Sunday, September 1, 2024

Ein roleg søndag

Det er søndag ettermiddag her i Kobe, og eg har funne meg ein god stol med fotskammel ved eit ope vindauge. På andre sida har eg ei vifte som går, så det er nok kjøling for meg. Tyfonen med mykje regn har gitt litt lavare temperaturar. Tyfonen Shanshan har gått vidare nordover, men framleis kan det komme mykje regn også andre plassar i landet, seier dei. Her er siste nytt eg fann på nettet: https://www3.nhk.or.jp/nhkworld/en/news/20240901_02/
Eg landa trygt onsdag kveld på Kansai internasjonale flyplass i Osaka, der stedlig representant Ole Bjarne Tråsdahl møtte meg med norsk flagg og japansk bil. Bagasjen kom også velberga fram, og eg har vore innkvartert i gjesteleiligheita til misjonen, med kjøleskapet fyllt opp av nødvendig mat og drikke, og passord til det trådlause nettverket. Etter ei god natt vart eg invitert til lunsj hos familien Tråsdahl som bur rett under meg. Dei to største gutane var på skulen, men eg fekk helse på dei to minste, som er blitt fødde medan eg har vore i Norge. Eittåringen Jan David Selstø kom ut nokre dagar før meg.
Dataspel var litt for vanskeleg for meg, men treåringen syntest visst det var gøy.
Sidan eg hadde sove godt første natta og vêret var bra, tok eg ein tur til Osaka på ettermiddagen før å besøkje venner. Eg fann vegen ned til den lokale togstasjonen. Her har eg gått mange gonger før.
I denne blokka budde eg i nærare 6 år, frå 1998-2004, i 10. etasje. Kita-Osaka Lutherske Kyrkje er i 1. etasje. Den tida hadde eg kort veg til kyrkja.
Mi veninne Yoko hadde heller ikkje så lang veg til kyrkja. Ho byrja å kome i kyrkja våren 2000 og vart døypt hausten 2002. Mannen hennar vart døypt i 2020, rett etter at eg var reist til Norge. Det var fint å få treffe dei begge. Særleg gripande var det å høyre mannen hennar be for meg før eg skulle gå.
Etter planen skulle eg reise oppover til Arashima, der eg skal bu og arbeide første tida, men på grunn av usikre vêrmeldingar valde vi å vente til over helga. Då kunne eg heller bruke tida til å roe ned her og å treffe venner eg ikkje har sett på nokre år. Første invitasjon kom frå Suma, litt lenger vest i Kobe, der den finske familien Perendi har slått seg ned etter eit år i Finland.
Gutane har blitt både store og lange sidan sist eg såg dei. I går var eg på lunsj hos familien Nævdal, som bur rett over gata her på Aotani. Der vart det både norsk graut og sjakk.
For første gong var eg ut for å handle mat til meg sjølv, og då var det noko eg berre MÅTTE ha. Fersk mais og matcha-is! Og så vart det søndag.
Og eg trengde ikkje å reise langt for å finne ei kyrkje. På det første biletet kan de skimte eit kors over det store treet. Kyrkja er næraste nabo her på tomta i Aotani. Presten var den første eg arbeidde ilag med i Tottori, og også i Izumo har eg arbeidd ilag med han i fleire år. Det var kjekt å bli ønska velkommen, men likevel glad for å sleppe å seie noko i den store forsamlinga. Eg klarte å vere med på salmesongen, truvedkjenninga og Vår Far, så eg har ikkje gløymt så mykje likevel.
Det er ei hjelp å ha det skriftleg. "Ten ni mashimasu, warera no Chichi yo". Etter kyrkjetid har eg vore for meg sjølv. Greitt å slappe litt av før eg blir køyrt til Arashima i morgon. Og i kveld er eg bedt på middag hos eit japansk par som eg har hatt kontakt med sidan eg gjekk på språkskulen, - det vil seie venner gjennom 31 år! Kva som ventar meg i Arashima, veit eg ganske lite om. Men eg har allereie gjort fleire avtalar med personar som vil treffe meg. Og så må eg prøve å finne ein plass å bu i Matsue etter kvart. Du som ber, kan gjerne ta det med i bønene dine. GUD, LÆR MEG Å STÅ DER HVOR DU VIL, OG LÆR MEG SÅ HVA JEG SKAL GJØRE DER. VÆR DU MEG NÆR. VÆR DU MEG NÆR. (Kristin Solli Schøien)

2 comments: