Thursday, February 5, 2015

Heime etter "forretningsreise"

På japansk snakkar dei om "shucchou", eller på godt norsk: "sjuttjåå", på engelsk "business trip". Også prestane bruker ordet når dei reiser til Kobe eller andre plassar på møte, så denne gongen brukte eg det også då naboen spurde om eg skulle på tur. Det høyrest litt viktigare ut enn berre å reise på tur.

Eg har vore på jobb heimanfrå. Det er eg ganske ofte, sidan eg har eit ganske stort arbeidsområde, men for styremøte og andre komitear må eg oftast reise langt. Og då er det greitt å få unna fleire møte samtidig, for å spare både reisetid og spare misjonen for reiseutgifter.

Eg starta måndagen med ein god jogge- og fototur. Eit lyspunkt denne dagen var å finne plommeblomster som var byrja å sprette ut.

Før eg reiste på ettermiddagen, rakk eg å laste ned alle saksdokument til møtet tirsdag, så eg kunne nytte tida på bussen til å førebu meg. Og eg klarte å ete opp alle restar i kjøleskapet, og rakk til og med oppvasken før eg gjekk til stasjonen.
Ein fin fugl stilte gjerne opp til fotografering, og ønska meg god tur.
Eg kom meg i hus i Kobe ca kl 21.30, og neste morgon var det frukost hos Urstad før NLM-styremøtet starta kl 9. Som sekretær i styret har eg nok med å halde styr på alle dokument på PCen og skrive ned det som blir bestemt, og hovudet mitt fungerer best på føremiddagen. Etter 35 minutts lunsjpause på bibelskulen var det å jobbe vidare, og konsentrasjonen dabba av etterkvart som klokka vart 15 og 16 og 17, medan sakene gjekk unna i ei fart. Klokka 17.20 var vi endeleg komne gjennom den lange saklista. 

Deretter køyrde vi direkte til det norske bønnemøtet som skulle ha starta kl 17 heime hos ein NMS-familie som bur nede i Kobe sentrum. Etter møtet var det godt å kunne ta beina fatt og gå opp igjen til Aotani, ein frisk tur på ca 40 minutt (?).i motbakke.

Onsdag føremiddag brukte eg til å reinskrive referatet frå dagen før. Og eg som trudde at eg kanskje skulle få tid til å jobbe litt med ein preiketekst... På ettermiddagen var det møte i ungdomskomiteen. Det betyr ikkje at det er ungdommar som er med, men det er ein komite som jobbar med å nå ut
til og samle ungdommar til leir og andre arrangement. Eg var åleine utlending ilag med fire japanske prestar. Dette møtet var effektivt og var ferdig på 1 1/2 time. Men eg fekk også tid til å snakke med presten "min" og planlegge litt meir detaljar for skileiren vi skal ha neste helg. Greitt å reise til Kobe for å snakke med presten i Arashima, også...

Eg har ingen bilete frå dagane i Kobe, så dette vart mykje kjedeleg tekst.

Idag tidleg kl 7.30 forlet eg Kobe ilag med Liv Bakke og ein japanar, for kl 10.30 skulle vi vere på Hiruzen Bible Camp på styremøte der. Og no har eg litt bilete, ifrå då sola gløtta fram mellom skyene:

Det er nok snø, så det lovar bra for Snow Fun Camp til neste helg. Og meir snø kom det idag. Eg får iallfall med meg to studentar herifrå, og to bilar med folk frå Kobe kjem, også. 

Det krev ein del å drive ein slik leirplass. Og det er inga enkel oppgåve å vere valt til å sitje i dette styret, som må ta stilling til mange vanskelege saker. No forstår eg faktisk det meste som blir sagt, og det hender at eg også seier noko, men det er mange ting i det japanske samfunnet eg framleis ikkje forstår; med lover, skattereglar og så vidare. Så eg er glad der er japanarar som har meir innsikt, og medmisjonærar som har greie på økonomi og rekneskap. 

Du som ber for misjonsarbeidet, ver med og be også for framtida til Hiruzen Bible Camp. Vi er no i ein prosess der senteret skal overdragast frå misjonen til WJELC, men vi støyter på så mange reglar og lover som gjer ting praktisk vanskeleg. Be om ei god løysing for alle partar, slik at denne plassen også heretter kan vere ein reiskap til å nå japanarane med evangeliet, og at det enno meir enn før kan bli ein ressurs for kyrkjene våre.

Ifrå Hiruzen og heim sat eg på med presten i Oda, som er leiar i Hiruzen-styret. Eg er blitt ganske flink til å forstå han, sjølv om han snakkar som ein foss og snakkar veldig fort. Han har mange interessante tankar. Vi har mange gode japanske medarbeidarar!

Det var godt å komme heim igjen etter "forretningsreisa". Vanlegvis har vi leiarsamling for Bible Club på torsdagskveldane, men to av dei andre måtte jobbe, og den tredje måtte sove, så då fekk eg tid til å skrive blogg.
Og no kjenner eg at det skal bli godt å sove snart, også.

Det er berre torsdag, så eg har enno ikkje bilete ifrå Bible Club denne veka, men eg tek med eitt frå forrige fredag. Dei fleste av desse har svart på Facebook at dei kjem også i morgon, og i tillegg kjem også ei jente for første gong. Ein fin gjeng!





4 comments:

  1. Du har nok å henge i med forstår eg. Fine glimt frå tjenesta di!
    Nydeleg å sjå dei fine blomane som kjem.
    Her kom masse snø, men skal visst regne vekk/blåse vekk i helga.

    alt godt frå Sigrid

    ReplyDelete
  2. Takk for at du alltid er her med kommentar. Du er snart den einaste eg kommuniserer med her.
    Eg ser stadig vekk bilete som Jarle legg ut på Facebook, så eg følgjer med på vêret på Skodje.

    Idag er det litt sånn "dagen derpå". Det tek litt tid å komme inn i dei vante rutinane igjen. Og preikeførebuing er vel det tyngste å kome i gong med.
    Til kommande søndag skal eg "varme opp" ei preike eg før har hatt på engelsk, men eg burde komme godt i gong med preika til den 15., sidan det skjer mykje anna neste veke, også.

    God helg!

    ReplyDelete
  3. Tenk å få se blomster som spirer. Sukk. Heldig du. Våren kommer snart i Japan. Og før den tid skal dere kose dere i snøen på Hiruzen. :) Kjekt å lese blogg, Inger.

    ReplyDelete
    Replies
    1. Hei, Torgeir!
      Kjekt å få tilbakemelding her, også. Jaudå, det er vel luksus å ha både blomstring og snø på samme tid. Tenkte på det idag då eg igjen måtte stoppe ved plommetrea og ta bilde, ein boktittel "Glede i grått". Får prøve å ta til meg alt eg kan av slike små gleder.
      Fann til og med ein grunn til å "glede" meg over at eg måtte støvsuge kotatsuen idag: Grunnen til rotet var at mange ungdommar kom og koste seg med chips og kjeks utover kvelden etter bibelstudiet.

      Delete