Friday, August 3, 2018

Sommarminne frå Norge

I går kveld kom eg tilbake til Japan etter ein månad i Norge. Ferien varer til over helga, så no skal eg slappe av i Kobe til leiren startar på måndag.
Bortimot tre veker av ferien var eg på Sunnmøre. Det første biletet er utsikta frå Gausnestoppen, som er lett tilgjengeleg ifrå Valbøen.

 
Utsikt frå Vestre
Det vart mange turar, og besøk til slekt og venner rundt om på Sunnmøre. For ikkje å gjere forskjell på folk, tek eg ikkje med bilete av personar, men viser heller fram den fine naturen på Sunnmøre.

Utsikt frå Rødlandstua i Brusdalen
Utsikt frå Høgenakken på Lerstad

På veg til Høgsvora

På videoen nedanfor kan vi sjå utsikta frå Høgsvora i 360 grader.



Det er lov å vere lat i varmen


Det vart mykje vafler, is og bær denne sommaren. Takk til alle som tok imot meg med god servering!


På bytur
På veg til Halvardsætra
På veg ned frå Rollonhytta i Sula
På gudsteneste i Ørskog kyrkje
Kvalsvika, der mamma vaks opp


Kveldsstemning i fjøra på Tøsse
Endeleg vart det regn også i Kristiansand

Dette var berre nokre glimt ifrå ein fin ferie. Snart er det tilbake til kvardagen. For meg betyr det at eg skal vere med på ein internasjonal leir neste veke, der eg skal hjelpe til som tolk. I år er det japanarane som inviterer deltakarar frå Taiwan, Hong Kong, Finland og Norge.

Her er programmet:


No comments:

Post a Comment