i Matsue. Konserten er 7. desember.

Plakatane var ferdige allereie tidleg i september.


Her er vi igong med første øvinga. Det tek litt tid å finne den gode klangen igjen, men det var ein god start. Eg gler meg spesielt over fire nye, gode songarar frå Arashima kyrkje.

Vi er to dirigentar som deler på oppdraget. Ho som dirigerer på biletet, arbeider i ei kyrkje i bydelen Kitahori. Gjennom ein medlem i kyrkja har ho møtt ein student ved universitetet som spelar trompet, og som gjerne vil vere med og akkompagnere. Og så har han fått med seg ei veninne, også, så då får vi to trompetar! Ingen av dei er kristne, men musikken kan vere ein måte å få kontakt på, og kanskje seinare blir dei med på Bible Club eller andre arrangement, også.

Eg har gått og pønska litt på korleis det vil klinge med to trompetar ilag med koret på "O helga natt." Ja, for det stemmer at det er den noten eg har arrangert trompetstemmer til. Det vil seie, den eine spelar melodien, medan den andre kompar. Eg er spent på korleis det vil høyrest ut i praksis, ikkje berre på papiret. Og så satsar eg på at trompetane er stemt i Bb... Ein annan positiv ting er at eg har fått bekrefta at den eine trompetisten har vore med og sunge tenor på Händel's "Messias" i koret ved universitetet, så han kan truleg hjelpe oss i mangel på tenorar! For på "Hallelujakoret" skal vi ikkje ha trompetar, men vi treng tøffe tenorar som kan gå opp på einstrøken A utan å høyrest anstrengt ut...

Ein annan ting som eg har jobba enno meir med i dag, er å skrive ut pianoarrangement for ein pianist som ikkje taklar så godt besifring. Ein ting er å spele det sjølv slik eg vil ha det, men å få det ned forståeleg på notelinjer er ikkje like enkelt. Men godt å få friske oppatt gammal lærdom...

Saturday, September 28, 2013

Fotomodell på eitt bein

Eg treff ofte på ei hegre eller to når eg er ute, men når eg stoppar og tek fram kameraet, lettar dei på vengane og flyg bort. Men i dag ettermiddag traff eg ei som gjerne ville bli fotografert.

Det var god temperatur å sykle til kyrkje idag. Ikkje for varmt, og ikkje for kaldt. Ved ein elvekant sat denne hegra og vagla på eitt bein. Eg fekk tatt bilete i fleire vinklar.

Det såg verkeleg ut som om ho var nysgjerrig på meg og lurte på kva eg dreiv med.


Flott fotomodell, ikkje sant?

- Skal du legge det ut på bloggen? høyrde eg plutseleg ei mannsstemme bak meg seie. Eg snur meg og lurer på kva slags forbipasserande dette er, og ser ein mann ifrå kyrkja sitje på sykkelen sin og smile. Det er veldig sjeldan eg treff kjentfolk når eg er ute, og det er også første gong eg har sett han på sykkel.
Eg spurde om eg kunne få ta eit bilete av han også til bloggen, men det var ikkje snakk om. Så då vart det heller eit bilete til av hegra, som ikkje hadde noko imot å bli fotografert.

Om det ikkje kom meir enn to songarar på gospeløvinga, hadde vi ei fin stund. I tillegg fekk eg meg ei lita naturoppleving på turen, og traff ein broder på sykkel.

I morgon er det søndag og kyrkjedag, med besøk av pastor Kawa frå Kanan, som skal preike og ha foredrag om diakoni. Deretter er det heim og ut igjen på første korøving for "julekoret", før eg skundar meg heim for å ta imot dei som kjem på lagsvenn-bibelgruppe. Middagsrestar frå Bible Club i går pluss eplekake i frysaren skal vere enkelt når alle elles har med seg litt mat kvar.

 God søndag!





Tuesday, September 24, 2013

"God, be with you, my friend"


Det har vore ein del avskjedar i det siste. To av utanlandsstudentane som har vore aktive både på Bible Club og på den internasjonale gudstenesta, har reist ifrå Matsue og Japan, og i følgje oppdateringar på Facebook er dei no trygt heime i sitt eige land, Brasil og Sri Lanka.

Heitor frå Brasil har vore her nøyaktig eitt år, men har fått oppleve mykje i løpet av den tida. Han trudde visst først han var komen til Kina, for på studentheimen der han budde, var det kinesiske studentar rundt han på alle kantar. Det var forresten ikkje-kristne studentar frå Kina som først fortalde Heitor om Bible club og tok han med der. Og på den siste International Evening Service han var med på, var det han sjølv som hadde fått med seg ei kinesisk kvinne som aldri hadde vore i ei kyrkje før.

På biletet ovanfor er det avskjed for Heitor på Bible Club den 13. september. Søndag den 15. hadde han ei helsing på kveldsgudstenesta.
- Eg kan ikkje anna enn å takke Gud. Han har gitt meg så mykje gjennom dette året i Japan. Ikkje minst har eg fått oppleve å finne søsken i trua. Vi er ein familie, sjølv om vi kjem frå forskjellige land, var helsinga hans til oss.


Den andre vi har tatt avskjed med, er Sansfica frå Sri Lanka. Ho har vore i Matsue i fem år og nettopp fullført doktorgraden i geokjemi, (eller kva det no heiter på norsk. )Ho har vore ei av leiarane av den internasjonale gudstenesta, og ho ville gjerne nytte siste sjansen til å leie gudstenesta, der ho også delte med oss eit sterkt vitnemål. Av og til kunne det også vere litt vanskeleg å skilje mellom rollene, som då ho sa: "No skal vi få ein song, - det vil seie, no skal de få synge ein song for meg..."
Det var Sølvi Helén Hopland sin song som vart helsinga vår til desse to:

God be with you, my friend!
God bless you, my friend!
He will lead you, he will use you,
He will never forsake you.
Your life is completely in his hand.

Sansfica fortalde korleis Gud hadde leia henne gjennom livet, og om tider då ho hadde kome på avstand frå Jesus, men fekk kome til han på nytt. Då ho fekk tilbodet om vidare studiar i Japan, ville ho ikkje. Ho ønska seg til eit engelskspråkleg land, men ikkje Japan! Men nokre ord frå ein professor gjorde at ho opplevde dette som eit kall frå Gud: "Gud gir ikkje to sjansar. Grip sjansen når du får han!"
Ho kom til Japan, men forstod ikkje heilt kva Gud ville med det. "Kvifor har du ført meg hit, Gud? Her er då ingen kristne! Kva vil du eg skal gjere her?

Eg hugsar framleis kor hoppande glad ho vart då vi møttest på eit "World Chat Party" på det internasjonale senteret. Ho møtte ein medkristen, og vart invitert til Bible Club. "Eg kjende meg levande att!" seier ho om korleis det var å byrje på Bible club og gå i kyrkja.

Det var også ei spesiell stund då vi fekk legge denne søstra og broren i Jesu hender. Ikuko frå Japan ber for Heitor, og Austin frå Nigeria ber for Sansfica. Velsigna band som bind Guds folk i saman her!

Sjølv om det framleis er sommarferie ved universitetet, og mange av dei faste var bortreist, var vi ein bra flokk likevel. Ei ungdomsskulejente som er blitt kjent med Heitor på Bible Club, hadde fått med seg både mora og bestemora, men bestemora ville ikkje vere med på biletet. Heller ikkje den kinesiske dama som Heitor hadde invitert.

 
Her skil dei store hav Guds folk i ymse land,
men bundne saman vert vi av dei sterke Andens band.


Sansfica fekk vi seie farvel til endå ein gong, på Bible Club sist fredag. Ho får med ei fargerik helsing ifrå venner både på Bible Club og den internasjonale kveldsgudstenesta.

Og med ein ny vri med japansk stil på fellesbiletet seier vi alle takk for fellesskapet, Sansfica!
Så får vi be om nye studentar som kjem og har bruk for eit kristent fellesskap, og som gjerne vil tene, slik som Sansfica og Heitor gjorde. Gjennom slike kan vi også nå ut til mange ikkje-kristne. 

God bless you

God be with you, my friend!
God bless you, my friend!
He will lead you, he will use you,
He will never forsake you.
Your life is completely in his hand.

He'll give you strength when you are worn out.
He'll give you courage when you're out of heart.
He'll send the spring when there is winter.
He'll be the Light when everything inside you is darkness.

God be with you, my friend!
God bless you, my friend!
He will lead you, he will use you,
He will never forsake you.
Your life is completely in his hand.

He'll set you free when you are tied up.
You will be carried when you're weary and faint.
He'll give you peace when you are frightened.
He'll fill your heart when everything inside you is emptiness.

When you can't even pray,
when you can't see your way.
He'll be the Light when everything inside you is darkness.

God be with you, my friend!
God bless you, my friend!
He will lead you, he will use you,
He will never forsake you.
Your life is completely in his hand.

Sølvi Helén Hopland

 


Monday, September 9, 2013

Tjue, tre eller to



Fredag 30. august var ein stor dag. To studentar som reiste til Yokohama og Tokyo for vidare studiar i april, kom tilbake til Matsue på besøk. Og mange kom på Bible Club den kvelden, nokre truleg mest for å treffe Kazuaki og Eri, men vi hadde også mange gode samtalar rundt Bibelen i fire smågrupper under bibelstudiet. Takk til Eri, Kaori, Heitor, Kazuaki og dei andre som laga middag til denne gjengen! Til middag var vi 18 personar, og to kom til bibelstudiet, så vi var 20 denne kvelden. Det merkast både på temperaturen og lydnivået...

Fredagskvelden var det ikkje så mykje ro til å prate med dei tilreisande, men under frukosten laurdags morgon hadde vi betre tid. Kazuaki bad både for maten og for Bible Club då eg spurde om han kunne be ei bordbøn. Kvelden før skreiv han i loggboka: "Eg er så glad for å vere tilbake. Eg håper verkeleg at Gud gjer noko på denne plassen. Eg vart kjend med Guds kjærleik her. Må Gud velsigne kvar enkelt som kjem hit, og må også Guds ord få ein sjanse til å nå dei som eg ikkje møtte i kveld."
Eri fortalde strålande at ho har funne nokon å lese Bibelen med, så ho har også Bible Club i Tokyo! Og i sommar bestemte ho seg for at også ho vil bli døypt, men ho har ikkje fått til å seie det til foreldra sine enno. La oss be for henne!

På gospeløvinga på laurdag ettermiddag siste dag i august var vi også fleire enn vi bruker å vere. Kazuaki vart med, og dei to ungdomsskulejentene som kjem på Bible Club kom også. Tidlegare har dei hatt klubbaktivitet på laurdagane, men sidan dei no er avgangselevar, har dei slutta på klubb for å konsentrere seg om lesing til opptaksprøver for vidaregåande. Men dei har tid til litt anna, også! Kaho framme til høgre var i ei kyrkje for første gong denne dagen.



 Dette er Arashima kyrkje. Der har dei starta opp med ungdomsgudsteneste ein gong i månaden frå kl 17.30. Eg var der første gongen i juli. Då var vi tre utanom presteparet. I august var eg heime på ferie, og då var det berre dei to. Dei gjennomførte gudstenesta, men sidan kona hadde høyrt samme preika på føremiddagen, viste presten henne berre powerpoint-presentasjonen, som ein kortversjon av preika.

 I går hadde dei iallfall ein deltakar i tillegg til seg sjølve. Presten Junichi Ishimaru er forsongar, programleiar, liturg og forkynnar, medan kona Aika spelar piano. Og eg prøvde så godt eg kunne å følgje med på songane. Vi song til og med tostemt av og til!

Eg hadde prøvd å få med meg ungdommar frå Matsue, men ingen kunne eller ville. Dotter til nokre medlemmer i Arashima hadde tidlegare sagt ho ville kome, men så vart ho bedt i bryllup til ei veninne akkurat samme dag... Men no har ho skrive datoen for november-gudstenesta inn i planane sine, så ho har lovd å komme då. (Oktober går ut pga basar mm).

Det var godt å sitje på gudsteneste og få servert utan å gjere noko sjølv, berre få ta imot. Og dei sa det var ei oppmuntring for dei sjølve, også, at eg kom. Det var iallfall auke i frammøtet frå gongen før...

Middag høyrer også med etter gudstenesta. På fredagane er eg mest opptatt av at det skal bli nok mat til alle, men i går fekk eg berre ta imot. Det gjorde godt både for kropp og sjel, og fellesskapet med dette presteparet set eg også pris på. Dei vil også støtte opp om den internasjonale gudstenesta i Matsue, og i desember har vi bestemt å slå dei to gudstenestene saman til ein skikkeleg julefest!

Det er vanskeleg å samle folk til kyrkje her i Japan, men det er ikkje alltid at talet på personar betyr så mykje:
"For der to eller tre er samla i mitt namn,  der er eg midt iblandt dei", seier Jesus. (Matt.18,20)
Då var iallfall Jesus der, også. Men be om at vi kan få med oss fleire!

Be også for førebuingane mine til preike i Arashima 15. september og den internasjonale gudstenesta i Matsue samme kveld. I morgon til onsdag skal eg på kurs på Hiruzen, og fredag skal eg tilbake dit på eit komitemøte, så be om at eg kan få nytte tida effektivt, og ikkje minst at eg får noko sjølv til å gi vidare!












Tuesday, September 3, 2013

Uformell velkomst for nye og "gamle"





 
Noko av det første du må lære for å overleve i Japan, er å få eit fast grep om pinnane.  Midt i styremøtet var vi med dei nye misjonærane og åt lunsj på ein bønnerestaurant nede i Kobe sentrum. Bønnerestaurant betyr ikkje at det er ein plass for å be, men at mykje av maten er laga av bønner.

David Theodor Thorsen (over) er den ferskaste av dei nye misjonærane. Han kom til landet i går og skal vere eittåring.

 Sonja og Johan Leirvik med sonen Mathias kom til Japan 21. august og har nettopp fått flytta inn i leilegheita og såvidt starta på språkskulen. Men dei er godt førebudde og har lært seg ein del japansk allereie før dei kom ut.

Og så har vi nokre "gamle" som er tilbake etter 10 år i Norge. Dette er Ruth og Gunnar Urstad. Gunnar er vår nye stedlige representant. Dei kom tilbake til Japan og Kobe i starten av august, ilag med yngste dottera Hanna Emilie, som har starta på internasjonal skule. Det er veldig kjekt å ha dykk tilbake her!!

Liv Bakke i midten er no den som har lengst fartstid av oss på feltet. Ingebjørg Hildre til venstre har også lang erfaring som misjonær. Johanna Tervonen til høgre er finsk, utsendt frå FLOM, og er ute i sin første periode.

Leifur Sigurdsson er einaste islendingen blant oss, og har tatt over sekretærjobben i styret. Så no er eg blitt nestleiar i staden. Så lenge Liv held seg frisk, er det ein lett jobb å vere nestleiar. Men likevel tek det på å sitje på styremøte i tilsaman 6 1/2 time, sjølv med ein to timars lunsjpause ilag med dei nye misjonærane.

Vi har også fleire misjonærar som ikkje var med idag, men dei får eg heller presentere ved eit anna høve.

Tuesday, August 27, 2013

Ein sommarferie er forbi

I morgon er det allereie ei veke sidan eg reiste frå Gardermoen tilbake til Japan, etter omlag ein månad i Norge. Eg har starta på ein ny "haust", sjølv om det er langt frå hausttemperaturar her.
Først eit lite tilbakeblikk på sommaren i Norge:

Lange, lyse kveldar


  Fine fjellturar
Gudsteneste på norsk i heimekyrkja
Gjensyn med tidlegare eittåringar/halvåring
Japansk mat med venner
Møte med snåle dyr
Bli henta av ei 50 år gammal boble i Oslo
21.8: Farvel til Oslo og Norge for denne gongen...
22.8: Slik ser skyene ut høgt over Osaka
Etter ei god natt i Kobe, kom eg tilbake til Matsue fredag 23.8. Etter eit par timar heime hos meg sjølv var eg ut og åt indisk mat ilag med Bible Club-folk.

Sjølve Bible Club hadde vi istaden på laurdag ettermiddag. Brunosten eg hadde med i kofferten, vart gjort stas på!

Første søndag på jobb var i Izumo. Åkrane kvitnar mot hausten. No er det tid til å byggje Guds rike. Ingen må ledige stå. Medan eg gjekk tur rundt risåkrane ved kyrkja, dukka fleire strofer frå denne songen av Haldis Reigstad. Men det var eitt ord eg ikkje kom på, som eg måtte tygge på heilt til eg kom heim og fann teksten: "Berga for himlen den ____________ grøda". Finn du ordet som passar her?


Åkrane kvitnar mot hausten.
No er det tid til å gå.
No er det tid til å byggja Guds rike,
ingen må ledige stå.
No er det tid til å gå.

No er det tid til å hausta.
Gå på Guds åker i dag.
Berga for himlen den kostbare grøda.
Kallet frå Gud står ved lag:
Gå på Guds åker i dag.

Tindrande klårt talar Ordet:
Ber denne bodskapen ut
Enno står døra til himmelen open,
vend dykkar hjarto til Gud.
Ber denne bodskapen ut.

Åkrane kvitnar mot hausten.
Himmelens rike er nær.
Han som er sanninga, vegen og livet,
mønstrar med kjærleik sin hær.
Himmelens rike er nær.


(S 97 Nr. 112 Haldis Reigstad 1990)
 

"Berga for himlen den KOSTBARE grøda!"