Tuesday, September 24, 2024

Til Nima og Kobe

Eg rakk å komme meg til Nima før sola gjekk ned. Tirsdag forrige veke tok eg toget til Nima for å treffe damene som har vore med i den engelske bibelklassa eg hadde der.
Det var kjekt å treffe dei igjen, og stemninga var god. Denne gongen var det velkomst-te-party, men dei vil gjerne at eg kjem og underviser dei igjen. Men det må tilpassast det andre arbeidet, så eg veit ikkje heilt korleis eg skal legge det opp enno. Det første som skjer, er vel at eg skal flytte i leiligheit og få meg bil i løpet av neste veke. Truleg i omvendt rekkefølgje.
Etter at eg hadde vore i Nima, var det å gjere seg klar til to netter i Kobe. Eg sat på med Caroline og David Thorsen, som bur i nabobyen Yonago. Fredag skulle det vere misjonærsamling der vi feira 75-årsjubileum for Misjonssambandet sitt arbeid i Japan. Vi reiste tidleg dagen før, og då hadde eg heile ettermiddagen og kvelden til disposisjon. Då fekk eg endeleg møte den vietnamesiske jenta som var med i Bible Club fram til våren 2020. No er ho gift og bur i Osaka. Vi møttest på ein stasjon og fann ein koreansk kafé, der den lille guten stabba rundt og sjarmerte både dei som jobba der og gjestane. Det vart ikkje så mykje ro til å prate med den unge mora, men på eige initiativ sa ho at ho ønskjer å lese Bibelen med meg. Så no har vi avtalt å møtast gjennom Zoom fredag morgon når babyen søv.
20. september var dagen då 75-årsjubileet vart feira. Styret på feltet hadde valt å sjå framover og hadde invitert ein japansk ungdomsarbeidar frå ein organisasjon som arbeider med å nå tenåringar. Han la vekt på kva tenåringane treng og ga tips om korleis vi kan skape ein plass der dei kjenner seg heime.
Vi avslutta dagen med felles middag ved hamna i Kobe med familiane etter at alle borna var ferdige på skulen. Kobe er ein fin by. Det er lite som kan tyde på at mykje låg i ruinar etter jordskjelvet i 1995.
Denne veka er ganske roleg. Arbeidarmøtet for Sanin distrikt vart gjort unna på 45 minutt. Effektivt når det er på nett, men ikkje så mykje fellesskap som det brukte å vere når vi samlast på føremiddagen og hadde lunsj i lag. I morgon er planen å besøkje mi japanske "mor" på 101 år. Eg kom på at eg måtte finne fram igjen korta og helsingane eg fekk på sendefesten for over 4 veker sidan. Det gjekk litt i full fart dei første dagane etterpå, så eg fekk berre såvidt sett på korta. Men no var det godt å ta dei fram igjen og lese sakte og tenkje med takk på dykk som har sendt meg og som vil vere med i bøn og offer. Komande søndag skal eg på rett "innsetjast" som arbeidar i Arashima kyrkje, og på styremøtet etter gudstenesta skal vi snakke meir om konkrete arbeidsoppgåver. Det har vore ein lang månad å vente, men på den andre sida er det godt å ha tid til å treffe venner og kunne bruke tid på å finne hus og bil. No ser det ut til å gå i boks med husleigekontrakt, og bilen er betalt og vil etter planen vere klar til overtaking 3. oktober.

2 comments:

  1. Kjekt å lese bloggen din. Du farter rundt ser det ut for. Og du har jammen vert god til å holde kontakt med venner der, selv om du har vert nesten 4 år i Norge. Blir spennende

    ReplyDelete
  2. Kjekt å lesa. Ser du har nok å halda på med. Hugser på deg. 🙏

    ReplyDelete