Thursday, February 19, 2015

Der latteren sit laust

Det er festleg å vere ilag med desse engelskdamene i Nima. Dei ler godt både av seg sjølve og av kvarandre, og er ikkje redde for å dumme seg ut, ikkje eingong framfor kamera. Sjølv om replikken "I am the man!" kjem på feil plass, og at det passa betre med "I can see!", det gjer det ingenting. Dei viser iallfall at dei lever seg inn i forteljinga, og det er no poenget.

A blind man meets Jesus from Inger Valbø on Vimeo.

I går kveld sende eg lenkja til videoen på e-post og sms til medlemmene i gruppa, og har fått svar frå fleire. Ei av dei skriv at ho hadde sett videoen ilag med familien. Så her når vi fleire enn dei som kjem i kyrkja, også. Ei av dei som var fråverande på tirsdag, skriv at ho skulle ønskje ho også var der.


Det var også stas å få sjå seg sjølve i den nye Prosjektkatalogen til NLM, med presentasjon av prosjekt i mange land og på mange kontinent.

Eg har også gitt gruppa to CD-ar med opptak frå den internasjonale gudstenesta i januar. Desse CD-ane går no på omgang. Idag fekk eg sms frå ei av dei som spurde om ho fekk lov til å kopiere CD-en. Ja, så mange du vil! svarte eg. Så flott at dei vil både høyre og eige sjølve!



No comments:

Post a Comment