Sunday, October 6, 2024

Innsetjingsseremoni med besøk av sjefen

No er eg endeleg godkjent som misjonær for Arashima kyrkje. Det har tatt si tid å få det til å passe for presten, som har ansvar for to kyrkjer og som er i Arashima fysisk berre ein søndag for månaden. Og så passa det også for stedlig representant Ole Bjarne å komme i dag for å vere med på ettermiddagsgudstenesta og det påfølgjande menighetsrådsmøtet, der vi gjekk gjennom kontrakta mellom kyrkja og misjonen og vart einige om kva slags arbeidsoppgåver eg skal ha. Det ser ut til å bli nok. Men fint også å merke omsorga for meg, at eg må ta vare på meg sjølv og helsa mi. Og det gjorde eg litt med i dag, med å starte dagen med å vere med på den årlege helsetrimmen i nabolaget. (Grunnen til at vi har munnbind i kyrkja, er at det i Arashima framleis er frykt for å smitte andre. Eg vart fortalt etterpå i dag at vi ikkje er nødt til å bruke munnbind anna enn når vi syng. Men det er når eg syng at brillene doggar mest...)
Kl. 8.30 var det registrering, og så ein opningsseremoni kl 9, med helsing frå fleire viktige personar, m.a. ordføraren. Og så var det bøy og tøy-oppvarming til musikk, før vi fordelte oss på tre ruter: 3 km, 4 km eller 7 km. Eg hadde valt den kortaste for å vere sikker på at eg rakk å dusje og gjere meg klar til gudstenesta.
Det var mange barnefamiliar på denne turen. Eg hadde håpa å komme i prat med nokre, men dei fekk iallfall sjå meg, og så kan det vere muligheit for å treffe dei ute seinare. Men då må eg legge opp til å gå litt tur rundt omkring her også etter at eg har flytta til Matsue. Det var god norsk sommartemperatur på rundt 25 grader i dag, men det er kanskje ikkje vanleg å sjå sommarfugl i oktober?
Under gudstenesta var det ei forbønshandling for meg, der eg måtte svare at eg ved Guds hjelp lover å utføre tenesta til Herrens ære.
Og så fekk eg eit tenestebevis underskrive av kyrkjepresidenten. Godt å sjå at eg klarte å bukke djupt nok.
Velkomstgåve frå kyrkjelyden fekk eg også. To nydelege danske kaktusar som skal lyse opp i leiligheita eg skal flytte inn i. Og det passar bra at dei ikkje treng så mykje vatn, for eg er ikkje kjend for å vere så flink til å stelle planter...(Foto: Minako Ishikura)
Og så må vi sjølvsagt ta fellesbilete når noko skal markerast. Flankert av stedlig representant og presten. (Foto: Midori Naito. Andre foto frå kyrkja i dag er tatt av Ole Bjarne Tråsdahl)
Etter gudstenesta var det møte med menighetsrådet.Så no er eg i gong på rett. Eg har tatt på meg fleire preikeoppdrag framover mot jul, og vi skal prøve å starte opp igjen bønnemøta og kvinneforeininga som har vore i dvale nokre år. Og eg går framleis med planar om å starte babysong, og det har eg ikkje lyst til å vente altfor lenge med.
I går hadde vi forresten ei veldig kjekk samling med nokre jenter som er blitt ungdommar sidan sist eg var her. Desse vil eg prøve å gjere meir for. I går brukte vi opp tida til å lage mat og ete, men etter kvart vil eg prøve å få til noko bibelstudium for dei. Når eg har kome meg i orden i leiligheita, skal eg invitere dei på ferske vafler. I morgon kjem flyttelasset mitt frå lageret på Hiruzen til leilegheita i Matsue. Det blir spennande å opne kasser og sjå kva eg eigentleg har. Og så er eg veldig spent på korleis sengkleda luktar...

No comments:

Post a Comment