Saturday, July 28, 2018

Dåp i Matsue

I fjor sommar medan eg var i Norge, vart to Bible Club-jenter døypte. Denne sommaren har det også vore dåp av ein ungdom som går på Bible Club. Det skjedde 15. juli, og også denne gongen var eg i Norge. Sjølv om eg var langt unna, har eg fått følgje med via bilete og video på Facebook. I år var det Kazu sin tur til å ta imot dåpen. Han kom første gong til Bible Club i mai i 2016, omlag ein månad før eg reiste til Norge på eitt års heimeopphald. I vitnemålet som han heldt på dåpsdagen, fortel han om kva som gjorde at han heldt fram med å komme på Bible Club, og korleis trua gradvis vaks fram i hjarta hans.
I januar i fjor skreiv han på Facebook: "Idag tok eg imot Jesus som min frelsar. Eg er så glad!" Han ville gjerne bli døypt, men foreldra sa nei. Dei sa han måtte fullføre studiane først. I mars var han ferdig med studiane, og fekk seg jobb i Matsue. Ein dag i vår fortalde han glad at no hadde foreldra gitt klarsignal til at han kunne velje sjølv, og han kunne byrje på dåpsførebuande kurs.
I starten var det maten på Bible Club som betydde mest for Kazu.


Mange venner var møtt opp på stranda ved Japanhavet. Her fortel Kazu kvifor han valde å følgje Jesus. Eg har fått det tilsendt og omsett det til norsk:


"Heilt frå eg var liten, har eg tenkt at livet mitt hadde ingenting med Gud å gjere. Gud var for meg noko fjernt, noko eg ikkje forstod. Ved nyttår brukte eg å gå i shintotemplet, men det var ikkje fordi eg trudde på ein gud, men berre som ei ytre handling. Eg tenkte også at det var ikkje noko problem i livet mitt at eg ikkje trudde på Gud. Eigentleg hadde eg eit godt liv. Eg hadde ikkje noko vanskeleg forhold til foreldra mine, tvert om, dei oppdrog meg med mykje kjærleik. Og sidan eg heilt frå barneskulen har spela fotball, hadde eg mange venner, og fotball og venner var viktigare for meg enn å tenkje på Gud.


Det var Bible Club som var grunnen til at eg byrja å tenkje på å bli ein kristen. Bible Club er ein klubb heime hos Inger, den norske misjonæren, kvar fredagskveld, der vi lærer engelsk og Bibel. Det var ein kamerat eg hadde vore på studietur til USA ilag med, som inviterte meg til Bible Club.

Eg vaks ikkje opp i ein kristen heim, og då eg høyrde dei studerte Bibelen, vart eg litt skeptisk, men eg hadde lyst til å lære meir engelsk, så difor vart eg med.


Då eg kom på Bible Club, var det veldig god atmosfære der, og eg hugsar at middagen som Inger hadde laga, var veldig god. Det var karrigryte med aubergine i. Då det var tid for bibelstudium, kom eg på gruppe ilag med Scott (engelskprofessor ved universitetet og medleiar i Bible Club). Vi snakka om teksten om då Jesus vart døypt, (Matt. 3, 13-17). Scott forklarte ivrig og underviste oss. Eg forstod ingenting av det, men det var kjekt å drikke te og prate med folk etter bibelstudiet, og sidan eg kunne ete så mykje mat eg ville for ca 20 kroner, fekk eg lyst til å komme igjen.


Den følgjande søndagen vart eg invitert til internasjonal gudsteneste i den lutherske kyrkja. Medan eg var i USA, hadde eg vore i kyrkje ein gong, og tenkte eg hadde lyst til å gå på gudsteneste igjen, så dette var ei god anledning. Eg var litt nervøs, men eg hugsar det var kjekt å synge ilag med dei andre. Medan vi drakk te etterpå, inviterte Carmella (kona til Scott) meg til den kyrkja ho går i, og søndagen etter vart eg med dit. Etter at gudstenesta var slutt, bad kyrkjemedlemmer og pastoren for meg. Det gjorde inntrykk på meg, og eg undrast: «Kvifor kan folk eg ikkje kjenner, be slik for meg?» Samtidig kjende eg at det gjorde meg glad.


Nokre månader etter at eg hadde byrja å gå på Bible Club og i kyrkja, skjedde det noko. Sykkelen min var borte. Framtil då hadde eg blitt fråstolen tre syklar ved universitetet, men ingen av dei vart funne att. Difor var eg ganske lei meg no. Akkurat då traff eg Carmella og Scott på universitetsområdet. Eg fortalde dei kva som hadde skjedd, og dei bad for sykkelen min. Eg hadde halvvegs gitt opp, men eg håpa verkeleg å få att sykkelen, så denne dagen bad eg mykje. Dagen etter då eg gjekk og rusla ilag med ein annan student etter at vi hadde ete i kantina, oppdaga eg plutseleg sykkelen min parkert ein annan plass enn der han hadde blitt stolen. Dette var berre ein liten ting, men der og då tenkte eg takknemleg, «Dette må vere Gud som har gjort!» Denne opplevinga gjorde at eg ønska å tru på Gud.


Då eg starta å gå i kyrkja og på Bible Club, forstod eg ingenting av det som stod i Bibelen, men etterkvart forstod eg at Bibelen er Guds bodskap til oss. Eg lærte også at samme kor god eit menneske kan vere, så gjer vi synd kvar dag, men samtidig lærte eg at Jesus Kristus også i dag elskar slike som oss. Eg måtte erkjenne at eg også hadde loge eller hadde misunt andre, og at eg også difor var ein syndar.


Ein dag på Bible Club var det ein kristen kamerat som sa til meg: «Jesus vil gjerne bli din venn, Kazu.» Dette står i Johannes openberring, den heilt siste boka i Bibelen. Då eg høyrde det, undra eg meg og tenkte: «Bryr verkeleg Gud seg om å bli venn med ein syndar som meg?» Samtidig kjende eg at Gud var ikkje lenger langt borte, men at han ville ha med meg å gjere.

På denne måten vart trua mi styrka ved å lære meir frå Bibelen og vere ilag med mange kristne, og eg bestemte meg for å ta imot Jesus og tru på han.


Etter at eg kom til tru på Jesus, har eg også fått meir sjølvtillit. Det er fordi eg gjennom Bibelen har lært at Gud alltid er ved sida mi, sjølv om eg ikkje kan sjå han. Dette har vore ein styrke for meg både når spelar fotball, då eg søkte på jobbar eller medan eg skreiv semesteroppgåve.

Likevel har ikkje alt vore så enkelt etter at eg byrja å tru. Eg har også opplevd mange vanskelege ting. Men i slike tider har det alltid vore mange som har støtta meg, oppmuntra og bedt for meg. Eg har fått del i ein stor rikdom. Det er nåde ifrå Gud.


Eg vil gjerne takke alle som har støtta meg, og eg vil avslutte vitnemålet mitt med takk til Gud som har leia meg på vegen hit."

Etter at Kazu har fortalt om vegen til tru, svarar han på spørsmål frå pastoren. Kazu har gått på ungdomsgudstenestene i vår lutherske kyrkje, men den kyrkja han har vald å tilhøyre, er Matsue Gospel Church.


I namnet til Faderen, Sonen og Den heilage ande


Halleluja!
 Både folk frå kyrkja og venner frå Bible Club var møtt opp. Også foreldra til Kazu var komne for å sjå dåpen. Eg spurde Kazu om dei hadde sagt noko til han. Jau, dei sa det var interessant, svarte han.

På videoen nedanfor kan også du vere vitne til dåpen. Mot slutten av videoen kan du høyre stor jubel og applaus frå land!

Takk til Haruka Sasaki for video, og til Scott Menking for bilete!
Etter å ha skifta til tørre klede, får Kazu overlevert dåpsattesten. Det er ikkje berre eit lite papir, men ein stor, stiv plakat, som han kan henge på veggen!


Det amerikanske ekteparet Carmella og Scott er mine medarbeidarar i Bible Club, og har samlingar kvar fredag også medan eg er på ferie. Dei er som åndelege foreldre for Kazu og mange andre ungdommar.

Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft auga og sjå åkrane, korleis dei kvitnar mot hausten! Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. Her gjeld ordet om at ‘éin sår og ein annan haustar’. Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidd med. Andre har arbeidd, og de har gått inn i arbeidet dei har gjort.»
Joh. 4, 35-38

 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til: Eg planta, Apollos vatna, men Gud gav vekst. Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar. Berre Gud er noko, han som gjev vekst. Den som plantar og den som vatnar, er eitt, men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid. For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
1. Kor. 3, 5-9 

No comments:

Post a Comment