Monday, September 9, 2013

Tjue, tre eller to



Fredag 30. august var ein stor dag. To studentar som reiste til Yokohama og Tokyo for vidare studiar i april, kom tilbake til Matsue på besøk. Og mange kom på Bible Club den kvelden, nokre truleg mest for å treffe Kazuaki og Eri, men vi hadde også mange gode samtalar rundt Bibelen i fire smågrupper under bibelstudiet. Takk til Eri, Kaori, Heitor, Kazuaki og dei andre som laga middag til denne gjengen! Til middag var vi 18 personar, og to kom til bibelstudiet, så vi var 20 denne kvelden. Det merkast både på temperaturen og lydnivået...

Fredagskvelden var det ikkje så mykje ro til å prate med dei tilreisande, men under frukosten laurdags morgon hadde vi betre tid. Kazuaki bad både for maten og for Bible Club då eg spurde om han kunne be ei bordbøn. Kvelden før skreiv han i loggboka: "Eg er så glad for å vere tilbake. Eg håper verkeleg at Gud gjer noko på denne plassen. Eg vart kjend med Guds kjærleik her. Må Gud velsigne kvar enkelt som kjem hit, og må også Guds ord få ein sjanse til å nå dei som eg ikkje møtte i kveld."
Eri fortalde strålande at ho har funne nokon å lese Bibelen med, så ho har også Bible Club i Tokyo! Og i sommar bestemte ho seg for at også ho vil bli døypt, men ho har ikkje fått til å seie det til foreldra sine enno. La oss be for henne!

På gospeløvinga på laurdag ettermiddag siste dag i august var vi også fleire enn vi bruker å vere. Kazuaki vart med, og dei to ungdomsskulejentene som kjem på Bible Club kom også. Tidlegare har dei hatt klubbaktivitet på laurdagane, men sidan dei no er avgangselevar, har dei slutta på klubb for å konsentrere seg om lesing til opptaksprøver for vidaregåande. Men dei har tid til litt anna, også! Kaho framme til høgre var i ei kyrkje for første gong denne dagen.



 Dette er Arashima kyrkje. Der har dei starta opp med ungdomsgudsteneste ein gong i månaden frå kl 17.30. Eg var der første gongen i juli. Då var vi tre utanom presteparet. I august var eg heime på ferie, og då var det berre dei to. Dei gjennomførte gudstenesta, men sidan kona hadde høyrt samme preika på føremiddagen, viste presten henne berre powerpoint-presentasjonen, som ein kortversjon av preika.

 I går hadde dei iallfall ein deltakar i tillegg til seg sjølve. Presten Junichi Ishimaru er forsongar, programleiar, liturg og forkynnar, medan kona Aika spelar piano. Og eg prøvde så godt eg kunne å følgje med på songane. Vi song til og med tostemt av og til!

Eg hadde prøvd å få med meg ungdommar frå Matsue, men ingen kunne eller ville. Dotter til nokre medlemmer i Arashima hadde tidlegare sagt ho ville kome, men så vart ho bedt i bryllup til ei veninne akkurat samme dag... Men no har ho skrive datoen for november-gudstenesta inn i planane sine, så ho har lovd å komme då. (Oktober går ut pga basar mm).

Det var godt å sitje på gudsteneste og få servert utan å gjere noko sjølv, berre få ta imot. Og dei sa det var ei oppmuntring for dei sjølve, også, at eg kom. Det var iallfall auke i frammøtet frå gongen før...

Middag høyrer også med etter gudstenesta. På fredagane er eg mest opptatt av at det skal bli nok mat til alle, men i går fekk eg berre ta imot. Det gjorde godt både for kropp og sjel, og fellesskapet med dette presteparet set eg også pris på. Dei vil også støtte opp om den internasjonale gudstenesta i Matsue, og i desember har vi bestemt å slå dei to gudstenestene saman til ein skikkeleg julefest!

Det er vanskeleg å samle folk til kyrkje her i Japan, men det er ikkje alltid at talet på personar betyr så mykje:
"For der to eller tre er samla i mitt namn,  der er eg midt iblandt dei", seier Jesus. (Matt.18,20)
Då var iallfall Jesus der, også. Men be om at vi kan få med oss fleire!

Be også for førebuingane mine til preike i Arashima 15. september og den internasjonale gudstenesta i Matsue samme kveld. I morgon til onsdag skal eg på kurs på Hiruzen, og fredag skal eg tilbake dit på eit komitemøte, så be om at eg kan få nytte tida effektivt, og ikkje minst at eg får noko sjølv til å gi vidare!












No comments:

Post a Comment