Monday, September 9, 2024

Gjensynsglede

Sidan sist eg skreiv, har det skjedd mykje. Eg har vore i Matsue to gonger og truffe venner, sett på leiligheit og bil. Her er berre nokre glimt. Det var kjekt å treffe igjen Carmella og Scott med ein ispause utanfor kantina på universitetet.
Denne dagen hadde ei veninne tatt meg med rundt til tre ulike adresser for å sjå om det er ein plass eg kan bu. Ei leiligheit på hjørnet i første etasje i denne blokka er ledig. På torsdag skal eg på visning. Håper det legg seg til rette at eg får leige der. Det er rimeleg nært universitetet. Google maps seier 17 minutt å gå, og raskare går det på sykkel.
På veg tilbake til Matsue stasjon var det nydeleg himmel i vest der sola heldt på å gå ned i 19-tida.
På fredag fekk eg vere med ei mor og ein son opp mot Daisen-fjellet. Eg lyfter auga mine til fjella. Kvar kjem mi hjelp ifrå? Mi hjelp kjem frå Herren, som har skapt himmel og jord. Salme 121,1-2
Ekte kyr traff vi også. Daisen er kjent for god mjølk.
Laurdag førebudde eg meg litt til søndagsgudstenesta. Eg hadde ingen oppdrag anna enn å bli tatt imot, og å komme med ei lita helsing under kyrkjekaffien. Eg øvde på å lese frå Jesaja kapittel 6 medan eg ilag med Skodje kyrkjekor song "Herren kallar Jesaja til profet".
I går fekk eg endeleg møte kyrkjelyden i Arashima.
Presten har ansvar både i Matsue og Arashima. Han kom i går med video av preika han hadde tatt opp for gudstenesta i dag. I andre kyrkjer der dei manglar prest, har dei direkte videooverføring. Å ha gudsteneste berre annankvar søndag eller sjeldnare er utenkjeleg her. (Eg skulle fortalt dei korleis det er i Haram...). Etter kvart blir det nok også min tur, men greitt med ein roleg start og få vere deltakar på bakerste benk.
Etter gudstenesta var det minivelkomstparty for meg. Dei seier det skal bli skikkeleg velkomstfest i oktober når eg blir innsett som kyrkja sin arbeidar.
Skodje kyrkjekor fekk vere med på video, der vi song "Herren kallar Jesaja til profet", medan eg las frå Jes.6 på japansk. Fungerte ganske bra, trur eg. Eg fortalde litt om korleis denne songen hadde vore med og peika i retning Japan igjen då vi byrja å øve i januar. Ikkje alltid så lett å svare "Her er eg, send meg." Men her er eg iallfall. Sendt både av Gud og misjonsfolket, får eg tru.
Den fine blomsteroppsatsen fekk eg ta med opp i 2. etasje, for i kyrkja skjer det ingenting før neste søndag. Eg har forresten fått vite om to mødre med baby som kan vere interesserte viss eg startar babysong her. Tek gjerne imot tips om japanske babysongar👶!

No comments:

Post a Comment