Wednesday, November 21, 2012
Tverrkyrkjeleg gledesdag
Kazuaki hadde bestemt seg for at han ikkje skulle bli ein kristen. Grunnen til at han byrja å lese Bibelen, var at han ville finne ut kvifor han ikkje likte kristendommen. Men mykje har forandra seg i det siste. Han har sett at han har bruk for Jesus.
- Hadde det ikkje vore for at Jesus døydde på korset for å sone syndene mine, hadde eg ikkje blitt ein kristen. Ja, då kunne eg ikkje ha blitt ein kristen, sa han i vitnemålet sitt, som var grundig førebudd.
Dersom han skulle bli døypt, ville han gjerne at det skulle skje på Bible Club, med meg som "prest", men av fleire årsaker var ikkje det aktuelt. Den siste tida har han gått i Matsue Gospel Church, som ikkje har sitt eige kyrkjebygg, men leiger lokale i eit kommunalt bygg. Og i desse lokala har dei ikkje dåpsbasseng, så då har dei dåp i havet.
Venner frå fleire kyrkjelydar og fleire land var møtt opp for å vere med på dåpen på søndag morgon før kyrkjetid. Av påkledninga til desse kan ein berre gjette kva temperaturen var i sjøen. På land var det 12 grader... Så Kazuaki angra kanskje på at han ikkje tok valet litt tidlegare, før sjøen vart så kald...
Pastor Ikutake, som var pastor i Matsue Gospel Church fram til denne våren, var komen heilt ifrå Himeji for å foreta dåpshandlinga. Her les han dåpsbodet frå Matt. 28, 18-20, medan Scott er overalt og fotograferer (også på biletet over).
Her er heile flokken ved badestranda, som ikkje freista akkurat til noko vanleg bad idag. Men Kazuaki, evangelisten og pastoren trassa bølgjer og kulde for eit nådebad.
"I namnet til Faderen, Sonen og Den Heilage Ande..."
Heile dåpshandlinga kan de sjå på videoen nedanfor:
Kazuaki's Baptism in the Sea of Japan from Scott Menking on Vimeo.
Eg hadde preikeoppdrag i Arashima, og køyrde rett ifrå stranda og til kyrkja. Gudstenesta var blitt utsett 15 minutt for at eg skulle rekke det, og eg kom der omtrent fem minutt før. Etter gudstenesta køyrde eg tilbake til Matsue for å vere med på feiringa av Kazuaki, med god mat og mange helsingar.
Her er det ikkje slik at dei som vil ha ordet, melder seg, men alle skal seie litt. Også to ikkje-kristne studentar hadde ei helsing.
Denne jenta er med på Bible Club, og går også ofte på gudsteneste. Denne dagen var ho med heilt frå dåpen om morgonen til den internasjonale gudstenesta i vår kyrkje om kvelden. Og ho hadde stått opp klokka 6 den morgonen for å lage småkaker til festen.
Om kvelden var det vår tur i den lutherske kyrkja å feire Kazuaki. På International Evening Service har han vore ein av dei trufaste. Her held han vitnemål for andre gong denne dagen.
Men til skilnad frå vitnemålet i si eiga kyrkje på føremiddag, prøvde han her å snakke spesielt til ikkje-kristne. Sjølv om det var litt skuffande at det var berre ei ikkje-kristen som kom, trur eg det betydde noko for henne. Men eg skulle ønskje at fleire kom av dei som var inviterte.
Men det er ikkje så verst å samle så mange kristne frå 7 ulike nasjonar, heller. Berre fem av oss er lutheranarar, men vi kan lovsyngje den samme Herre.
Det er mange som har vore med og bedt for Kazuaki, både i Norge, i USA, Japan og kanskje andre land også, og mange har sådd og planta Guds ord i hjarta hans. Andre har vatna. Så vart det ikkje vår kyrkje som fekk hauste den direkte frukta denne gongen, men vi kan likevel glede oss med dei.
"Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst."
1. Kor. 3, 5-7
Det ser også ut som om folk sette pris på kaka eg hadde laga. Det er ikkje så ofte vi har dåp her, så vi må gjere litt stas på dei!
No gjeld det å sjå framover og førebu desember. Tre nye preikeoppdrag ventar, og den store julekonserten nærmar seg, også, med berre to øvingar att. Det gjeld å få på plass stemmene og finpusse. Særleg er eg spent på "Hallelujakoret", som eg har tatt på meg å dirigere i år igjen.
Be om at mange må få invitasjon og bli med på konserten!
(Klikkar du på konsertprogrammet, blir det større)
Wednesday, November 14, 2012
Minne frå Taiwanleiren
Eg fann denne videoen på Facebook nettopp. Godt med gode minne frå varme dagar i Taipei når eg sit her framfor varmeomnen og småfrys på føtene!
Tuesday, November 6, 2012
Korleis skal dette ende?
Høgdepunktet kvar veke er utan tvil fredagskveldane med Bible Club. Det krev ein del energi for å lade opp til ein kveld med over 20 deltakarar, og det tek også litt krefter å rydde opp etterpå, sjølv om dei er flinke til å hjelpe til. Og Gud har sørga for kokehjelp også dei tre siste fredagane.
Det er ikkje eg som har gjort noko særleg for å få med nye studentar, men dei sjølve inviterer med seg venner. Dei to siste fredagane har vi vore 21 og 22 her, og då blir det ganske trangt. Lydnivået blir også ganske høgt etterkvart sjølv om eg prøver å hysje ned av og til. Heldigvis bur det ingen verken over eller under meg, og berre i den eine leiligheita vegg i vegg bur der nokon, men dei har restaurant og jobbar ofte seint. Og no skal dei flytte om eit par veker. Eg håper ikkje det er på grunn av meg at folk flyttar ut... Så er det nokon som treng hus, tek eg gjerne imot nye naboar!
To koreanske jenter tilbaud seg å lage koreansk mat sist fredag, og dei fekk hjelp av ei japansk veninne ( i midten). Det er kjekt når dei melder seg til teneste sjølve, og maten gjekk unna. Eg måtte koke to omgangar i riskokaren som tek 10 koppar, for det var ikkje nok. No har eg fått lov av sjølvaste stedlig representant til å kjøpe ein ekstra riskokar, for dette er vel misjonsarbeid. Eg trur ingen blir "riskristne" berre fordi dei får kjøpt seg billig middag her. Det ser ut som om det er andre grunnar til at dei kjem.
Etter at vi har fått rydda unna etter middagen, er det tid for dagens leksjon, og gjerne med litt repetisjon ifrå sist, for nokre gjekk glipp av førre leksjon. Etter ei fellessamling deler vi oss i mindre grupper, der fleire får sleppe til. Her er nokre av refleksjonane studentane skreiv i loggboka 2. september:
- Eg har lært mykje av Gud og av kvar enkelt her. Takk! (kinesisk jente)
- Dersom eg har tid, vil eg gjerne komme kvar veke. (kinesisk jente som kom for første gong)
- Eg lurer på kvifor Gud ga dei første menneska eit bod dei skulle følgje. Var det for å gi dei eit val? (japansk jente)
- Spørsmålet mitt er kvifor Gud skapte mannen først og ikkje kvinna... (japansk jente)
- Kvar gong eg er med på Bible Club, får det meg til å tenkje djupt over livet mitt. (japansk jente)
Det rører seg forskjellig inne i ungdommane, og eg håper Bible Club er ein plass dei kan få hjelp til å snakke ilag om viktige ting i livet. No har eg også oppretta ei gruppe på Facebook der ungdommane kan utveksle tankar og spørsmål dersom dei ønskjer det.
Men korleis skal dette ende dersom nye stadig vekk kjem, og huset blir sprengfullt? Ei kinesisk kristen jente sa det slik: "Du treng ikkje å bekymre deg, for då vil Gud også gi deg eit større hus!"
Plass har eg vel framleis, for studentane klarer seg med å sitje på golvet. Det eg treng mest no, er nokon til å lage mat og ordne med det praktiske. Skal eg våge å lufte behovet i kyrkja? Etter kvart håper eg at også dei kristne studentane kan ta ansvar som gruppeleiarar.
På veg oppover til Hiruzen var Daisen-fjellet med nysnø på toppen eit nydeleg syn.
På laurdag ettermiddag tok Igi-brørne oss med på sykkeltur.
November er ei fin årstid her, berre det ikkje er for kaldt. Her er mykje fine fargar og god luft.
Om kvelden var det tid for leik, fellesskap og bibelundervisning, både på engelsk og japansk.
Nokre hadde også Bibelen på norsk. Tema for leiren var "Ein for alle" med undertema "Ein gong for alle" og "Alle for ein". Liksom alle vart syndarar fordi Adam var ulydig, kan alle bli rettferdiggjorte fordi den eine (Kristus) var lydig. Frå Hebrearbrevet lærte vi om kva det betyr at Jesus er vår øvsteprest, som ber syndene våre på sine skuldrar og som ber namna våre på sitt hjarte. Og som avslutning på leiren vart utfordringa gitt til å leve for han som døydde og stod opp igjen for oss. Gud kallar arbeidarar til sin vingard også i dag.
Søndag føremiddag var vi med på gudsteneste i Hiruzen kyrkje, der seminarstudent Seima talte.
På leiren var det deltakarar både frå Norge, Sverige og Finland i tillegg til japanarane. Eli på biletet budde i Japan som lita, og er no tilbake som halvtåring i NMS.
Vi var ikkje så stor forsamling, men det var iallfall ein positiv gjeng. Bortsett frå oss tre i leiarteamet, var alle dei andre nye i forhold til dei som var med på leiren i fjor. Neste gong vi satsar på ungdommar, er på Snow Fun Camp 15.-17. februar. Så ver med og be om at eg kan fylle opp bilen av studentar til neste leir, og at også fleire ikkje-kristne blir med. I mellomtida har vi Bible Club kvar veke og internasjonal kveldsgudsteneste ein gong i månaden.
Korleis skal dette ende?
Be gjerne om krefter, pågangsmot og visjonar for arbeidet blant ungdommane.

Internasjonal leir på Hiruzen
Denne laurdagen var det ikkje tid til å slappe av etter ein sein fredagskveld, for eg skulle vere med som leiar og talar på den årlege internasjonale weekenden på Hiruzen Bible Camp. Dessverre fekk eg ikkje med meg ein einaste student dette året, men ei som jobbar som sjukepleiar, hadde fått fri i helga og gledde seg til å vere med til Hiruzen, der ho ikkje hadde vore på leir på 16 år!På veg oppover til Hiruzen var Daisen-fjellet med nysnø på toppen eit nydeleg syn.
På laurdag ettermiddag tok Igi-brørne oss med på sykkeltur.
November er ei fin årstid her, berre det ikkje er for kaldt. Her er mykje fine fargar og god luft.
Om kvelden var det tid for leik, fellesskap og bibelundervisning, både på engelsk og japansk.
Nokre hadde også Bibelen på norsk. Tema for leiren var "Ein for alle" med undertema "Ein gong for alle" og "Alle for ein". Liksom alle vart syndarar fordi Adam var ulydig, kan alle bli rettferdiggjorte fordi den eine (Kristus) var lydig. Frå Hebrearbrevet lærte vi om kva det betyr at Jesus er vår øvsteprest, som ber syndene våre på sine skuldrar og som ber namna våre på sitt hjarte. Og som avslutning på leiren vart utfordringa gitt til å leve for han som døydde og stod opp igjen for oss. Gud kallar arbeidarar til sin vingard også i dag.
Søndag føremiddag var vi med på gudsteneste i Hiruzen kyrkje, der seminarstudent Seima talte.
På leiren var det deltakarar både frå Norge, Sverige og Finland i tillegg til japanarane. Eli på biletet budde i Japan som lita, og er no tilbake som halvtåring i NMS.
Vi var ikkje så stor forsamling, men det var iallfall ein positiv gjeng. Bortsett frå oss tre i leiarteamet, var alle dei andre nye i forhold til dei som var med på leiren i fjor. Neste gong vi satsar på ungdommar, er på Snow Fun Camp 15.-17. februar. Så ver med og be om at eg kan fylle opp bilen av studentar til neste leir, og at også fleire ikkje-kristne blir med. I mellomtida har vi Bible Club kvar veke og internasjonal kveldsgudsteneste ein gong i månaden.
Korleis skal dette ende?
Be gjerne om krefter, pågangsmot og visjonar for arbeidet blant ungdommane.
Tuesday, October 23, 2012
- Kvar er du ifrå?
Det dukkar stadig opp nye ansikt denne hausten. Sist fredag spurde studentane etter atlas. Dei måtte finne ut kvar dei andre kom ifrå. For første gong har vi hatt bibeltekstar også på portugisisk og indonesisk. Denne kvelden hadde vi i tillegg japansk, engelsk, kinesisk og koreansk.
Ei kinesisk jente som var her for første gong to veker tidlegare, sende meg ei melding dagen før Bible club: "Eg vil ta med ei kinesisk jente og ein student frå Brasil. Er det greitt?"
Det viste seg at studenten ifrå Brasil var ein kristen, med bakgrunn i baptistkyrkja. Men han hadde enno ikkje funne noko kyrkje i Matsue. Så han var så glad for å komme hit og å treffe andre kristne studentar, som inviterte han med til kyrkje.
Ein norsk atlas kom godt med når studentane skulle prøve å plassere kvarandre.
Denne kvelden var det fire kinesiske ungdommar her. Ei av dei for første gong.
Ei kristen jente frå Indonesia har vore her ifrå april, men no hadde vi endeleg fått kontakt. Ho har vore leiar i det kristne studentlaget i Indonesia, og ho vil gjerne vere med også i bibelstudiegruppa ved universitetet. Det som er litt interessant, er at både ho og den brasilianske studenten meistrar det japanske språket betre enn engelsk. Så det er ikkje alltid at engelsk er det beste språket å kommunisere på.
Folk frå forskjellige land har visst også ulik kroppstemperatur. Slik ser det iallfall ut her. Nokre frys, medan andre har det varmt i T-skjorte.
Denne kvelden starta vi eit nytt studiehefte "Who is God?" (Kven er Gud). Vi starta med skapingsforteljinga i 1.Mos. 1. Eg siterer nokre kommentarar ifrå loggboka:
Idag har eg vore på eit college og møtt to engelskklasser. Studentane spurde meg ut om Norge, og eg fekk også fortelje om kvifor eg er i Matsue og kva eg gjer. Etterpå åt eg lunsj ilag med nokre av studentane. Ei av dei er faktisk kristen og medlem i Yonago lutherske kyrkje. Ho og ei jente til sa dei vil komme allereie denne fredagen, og fleire verkar interesserte i å komme seinare. Takk til Carmella som inviterte meg!
Dette veks meg snart over hovudet, så av og til lurer eg på om eg skal be folk slutte å be, men lat oss heller be om fleire medhjelparar. Eg har ikkje våga å nemne det i kyrkja om nokon kunne hjelpe meg med matlaging, for eg reknar med at dei som har familie, må vere heime og lage mat til familien. Men kanskje eg er litt for forsiktig? Då er eg iallfall over i neste tema:
Under "kyrkjekaffien" (her drikk vi te) gjekk praten. Det var fint å sjå ei blanda forsamling av unge og vaksne, kristne og ikkje-kristne, lutheranarar og ikkje-lutheranarar.
Jenar frå Indonesia og Sansfica frå Sri Lanka er begge fine kristne jenter, som gjerne hjelper til.
Her er tre medlemmer frå Matsue lutherske kyrkje. "Dette var kjekt!" sa denne kona før ho gjekk heim. Kanskje ho neste gong også vil tilby seg å hjelpe til med noko? Iallfall var det ei stor oppmuntring for meg at folk stilte opp.
Du som ber til Gud, kan gjerne fortsetje å be om at vi som kyrkje i lag kan arbeide for å nå ut til studentar og andre i lokalmiljøet. Og at også Bible club kunne bli meir inkludert i kyrkja sitt arbeid...
Ei kinesisk jente som var her for første gong to veker tidlegare, sende meg ei melding dagen før Bible club: "Eg vil ta med ei kinesisk jente og ein student frå Brasil. Er det greitt?"
Det viste seg at studenten ifrå Brasil var ein kristen, med bakgrunn i baptistkyrkja. Men han hadde enno ikkje funne noko kyrkje i Matsue. Så han var så glad for å komme hit og å treffe andre kristne studentar, som inviterte han med til kyrkje.
Ein norsk atlas kom godt med når studentane skulle prøve å plassere kvarandre.
Denne kvelden var det fire kinesiske ungdommar her. Ei av dei for første gong.
Ei kristen jente frå Indonesia har vore her ifrå april, men no hadde vi endeleg fått kontakt. Ho har vore leiar i det kristne studentlaget i Indonesia, og ho vil gjerne vere med også i bibelstudiegruppa ved universitetet. Det som er litt interessant, er at både ho og den brasilianske studenten meistrar det japanske språket betre enn engelsk. Så det er ikkje alltid at engelsk er det beste språket å kommunisere på.
Folk frå forskjellige land har visst også ulik kroppstemperatur. Slik ser det iallfall ut her. Nokre frys, medan andre har det varmt i T-skjorte.
Denne kvelden starta vi eit nytt studiehefte "Who is God?" (Kven er Gud). Vi starta med skapingsforteljinga i 1.Mos. 1. Eg siterer nokre kommentarar ifrå loggboka:
- Eg skulle ønskje eg hadde kome hit før. (koreanar)
- Krafta i Guds ord er stor. (kinesar)
- Guds makt er så stor at vi menneske ikkje kan forestille oss den, men Gud vil sikkert lære oss noko gjennom det vi ikkje kan forstå. (kinesar)
- Gud skapte alle ting! (japanar)
- Det er første gong eg har lese i GT. Det var veldig interessant. (koreanar)
Idag har eg vore på eit college og møtt to engelskklasser. Studentane spurde meg ut om Norge, og eg fekk også fortelje om kvifor eg er i Matsue og kva eg gjer. Etterpå åt eg lunsj ilag med nokre av studentane. Ei av dei er faktisk kristen og medlem i Yonago lutherske kyrkje. Ho og ei jente til sa dei vil komme allereie denne fredagen, og fleire verkar interesserte i å komme seinare. Takk til Carmella som inviterte meg!
Dette veks meg snart over hovudet, så av og til lurer eg på om eg skal be folk slutte å be, men lat oss heller be om fleire medhjelparar. Eg har ikkje våga å nemne det i kyrkja om nokon kunne hjelpe meg med matlaging, for eg reknar med at dei som har familie, må vere heime og lage mat til familien. Men kanskje eg er litt for forsiktig? Då er eg iallfall over i neste tema:
Misjonæren sitt arbeid, eller kyrkja sitt?
Søndag 21.oktober var det igjen internasjonal kveldsgudsteneste i den lutherske kyrkja. Eg har fått ein kjerne av kristne utanlandsstudentar og japanarar som hjelper til, men hittil har eg ikkje opplevd så mykje støtte ifrå vår kyrkje sine folk. Sidan vi starta opp desse gudstenestene i april, har det ikkje vore vedtatt på noko årsmøte, så eg tok motet til meg og tok det opp på siste menighetsrådsmøte om dette er noko kyrkja vil at vi skal halde fram med. Då fann styremedlemmene ut at då må dei no komme og sjå kva som foregår. Eg oppmoda dei til å komme og vere med i fellesskapet. På biletet ovanfor er det ein student frå Nigeria som les bibelteksten på engelsk, medan eit medlem av kyrkja vår står klar med den japanske Bibelen.Under "kyrkjekaffien" (her drikk vi te) gjekk praten. Det var fint å sjå ei blanda forsamling av unge og vaksne, kristne og ikkje-kristne, lutheranarar og ikkje-lutheranarar.
Her er tre medlemmer frå Matsue lutherske kyrkje. "Dette var kjekt!" sa denne kona før ho gjekk heim. Kanskje ho neste gong også vil tilby seg å hjelpe til med noko? Iallfall var det ei stor oppmuntring for meg at folk stilte opp.
Du som ber til Gud, kan gjerne fortsetje å be om at vi som kyrkje i lag kan arbeide for å nå ut til studentar og andre i lokalmiljøet. Og at også Bible club kunne bli meir inkludert i kyrkja sitt arbeid...
Monday, October 15, 2012
Glede i himlen
Sist fredag på Bible class kunne vi feire at ei av damene var blitt døypt søndagen før. Det er ikkje ofte vi har slike anledningar å feire her i Japan. Det er glede i himlen over ein syndar som vender om og tek imot Jesus. Det er dama sitjande framme i midten som var blitt døypt. (Foto: Akio Kajinishi)
Det eg ikkje visste denne føremiddagen, var at Gud hadde meir i vente for meg denne dagen.
Kazuaki kom litt seint til Bible Club denne kvelden. Etter at han hadde fått seg litt mat, fortel han plutseleg: "Eg har bestemt meg for å bli døypt!" Då måtte eg berre ta bilete! Helga før hadde han vore med på ein leir ilag med studentar han vart kjent med på sommarleiren. I løpet av leiren hadde han snakka med mange, og sagt at han kjem kanskje til å bli ein kristen når han blir 30 og opplever at livet ikkje vart slik han hadde tenkt. Men på heimvegen hadde han tenkt og kome fram til ein annan konklusjon. Og på tirsdag hadde han tatt det endeleg valet. Han hadde ringt foreldra sine, og han møtte ikkje motstand.
I går snakka han med presten i kyrkja der han går, og det blir kanskje dåp allereie i november. Her skjer det fort når det først skjer.
Berre ein dag tidlegare hadde eg skrive til Lærernes Misjonsforbund sitt blad Misjonshilsen, som kjem ut til abonnentane før jul:
Nokre gonger skjer det at dei går til andre kyrkjer, men det kan også skje at andre har sådd, og så er det vi som får hauste frukta. Uansett skal vi glede oss med kvarandre, slik som det også er glede i himlen. Sjølv om det av og til kan vere ei glede blanda med litt vemod og ikkje fritt for misunning overfor den kyrkja som får slike flotte folk...
På Bible club hadde vi denne kvelden likninga om han som bygde huset sitt på fjell. Kazuaki sit trygt i huset sitt, som består av to kinesiske jenter...
Det gjekk verre med huset som var bygd på sand. I loggboka gir fleire uttrykk for at dei fekk noko å tenkje på.
Vi er komne til søndag ettermiddag, og Kazuaki stiller opp også på øving med felleskoret til julekonserten. Her sit han i pinsekyrkja, godt plassert mellom pastoren i Immanuelkyrkja til venstre og pastoren i Arashima lutherske til høgre. Snakk om å vere interkonfesjonell!
Vi er to damer som dirigerer i år, og det ser ut som om vi har bra taket på mannfolka. Vi skulle gjerne hatt fleire på damestemmene, også. Andre øving gjekk betre enn den første, så dette lovar bra.
Til slutt skal du få litt hauststemning frå gatene her i Matsue:
Det eg ikkje visste denne føremiddagen, var at Gud hadde meir i vente for meg denne dagen.
Kazuaki kom litt seint til Bible Club denne kvelden. Etter at han hadde fått seg litt mat, fortel han plutseleg: "Eg har bestemt meg for å bli døypt!" Då måtte eg berre ta bilete! Helga før hadde han vore med på ein leir ilag med studentar han vart kjent med på sommarleiren. I løpet av leiren hadde han snakka med mange, og sagt at han kjem kanskje til å bli ein kristen når han blir 30 og opplever at livet ikkje vart slik han hadde tenkt. Men på heimvegen hadde han tenkt og kome fram til ein annan konklusjon. Og på tirsdag hadde han tatt det endeleg valet. Han hadde ringt foreldra sine, og han møtte ikkje motstand.
I går snakka han med presten i kyrkja der han går, og det blir kanskje dåp allereie i november. Her skjer det fort når det først skjer.
Berre ein dag tidlegare hadde eg skrive til Lærernes Misjonsforbund sitt blad Misjonshilsen, som kjem ut til abonnentane før jul:
Studentane
Eg klarer vel ikkje å skrive til Misjonshilsen
utan å nemne studentarbeidet. Gjennom heile sommarferien hadde eg Bible Club
kvar fredag, sjølv om det ikkje var så mange studentar her. Men ifrå oktober
tok frammøtet seg opp igjen. Plutseleg var gruppa på 3-4 auka til 13-14. Mange
av utanlandsstudentane har reist, men nye er komne. Og studentane sjølve er flinke
til å få med seg venner. Ein gut har vore her omtrent heile sommaren og kome
fast på bibelstudium, og han var også med på studentleiren i august. Etter det
er han blitt enno ivrigare, og han er også med på bønnemøte over Skype som
nokre har starta opp etter leiren. Men å ta steget fullt ut og ta imot Jesus
som Frelsar og Herre, det er framleis eit stort steg.
I intervju til NLM sin Prosjektkatalog for
2013 forklarer han kvifor han framleis nøler med å bli ein kristen:
- Eg er redd for å tru på noko som eg ikkje kan
sjå, og eg trur det vil bli ein kollisjon med min eigen vilje. Det er skremmande fordi eg ikkje kan snu
tilbake. Men eg veit det er rett å bli ein kristen. Eg trur det vil gjere meg
lukkeleg og gi meg fred i hjarta, og eg vil også at andre skal få oppleve det
samme.
La oss be
om at før dette kjem på trykk i Prosjektkatalogen, så har det allereie skjedd
ei forandring i livet hans!
Sitat slutt. Ja, det skjedde allereie før eg hadde venta!
Ingen av desse to forandrar likevel statistikken i kyrkja vår. Heldigvis er Guds rike større enn den lutherske kyrkje.
"...den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. Her gjeld ordet om at ein sår og ein annan haustar." (Joh. 4, 36b - 37)
På Bible club hadde vi denne kvelden likninga om han som bygde huset sitt på fjell. Kazuaki sit trygt i huset sitt, som består av to kinesiske jenter...
Det gjekk verre med huset som var bygd på sand. I loggboka gir fleire uttrykk for at dei fekk noko å tenkje på.
Vi er komne til søndag ettermiddag, og Kazuaki stiller opp også på øving med felleskoret til julekonserten. Her sit han i pinsekyrkja, godt plassert mellom pastoren i Immanuelkyrkja til venstre og pastoren i Arashima lutherske til høgre. Snakk om å vere interkonfesjonell!
Vi er to damer som dirigerer i år, og det ser ut som om vi har bra taket på mannfolka. Vi skulle gjerne hatt fleire på damestemmene, også. Andre øving gjekk betre enn den første, så dette lovar bra.
Harpe og Bibel
Torsdag er det ny kototime, og eg har enno ikkje tatt fram instrumentet og øvd... Framgangen er dessverre ikkje særleg
å skryte av. Motivasjonen for å øve burde vere større, men det som motiverer
meg for å halde fram, er det å møte desse damene og lese Bibelen ilag med dei.
Vi les eitt kapittel i Apostelgjerningane kvar gong etter øvinga.
Bibelteksten for to veker sidan var Apg. 16, der Paulus såg ”mannen frå Makedonia” i eit syn. Vi snakka om
korleis Paulus kom med evangeliet til Europa, og korleis Gabriel Eikli fekk
kallet frå "Makedonia" via ein japansk pastor han hadde møtt i
Mandsjuria, og slik vart den første NLM-misjonæren til Japan.
Vi
snakka også om fangevaktaren som stilte det viktigaste spørsmålet i livet, som Ole Os eingong kalla
”Apostelgjerningane halv fem", dvs. 16, 30: ”Kva skal eg gjere for
å bli frelst?”
Det
vart både komisk og veldig talande for oss denne dagen. Vanlegvis har vi
bibelstudie frå 15.30 og ein times tid. Klokka 16.30 kjem mannen til den eine
og hentar henne.
”Vi får be før mannen din kjem,” sa eg. ”Ja, han kjem nok presis kl 16.30,” sa ei av
dei andre, og plutseleg vart det ganske konkret det vi hadde snakka om! Og
svaret på det viktige spørsmålet kjem ”eit minutt” etterpå, i vers 31. ”Tru på
Herren Jesus, så skal du bli frelst, både du og ditt hus.”
Mannen
var veldig presis! Nøyaktig 16.30 ringde
han på døra.
Denne
dama fortalde forresten om ein draum ho hadde hatt, der ho såg himmelen og
helvete, med Gud som eit strålande lys og ei stemme som toredønn (veldig
bibelsk!) på den eine sida, og djevelen (som ho kalla guden i helvete) på den
andre sida. Og begge kalla på henne. ”Kvar gjekk du då?" spurde eg.
"Nei, eg kunne ikkje gå i noko retning, for der var ingen veg, berre ein
mur," svarte ho. Eg prøvde å forklare at Gud har laga eit hol i muren for
oss, ein veg vi kan gå. Apg 16,31: ”Tru på Herren Jesus, så skal du bli
frelst.”
Til slutt skal du få litt hauststemning frå gatene her i Matsue:
Wednesday, October 3, 2012
Dåpsundervisning, - hjelp, korleis gjer ein det?
Ein tilfeldig, drivande rosa paraply er ikkje eit daglegdags syn, og daglegdags er heller ikkje det eg har opplevd idag. Dette biletet har ingenting direkte å gjere med resten av blogginnlegget, men eitkvart må eg illustrere med når eg ikkje kan vise bilete av personane eg skriv om...
Eg hadde ei utfordring i dag. Kvar startar du å undervise i Bibelen til ei dame på 83 år?
Berre for nokre dagar sidan ville det vere utenkjeleg at vi skulle kunne starte bibelstudie idag. Eg har lese Bibelen ilag med dottera i nokre månader no. Sidan nyttår har mora hatt to lengre sjukehusopphald, men for to veker sidan vart ho utskriven frå sjukehuset. Sist søndag vart eg invitert på middag hos dei. Då seier plutseleg dottera: - Mor, eg har lyst å bli ein kristen. Kva seier du til det?
Og mora har ingen innvendingar. Tvert imot verkar ho positiv, og byrjar å snakke om at ho sjølv hadde gått i kyrkje i sin ungdom. - Det har eg aldri høyrt før! utbryt dottera.
- Mor, når du blir sterkare, kanskje vi kan gå til kyrkje ilag til jul? foreslår ho, og mora nikkar.
-Ja, kanskje vi kan bli døypte ilag til jul? legg ho til, og mora er framleis med på notane.
-Men då må vi få nokon til å undervise oss først, forklarer dottera. - Skal vi spørje Inger om ho kan komme og undervise oss?
Og mora bøyer seg fram mot meg og seier: -Yoroshiku onegaishimasu! (japansk frase som uttrykkjer eit ønskje om at du skal gjere ei teneste). Ver så snill, med andre ord. Stemma er framleis svak. Det er eit Guds under at ho i det heile tatt lever, og det prøver dottera å få mora til å forstå. Dokterane hadde ikkje gitt familien noko håp, men etter operasjonen har ho gjort framskritt kvar einaste dag.
Idag skulle eg ha første "leksjon". Men kvar startar eg?
Katekisma byrjar med dei 10 boda, men eg syntest det var ein vanskeleg innfallsvinkel. Eg ville heller fortelje om Guds kjærleik først, og om kven Jesus er. Så vi tok utgangspunkt i eit bilete på omslaget av ei bok.
- Kva ser du? spurde eg.
- Fuji-fjellet, og to personar, svarte ho.
- Ja, det er frå Japan, med Fuji-fjellet, og med kirsebærblomstring, svarte eg. - Men kven trur du dei to personane, er, då?
- Den eine må vel vere Kristus, svarte ho.
Eg var overraska over det raske svaret.
- Ja, men er Kristus i Japan, då? prøvde eg.
- Ja, det er mange i Japan også som trur på han, svarte ho.
Men kven er så denne personen framfor Jesus? Vi tenkte litt ilag. Trur vi kom fram til at det må vere ein japanar, iallfall, sidan settingen er her.
- Men ser du noko meir i biletet, forresten? spurde eg, og fortalde at det hadde tatt lang tid før eg hadde sett det sjølv. Men gamlemor såg det. Eit kors!
(Biletet eg har lasta opp, har eg fiksa litt, med sterkare kontrastar i fargane. På boka er ikkje korset like godt synleg.)
- Kva betyr korset, då, veit du det?
- At Kristus kom for å hjelpe oss, seier ho.
Det verkar som om dottera er overraska over svara.
Kan det vere noko mor høyrde i ungdommen som dukkar opp igjen?
Tidlegare har eg brukt illustrasjonen for å snakke om Tomas som møtte den oppstadne Jesus, og eg har heilt til idag føremiddag trudd at biletet illustrerer denne situasjonen, særleg fordi boktittelen er Tomas sine ord: "Min Herre og min Gud!"Så vi las først teksten ifrå Joh. 20. Men medan eg sat og førebudde meg idag, las eg i forordet i denne boka at tittelen på biletet er "Den bortkomne sonen som vender heim til far", og kunstnaren er heller ikkje japanar, som eg trudde, men faktisk svensk!
Eg håper det ikkje vart forvirrande, men eg presenterte altså to tolkningar til biletet. Den første er tvilaren Tomas som blir truande, og den andre er den bortkomne sonen som blir ønska velkommen heim av far sin. Det som gjer det interessant, er at begge er i ein japansk setting.
Vi las og snakka om likninga om den bortkomne sonen i Luk. 15. Eg prøvde å understreke at ingen av oss er verdige til å bli kalla Guds born, slik som denne sonen innrømma at han ikkje var verdig til å kallast son til far sin, men likevel tek Gud imot oss som sine barn med glede og fest når vi vender heim. Det verka som om det nådde inn.
Og vi snakka om forskjellen på buddhisme og kristendom. I buddhismen må du streve sjølv for at Buddha skal godta deg. I kristendommen bøyer Jesus seg heilt ned for å løfte oss opp.
Eg veit ikkje kor mykje som sit igjen hos denne eldre dama, men ho ga god respons på det ho hadde høyrt, og sjølv då vi byrja å drikke te etterpå, var ho enno ikkje ferdig med temaet.
Så her er eg då. Etter å ha arbeidd som misjonær i over 13 år etter språkskulen, er det faktisk første gong eg har fått ei slik utfordring. Andre misjonærar er blitt kasta ut i det allereie i første periode, men sidan eg alltid har arbeidd ilag med ein japansk pastor og ikkje hatt dagleg ansvar for noko kyrkje, har det hittil ikkje vore naturleg for meg å ta dåpsundervisning. Vanlegvis står dei ikkje i kø for å bli døypte, heller.
Eg har trudd at mi oppgåve var å evangelisere og få folk i kyrkja, og så kan eg overlate dei til pastoren når dei vil bli kristne. Men her har pastoren utfordra meg med tanke på dottera. Tidlegare i vår spurde han meg: - Kva plan har du for å leie henne til tru? Eh, plan?? Nei, eg hadde ikkje lagt noko plan, akkurat... Men eg fekk byrje å lese Bibelen med henne. Og no altså også ilag med mora, også. Dei ga meg lov til å skrive på bloggen om dei idag, så lenge eg ikkje brukte namn. Men nokre av dykk kan truleg gjette kven det gjeld likevel, dersom de legg saman brikker av det de har høyrt før.
Gud veit iallfall kven det gjeld, og han kjenner namna deira. Og vil nokon be vidare for desse to og for meg som skal undervise, så set eg veldig pris på det!
No har eg kanskje starta i feil ende, for eg har framleis ikkje snakka med pastoren om mi nye "dåpsklasse". Men reknar med han har ingenting imot det, iallfall :)
Eg trur det er første gong eg har skrive så lang blogg med så lite bilete. For å kompensere litt, skal du få ein serie av ein utruleg flott solnedgang eg fekk med meg for ei veke sidan, ifrå ein ny synsvinkel.
Eg berre seier det; Gud er verkeleg ein stor kunstnar! Her kan du sjå solnedgangen minutt for minutt.
Subscribe to:
Posts (Atom)