Wednesday, September 4, 2024

Ein norsk Ø til besvær

Det er ikkje alltid like enkelt med norske namn her i landet. Etternamnet mitt byr på problem på japansk, som verken har V, L eller Ø. Så eg blir kalla Barubo バルボ, for dei fleste bruker etternamnet. Det finst ein måte å skrive Va på (ヴァ) i staden for Ba (バ), men den er visst ikkje lenger i bruk, og dei fleste uttalar det likevel nærmast Ba. I går var eg ein tur til bykontoret for å registrere adressa mi og få eit nytt bevis på stempelet mitt, som eg har brukt i mange år, med ヴァルボ på. For å kunne kjøpe bil, må eg ha eit papir som viser at stempelet er mitt.
Yasugi bykontor er eit stort og fint bygg, omtrent 1 km frå Yasugi stasjon. Ein fin spasertur. Men stempelet mitt vart avvist fordi det hadde eit hakk som kan bli større, og elles er det visst ikkje lenger godkjent å bruke japansk lydalfabet på namnet, men det skal vere med bokstavar for utlendingar. Og så var det denne ヴァ (Va) som visstnok ikkje er i bruk lenger. (På min PC får eg han fram...) Eg kontakta Ingebjørg på kontoret i Kobe, for der har ho hatt liggande eit anna stempel med VALBO, som ho sende meg med ein gong, slik eg fekk det på døra allereie i dag føremiddag. Så ny tur til bykontoret.
Sjølve togturen tek berre 5 minutt, men det blir ein del gåing. Heldigvis var det god luft og behageleg vind i dag, så det kjendest ikkje så varmt. Det einaste som bekymra meg, var at då eg landa i Japan for ei veke sidan, vart eg registert som VALBOE på immigrasjonen. OE er eigentleg er den riktige måten å skrive Ø på engelsk, men før har eg ikkje vore så nøye med det, men berre tatt vekk streken i Ø-en. Og det viste seg at heller ikkje stempelet med VALBO vart godkjent. Så eg måtte gå vidare ein kilometer eller meir til ein plass der eg kunne bestille eit nytt stempel. Heldigvis fungerte framleis data-SIM-kortet som eg kjøpte på flyplassen, sjølv om det var berre for 5 dagar. Og no har eg brukt det i 7 dagar allereie. I går fekk eg bestilt japansk mobilabonnement, så tidleg i neste veke reknar eg med å få SIM-kortet i posten. Heldigvis har eg WiFi i kyrkja. Google Maps leia meg på vegen til kjøpesenteret. Og undervegs møtte eg ein søt fiskar.
Yasugi er kjent for den lille fisken dojou, som dei fiskar med trau i elva. Iallfall gjorde dei det slik før. Yasugi by har også sitt eige teater, som er ganske morosamt. Her kan du sjå ein liten snutt: https://youtu.be/_40tNfFy6WA?si=dg2zSPh94pQ_9kz6 (kopier linken og lim inn i nettlesaren din)
Endeleg var eg framme ved kjøpesenteret, og etter litt om og men fekk eg bestilt nytt stempel. Og i staden for eit stempel med 6 bokstavar som knapt nok får plass i eit rundt stempel, valde eg å bruke dei 5 bokstavane i INGER, som også er eit alternativ. Då er det iallfall ikkje tvil om det skal vere O eller OE! Og ingen rare utanlandske bokstavar, heller. Så får eg vente i 7-10 dagar før eg får meg nytt stempel, og så tilbake på bykontoret for å få papiret på at dette er meg. Og SÅ kan eg få kjøpe bil.
På veg tilbake til stasjonen unnte eg meg ein ispause. Einaste måte å få ete is på no når eg ikkje har bil, er å ete han opp med ein gong. Men for å rekke toget og sleppe å vente bortimot ein time ekstra, tok eg isen i handa og åt medan eg gjekk. Ei setning frå språkskulen ga meg litt dårleg samvit, men eg passa på å setje skeia i isen når eg traff på andre. "Arukinagara taberu" - altså å ete medan du går, det er ikkje god folkeskikk her. Iallfall var det ikkje det for 30 år sidan. Heldigvis var isen i beger, for han smelta ganske fort. Så det vart delvis å ete og delvis å drikke det som var smelta. Men godt var det!
Tilbake på stasjonen hadde eg nokre minutt til overs, så eg rakk å fotografere nokre søte figurar. Her er både fisken (dojou) og fiskaren.

4 comments:

  1. Kjekt å lese bloggen din. Godt du vet hva du har å gjøre, kan språket og ordner opp alene
    Og isen gjorde jeg godt tenker jeg. Tar alltid noe tid å komme i gang med ny periode. Men dette greier du utmerket.

    ReplyDelete
    Replies
    1. Takk for det. Men skulle gjerne visst kven du er.

      Delete
  2. Godt du fikk ordna stempel slik at du kan dokumentere at du er du! Lykke til med bilkjøp om noen dager! Her har vi hatt noen regndager men i morgen er det lova varmt og fint vær! Kjekt å følge bloggen!

    ReplyDelete
    Replies
    1. Takk for det. Men skulle gjerne visst kven du er.

      Delete