Wednesday, February 25, 2015

Kyrkja - ein heim for dei unge

 Prosjektkatalogen 2015 er no komen ut, så no kan eg publisere intervjuet som eg sende i oktober.


- Eg forstod at kyrkja var ein plass å kome tilbake til, seier prest Junichi Ishimaru. No ønskjer han og kona Aika å skape ein plass der alle, og særleg dei unge, kan kjenne seg heime. 

Det er tid for søndagsskule i Arashima kyrkje. Klokka er godt over ni, men ingen barn er å sjå.
- Det hender av og til at ingen kjem. På laurdagsklubben ein gong i månaden har vi hatt opp til 15 born frå nabolaget, men på søndagane er det heller TV som freistar, meiner presten.

Vart funnen
På ei vanleg gudsteneste er dei eldre i fleirtal. Aika og Junichi ønskjer å nå fleire unge.
- Eg vart sjølv frelst som student, så eg ønskjer at mange unge kan bli kjende med Jesus, seier Junichi.
Då han studerte i Matsue på 90-talet, inviterte kristne venner han med i kyrkja. Etterkvart forstod han at han trengde Jesus.
- Etter at eg var blitt døypt, trudde eg alt var i orden, så eg slutta å gå i kyrkja, fortel Junichi.
- Det var andre ting som freista, så eg kom på avstand frå Jesus. Men då eg skulle til å reise heimatt til Kyushu, vart eg oppsøkt på hybelen av presten og ein eldste, som spurde om eg ikkje ville kome i kyrkja igjen. Då forstod eg at kyrkja er ein plass å kome tilbake til. Eg hadde allereie sagt opp hybelen, men eg fekk bu i kyrkja eit halvt år.

Guds veg
Ein søndag var det bibelskuledag, og Nils Boganes inviterte Junichi til eit kortkurs på bibelskulen. Allereie dagen etter reiste han til Kobe.
- Eg var heilt tom, så denne veka vart eg fyllt opp av Guds ord. Gjennom studiet av Galatarbrevet fekk eg eit kall til å tene Gud. På universitet hadde eg mange tankar om kva eg skulle gjere, men Gud stengde alle vegar. Det var ei vanskeleg tid, men gjennom dette viste Gud meg den eine vegen.

Ungdomsarbeid
Sommaren 2013 starta presteparet med ungdomsgudsteneste. Hittil har ingen frå nærmiljøet kome, men i samarbeid med misjonæren i Matsue to mil unna har fleire studentar byrja å delta. Presten støttar også opp om studentarbeidet i Matsue. Slik kan vi vere til gjensidig hjelp.
- Eg ønskjer å hjelpe ungdommane til å sjå at dei er verdfulle, og at Jesus vil ta imot dei, avsluttar Junichi Ishimaru.

 På ungdomsgudstenesta 8. februar hadde vi rekord-frammøte. Tidlegare på dag hadde eg tatt toget til Yonago for å tale på to gudstenester der. Tre kristne ungdommar frå Yonago vart med meg til Arashima. Bilen hadde eg sett igjen i Matsue, så mine venner der kunne få med seg alle studentane.

 I går hadde vi distriktsarbeidarmøte i Arashima. Eg var åleine utlending ilag med 10 japanske prestar og evangelistar. Etter at møtet eigentleg var slutt, vart det ståande komitemøte, der vi prøvde å få kabalen til å gå opp. Eg er omreisande "prestevikar", "organistvikar" og engelsk bibellærar. Men eg er ikkje så etterspurd som det kan sjå ut på biletet. Det er like mykje sine eigne planar dei snakkar om. Uansett er det ein fin gjeng å arbeide ilag med!

Her kan du laste ned Prosjektkatalogen og finne eit prosjekt du vil støtte. Japan er presentert på side 16-21.
http://nlm.no/nlm/stoett-oss/prosjektkatalogen




1 comment:

  1. Thanks for sharing, nice post! Post really provice useful information!

    An Thái Sơn chia sẻ trẻ sơ sinh nằm nôi điện có tốt không hay võng điện có tốt không và giải đáp cục điện đưa võng giá bao nhiêu cũng như địa chỉ bán máy đưa võng ở đâu uy tín.

    ReplyDelete