Saturday, September 28, 2013

Fotomodell på eitt bein

Eg treff ofte på ei hegre eller to når eg er ute, men når eg stoppar og tek fram kameraet, lettar dei på vengane og flyg bort. Men i dag ettermiddag traff eg ei som gjerne ville bli fotografert.

Det var god temperatur å sykle til kyrkje idag. Ikkje for varmt, og ikkje for kaldt. Ved ein elvekant sat denne hegra og vagla på eitt bein. Eg fekk tatt bilete i fleire vinklar.

Det såg verkeleg ut som om ho var nysgjerrig på meg og lurte på kva eg dreiv med.


Flott fotomodell, ikkje sant?

- Skal du legge det ut på bloggen? høyrde eg plutseleg ei mannsstemme bak meg seie. Eg snur meg og lurer på kva slags forbipasserande dette er, og ser ein mann ifrå kyrkja sitje på sykkelen sin og smile. Det er veldig sjeldan eg treff kjentfolk når eg er ute, og det er også første gong eg har sett han på sykkel.
Eg spurde om eg kunne få ta eit bilete av han også til bloggen, men det var ikkje snakk om. Så då vart det heller eit bilete til av hegra, som ikkje hadde noko imot å bli fotografert.

Om det ikkje kom meir enn to songarar på gospeløvinga, hadde vi ei fin stund. I tillegg fekk eg meg ei lita naturoppleving på turen, og traff ein broder på sykkel.

I morgon er det søndag og kyrkjedag, med besøk av pastor Kawa frå Kanan, som skal preike og ha foredrag om diakoni. Deretter er det heim og ut igjen på første korøving for "julekoret", før eg skundar meg heim for å ta imot dei som kjem på lagsvenn-bibelgruppe. Middagsrestar frå Bible Club i går pluss eplekake i frysaren skal vere enkelt når alle elles har med seg litt mat kvar.

 God søndag!





No comments:

Post a Comment