Tuesday, August 21, 2018

Endeleg litt arbeidslyst

Det er gått over to veker sidan leiren starta den 6. august. Etter at eg kom heimatt om kvelden den 11., har det gått tregt. Eg har fått ordna ein del praktiske ting, som oljeskift på bilen, reparasjon av sykkel og vaskemaskin, men direkte misjonærjobb har det blitt lite av. Varmen tappar for ein god del energi, og arbeidslysta har vore ganske fråverande. På biletet ovanfor ser eg uforskamma opplagt ut, men det var første dag på Y-CELCEA etter 5 vekers ferie...

Y-CELCEA står for Youth Consultation of Evangelical Lutheran Churches in East Asia. I år var det Japan sin tur å arrangere. Ungdommar frå Taiwan, Hong Kong, Finland og Norge var gjestar.

Måndagskvelden 6. august var det velkomstmiddag for gjestane. Eg var med på heile leiren som litt medhjelpar som tolk der det trengdest, men det var igrunnen ganske lettvindt jobb. Det var stort sett informasjon eg hjelpte til med, og eit par dagar tolking på eit gruppemøte.

Idag har eg skrive ein lang artikkel frå leiren til NLM si heimeside, men den kjem ikkje på trykk før tidlegast uti neste veke. Foreløpig får det bli nokre glimt her, ifrå det eg skreiv på Facebook frå dag til dag.

6. august:

Då er alle gjestane blitt ønska velkomne. Dei fire ungdommane frå Norge kom allereie i går.

Der var også nokre eg kjende att frå leiren på Taiwan for 6 år sidan. Den unge mannen på selfien (biletet øverst) var den gong mattematikklærar. No er han ferdig utdanna teolog og har nettopp byrja å arbeide som evangelist.
Kyrkjepresidenten gjekk rett frå mora si gravferd til å ønskje utanlandsgjestane velkomne.


Dei seks finske gutane rakk å få seg litt matrestar før eg fekk innstallert dei på romma sine. Etter ei «Kinareise» via Stockholm og Beijing var dei ganske klare for å ligge flatt.

7. august 

Første dag ilag med dei japanske deltakarane, med ulike bli-kjent-leikar for gruppene, lovsong og tale, - alt på engelsk, men japanarane hadde fått utdelt japansk manus på førehand, så det var lettare å følgje med.



8. august
Endå ein dag er til ende. Deltakarane har vore på byvandring, eller «stamp rally» som dei kalla det. Det starta med planlegging i gruppene. Trøytte og varme kom dei tilbake. Då var det godt med avkjølande panneband, som skal halde på kulden i opptil 10 timar.

Og middagen smakte godt!
Dagen vart avslutta med lovsong, bibelundervisning og gruppesamtale.
I morgon forflyttar vi oss til Hiruzen, som har temperatur på seks-sju grader lavare enn i Kobe.

9. august
Vi starta dagen med lovsong i Aotani kyrkje, og forflytta oss frå Kobe til Hiruzen etter lunsj. 

Mange nytta høvet til å sove på bussen.
På Hiruzen kunne vi også ønske velkommen ein ny misjonær, David Theodor Thorsen.

10. august.
På ettermiddagen gjekk vi på tur i fint vêr, men vart ganske raskt inntatt av ei skikkeleg regnbyge. Heldigvis letta det etter eit par timar, så grillinga gjekk som planlagt. Det ser ut til at ungdommane kosar seg ilag med nye venner frå fleire land.



I morgon tidleg reiser vi på kyrkja sitt sommarstemne i Tsuyama. Etter det blir utanlandsgjestane med kyrkjemedlemmer heim og skal vere med på japansk gudsteneste på søndag før dei reiser heimatt.

Så langt dagboknotatar på Facebook.

Det var ein stor overgang å komme heimatt til meg sjølv. I starten var det godt å vere åleine, men når eg går mykje åleine, blir eg lei av meg sjølv, og når det er tregt å komme igong med førebuingar av ditt og datt, blir det endå tyngre. Då er det kjekt med litt besøk innimellom. Her er iallfall ein kar som heldt meg i aktivitet ei stund.

Sist fredag fekk eg ein invitasjon til å vere med på eit kulturarrangement. På videoen nedanfor kan du få med litt av stemninga. I området her fiskar dei ein liten fisk som heiter dojo. Han som dansar framfor musikantane, skal førestille fiskaren. Denne dojo-fisken blir fanga i trau, og det ser ut som det ikkje er så lett å få tak på dei. Men sjå gleda i ansiktet til fiskaren når han har fått tak i éin!

Eg skulle ønskje eg også hadde litt av samme iveren etter å få tak i den eine, og litt av samme gleda over å få fangst!

Du som ber, må gjerne minne Gud om det.

Bible Club har gått sin gang og vore samla kvar fredag også medan eg var borte, men det var lenge sidan sist dei hadde hatt middag heime hos meg.
Universitetet har ferie fram til starten av oktober, men nokre studentar er her likevel, og dei amerikanske medarbeidarane mine jobbar tidleg og seint, iallfall seint. Det gir meg endå meir dårleg samvit å vite det, samtidig som eg går her og somlar etter ein lang ferie. Er det nokon som forstår kva eg meiner?

Men no må eg ikkje bruke opp arbeidslysta første dagen. Må spare att noko til i morgon, også...

No comments:

Post a Comment