Wednesday, October 16, 2013

Til fjells

Det høgste fjellet i området her ligg på 1.710, 6 m.o.h., ganske nøyaktig. Dette biletet tok eg på veg til misjonærsamling på Hiruzen sist fredag. Samme kveld la eg det ut på Facebook med kommentaren: "På måndag skal eg prøve å nå toppen."
På Hiruzen var det blitt haust. Hiruzen ligg ca 500 m.o.h. Frå fredag til søndag hadde vi samling for misjonærane. Det er vel første gong i historia vi har hatt "frihelg" ilag utanom feriane. Det var iallfall fri bort ifrå vanleg arbeid, men det var ikkje berre fritid som stod på programmet. Vi hadde samlingar rundt tema som teamarbeid, åndeleg og sosialt fellesskap m.m., og vi hadde bibeltime og nattverdmøte.

Her har vi dei fleste i misjonærflokken saman med nokre gjestar.  
På søndag ettermiddag gjorde dei fleste seg klare til å køyre heim. Denne karen ser ut som om han vil vere på Hiruzen ei stund til.
Bilen har eit merke for nybyrjarar. Sidan eigaren av bilen har vore i Norge så lenge at det japanske førarkortet var gått ut, må han byrje på nytt.

Hiruzen er også ein flott plass for sykling.
Fem av oss var over til måndag og køyrde til Daisen, fjellet som Kari og eg køyrde forbi på fredagen på veg til Hiruzen. Måndag er vanlegvis fridag for misjonærar, men denne dagen var også nasjonal fridag, den årlege sportsdagen, så det var mange japanarar også i fjellet.

Klar, ferdig, gå! Her er gjengen klar. F.v. David Thorsen (eittåring), Liv Bakke, Johanna Tervonen og Kari Opperud.

Vi måtte ha mange drikke- og sjokoladepausar undervegs. Denne kvikklunsjen fann i kjøleskapet mitt før eg reiste. Truleg gåve frå gjestar tidlegare i år.

Det var for optimistisk å vente med lunsjen til vi var på toppen, for det tok si tid. Bratt og tungt, men opp skal vi!

Sjølv om det var knallblå himmel rett over oss, var det ganske disig, så eg kunne ikkje sjå heimatt til Matsue. Midt i biletet er truleg mot Yonago og Japanhavet, og Matsue ligg til venstre eller kanskje utanfor biletet. På klare dagar kan vi sjå toppen av Daisen ifrå Matsue.

Det nærmar seg...

Det byrjar å flate ut, og frå no av kan vi gå på plankar i staden for å gå i trapper. Sjølv om turen eigentleg berre var 2,6 km frå parkeringsplassen, tok det si tid å gå 800-900 høgdemeter.

Men eg klarte det! 1.710,6 meter over havet. Etter lunsjpause nummer to var det å starte på nedstigninga. Og det var også ei utfordring. Og dagane derpå går eg med stive lår og leggar, men det går vel også over.

Vêret var vi også heldige med. I går kveld kom tyfon nr 26. Her i Matsue var det berre litt kraftig vind og regn, men lenger nord i landet har han gjort mykje skade. På nyheitene for nokre timar sidan melde dei om mange jordras på grunn av regnet. Berre på nokre timar hadde det vore dobbelt så mykje nedbør som er vanleg i heile oktober månad. 16 var funne omkomne, over 40 sakna og over 80 skadde, så talet på omkomne kjem nok til å stige. Det er tragisk. Hausten er i aller høgste grad fylt av kontrastar.

Her er Kari Opperud sin versjon av Daisen-turen:
http://kariopperud.wordpress.com/2013/10/16/en-drom-oppfylt-til-topps-pa-daisen/

2 comments:

  1. Så flott!

    Og for ein tur Inger :-)

    klem frå Sigrid

    ReplyDelete
  2. Jaudå, det var litt av ein tur, men greitt å kunne seie eg har vore der, sjølv om det gjekk ei veke før gangsperra var heilt vekke!
    Kan ikkje seie det freistar til årleg gjentaking, akkurat...

    ReplyDelete