I september vart det ein forsiktig start på familiekoret "Angels' Voice". I går hadde vi øving nummer to, og det kom tre nye barn i tillegg til dei tre vi hadde frå før. To førsteklassejenter og ein lillebror i lag med mor var med og løfta engasjementet og lydnivået! Så no har vi tru på at det kan bli eit positivt innslag på julekonserten. Berre sjå her: Video (kanskje du må laste ned først for å få lyd)
Denne songen handlar om glad jul. Ikkje på grunn av kaker, selskap og gåver, men på grunn av gåva som Gud har gitt oss, nemleg sin eigen Son Jesus og kjærleiksgåva som er evig liv.
Etter øvinga med Angels' Voice og deretter med "Hallelujakoret" i pinsekyrkja i går ettermiddag, rakk eg ein liten matpause åleine i den lutherske kyrkja før forsongarane kom for å øve. Også denne gongen fekk eg dei medhjelparane eg trengde, sjølv om éin var blitt sjuk og andre var opptatt. Det var kjekt at det kom fleire for første gong der, også.
Opptak frå gudstenesta kan du høyre her: Internasjonal gudsteneste (kanskje du må laste ned først for å få lyd)
Det vart litt stramt program å ha babysong på måndag føremiddag etter ein slik søndag, men resten av dagen har eg slappa av.
Å fange blåsebobler er alltid ein populær programpost.
I dag feira vi også at denne guten er blitt 2 år.
(Bilete og video frå babysong er godkjente av mødrene.)
Takk igjen til deg som ber! Denne veka er det engelsk bibelklasse hos meg i morgon føremiddag og i Nima om kvelden. Resten av veka er noko rolegare, fram til laurdag. Då køyrer eg til Hiruzen for å vere ilag med ein stor flokk norske og finske familiar, fram til tirsdag neste veke. I tillegg har vi medarbeidarar både frå Island og Australia. Eg reknar med det blir livlig, der, ja!
Til slutt eit par bilete av andre ting som veks:
Rett utanfor verandaen min blomstrar det gult på begge sider av kanalen.
Og avokadoplanta mi, som eg har dyrka fram frå ein hard kjerne, får stadig nye blad!









No comments:
Post a Comment