Thursday, August 30, 2018

Dåp i Izumo og Newcastle

Søndag 26. august fekk vi vere med på dåp i Izumo kyrkje. Etter at pastor Seima vart ordinert i mars i fjor, var Laura den første han fekk døype i kyrkja. Tidlegare har han døypt på sjukeseng. Og det er vel også første gong ei amerikansk jente er blitt døypt i denne kyrkja, også.

Laura jobbar som engelsklærar på fleire skular i byen, og på søndagane har ho kome trufast og deltatt på japansk gudsteneste. Ho har også tidlegare studert japansk, så ho forstår det meste. Likevel har eg vore med på dåpsførebuinga, som litt tolk der det skulle vere nødvendig.

Det har vore fine onsdagskveldar med middag og katekismeundervisning ilag med ekteparet Seima.

Før dåpen fortalde Laura korleis ho hadde opplevd Guds leiing fram til denne dagen. Det var på japansk, men her er det omsett til norsk:


"Sidan eg var liten har eg ønska å forstå Guds plan og Guds kjærleik. Eg har prøvd å forstå dette gjennom eigne erfaringar, men det har ofte vore vanskeleg. Eg lurer ofte på om eg gjer det rette eller om eg verkeleg forstår ting slik eg skulle. Det kjennest som om eg har gått meg fullstendig vill. Det er slike dagar at eg alltid vender meg til Gud og ber. Eg stoler på at Gud vil ta seg av meg og hjelpe meg til å gjere det eg må for å komme vidare. Det har han gjort, og meir til. 
Gjennom opplevingar eg har hatt og menneske eg har møtt, har eg opplevd Guds leiing fram til denne dagen. Frå no av ønskjer eg å vekse sterkare i Gud. Bibelen seier at Guds kyrkje er bygd opp i kjærleik, med kjærleik til menneske du kjenner, og til menneske du ikkje kjenner. Eg ønskjer å bli sterkare og vere eit eksempel på denne kjærleiken, slik at eg kan hjelpe og støtte andre slik som Gud og andre har støtta meg. Det er grunnen til at eg har valt å bli døypt i dag. Frå no av ønskjer eg å vandre med Gud."

Her er ein video der vi høyrer Laura svare på trusspørsmåla på japansk, og der ho blir døypt i namnet til Faderen, Sonen og Den heilage ande. Og mor og bror får det heile med seg frå USA via Skype!



Dåpsattest i glas og ramme. Den skal ikkje gøymast vekk i ei skuffe. Attesten er både på japansk og engelsk.
Venner frå Matsue (Sør-Afrika og Eritrea) var også med og feira dagen.


Dei to gutane er også kristne engelsklærarar i Izumo, og har funne sin plass i Izumo Lutherske Kyrkje.

Favorittverset til Laura er Jer. 29, 11:
"For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von."

 Izumo kyrkje- kyrkja midt i risåkrane. Hausten er stor - arbeidarane få.

På ettermiddagen gjekk eg ein tur i parken ikkje så langt ifrå kyrkja. Der såg eg noko eg aldri har sett før.
Ein mann køyrde rundt med fleire tankar med vatn for å vatne furetrea i parken. Halve treet var visna, men han ga det ein sjanse til å overleve. Men treet i forgrunnen var allereie heilt brunt, så der spanderte han ikkje meir vatn.
Nye kristne treng også å vatnast og stellast for å vekse. Dåpen er berre starten. Ver med og be om at Laura også får den næring ho treng for å vekse som kristen og spreie Guds kjærleik, slik ho så gjerne vil.

Neste morgon når eg vaknar, finn eg ei melding på mobiltelefonen. Det er frå ei japansk jente, Megumi, som studerer i Newcastle. Ho har tidlegare vore med i Bible Club. Idag vart eg døypt! skriv ho, og legg ved to videoar, den eine frå vitnemålet ho hadde, og den andre frå sjølve dåpen. Sidan andre personar også er involverte, kan eg ikkje dele vidare dei videoane, men ho har sendt meg bilete og manuset til vitnemålet sitt.

Før Megumi reiste til Newcastle for å studere økologisk jordbruk, jobba ho eit år i Australia. Her er eit bilete frå den tida.


Dette er eit bilete frå Matsue i 2015.


 Og her Megumi ilag med forsamlinga i Newcastle på dåpsdagen hennar 26. august 2018. 

Les kva ho seier om korleis ho møtte Jesus:


"Eg vaks opp i ein buddhistisk familie og trudde på buddhistiske gudar i 20 år. Livet mitt verka tilfredsstillande og vellukka, men eg var alltid engsteleg for livet mitt.

Medan eg gjekk på universitetet, vart eg invitert av nokre amerikanske lærarar til bibelstudiet deira. Etter nokre gonger på bibelstudiet forstod eg at eg hadde tilbedt buddhistiske gudar istaden for Gud Skaparen.

Likevel hadde eg vanskeleg for å akseptere at eg var ein syndar. Men etterkvart som eg forstod Bibelen betre, vart eg klar over at synd ikkje berre er ekstreme døme som mord og kriminalitet. Synd er djupast sett hjartet mitt som hadde bestemt seg for å ignorere Gud og bestemme sjølv korleis eg ville leve.
Eg kjende verkeleg sorg over synda mi og innsåg kor mykje eg trengde Guds tilgjeving og frelse. Det var då eg byrja å tru at Jesus døydde på korset for å ta straffa eg fortente som ein syndar. På korset kjøpte Jesus meg tilbake!

Etter å ha blitt ein kristen går eg framleis gjennom kamp og uro, men eg veit at eg kan fullt ut stole på Guds plan for meg. Gud er no min Herre, og eg kan be til Han som høyrer meg.
Eg er full av glede og takk til Gud for Hans nåde og for fellesskapet i Kristus. Ved å setje min lit til det Jesus gjorde på korset, kan eg leve livet med Gud no og til evig tid!"

Amerikanske Laura vart døypt i Japan og japanske Megumi vart døypt i Storbritannia, - begge under opphald i utlandet. Dei har begge funne ei forsamling som dei kallar si kyrkje. Mor til Laura kommenterte på Facebook: "Laura vart velsigna då ho var to år. No har ho valt å gå i ei kyrkje som heilt japansk. Men eg er ganske sikker på at ho veit kva ho har gitt seg ut på."


 



No comments:

Post a Comment