Saturday, September 27, 2014

Jenga-tårnet som ikkje ville velte

- Har du ikkje Jenga, spurde Carmella utpå kvelden etter Bible Club. Vi var ikkje så mange, og fleire av studentane var ikkje så pratsomme i går. Stemninga forandra seg fort då vi byrja på den spennande leiken. Til og med eg kvikna til.
Tårnet, som i starten er tilsaman 20 etasjer, vart  27 og 2/3 etasje høgt før det endeleg ga seg over. Men vi trudde alle at det ville falle lenge før. Og spenninga stig etter kvart:






Vi lurte alle på kvifor tårnet heldt så godt balansen med så mykje hol og berre éin klosse å stå på. Då såg vi det. Ved ein "feil" var klossane i dei to første etasjane lagt samme veg. Dermed vart balansen betre, sjølv om det var berre éin klosse å balansere på.
Eigentleg skal klossane i kvar ny etasje leggast motsett veg. Grunnen til at det vart slik, var at sist eg hadde lagt dei på plass i øskja, hadde eg lagt dei siste tre klossane på toppen feil veg. Då vi starta spelet, vart øskja snudd på hovudet, slik at dei øverste klossane vart grunnmuren på tårnet.

Sist eg hadde brukt Jenga-klossane, var i samband med Jesu ord om at han er hjørnesteinen. Då såg huset slik ut:

Du ser hjørnesteinen, ikkje sant? Kva skjer dersom vi tek unna den? 

Uffdå...



Utan at vi visste det, var altså denne klossen med korset blitt grunnvollen i det nye tårnet, som heldt balansen så utruleg lenge. Ikkje det at eg trur det er noko magisk i ein klosse med eit kors teikna på, men det vart ei påminning om kor viktig det er å ha rett grunnvoll å bygge på.

"Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister, og andre byggjer oppå. Men kvar einskild må vera nøye med korleis han byggjer.
For ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus."

1. Kor. 3, 10-11

 Vil ditt tårn stå eller falle?


2 comments:

  1. Takk for påminninga!
    Her er det haust no Vind og regn.
    Vert vel vande til det også.

    Haustklem frå Sigrid

    ReplyDelete
    Replies
    1. Hei, Sigrid!
      Her nyt eg det som framleis minner om norsk sommar.
      Takk for kommentar.

      Delete