Tuesday, September 23, 2014

Endeleg ei litt rolegare veke

Siste veka var intens, med mykje jobbing etter at eg kom att frå Kobe onsdag. Førebuing til søndagen tok mykje tid, men eg kom i mål denne gongen, også. Takk til alle som har bedt!

Blir kjent med Saulus

I tillegg til førebuingar, har eg hatt fire bibelstudie mellom onsdag og søndag. Her er glimt ifrå fredag føremiddag:

Denne klassa har samme bibelstudieopplegg som Bible Club, men sidan vi samlast berre to gonger i månaden, held vi ikkje samme progresjonen. Her har vi lese om då Saulus fekk att synet og vart døypt av Ananias. Berre tre av desse damene er kristne.
Dei såg ut til å trivast, så dei hadde ikkje hast med å komme seg heim til lunsj. Men denne gongen hjelpte dei iallfall til med oppvasken etter teatime :)

Om kvelden var det fullt hus igjen. Denne gongen var det om Saulus som nettopp var blitt omvendt i Damaskus, og som oppsøkte dei kristne i Jerusalem. Vi starta med eit rollespel:
"Tenk deg at du bur i eit land der det ikkje er lov å samlast og lese Bibelen. Bible Club må samlast hemmeleg. I kveld dukkar plutseleg Scott opp ifrå det religiøse politiet. Han har tidlegare arrestert folk i gruppa, men no påstår han at han er blitt ein kristen, og vil vere med på bibelstudiet. Vil de ta imot han?"
Mange var skeptiske og stolte ikkje på han. For nokre vart det litt komisk når dette var ein dei kjenner godt, men dei vart litt meir alvorlege då eg sa: "Dette er situasjonen til mange kristne rundt om i verda akkurat NO!"

Det var litt enklare for flokken å akseptere den nyomvendte då vennen (og kona) hans Carmella la inn eit godt ord for han og fortalde korleis han var blitt ein kristen. Akkurat slik som Barnabas hjelpte Saulus (Paulus) inn i det kristne fellesskapet i Jerusalem.
7 av studentane på biletet ovanfor er ikkje kristne. Det blir spennande å vere med Paulus vidare på misjonsreisene ilag.
På Bible Club kan ein lære om Jesus og lære engelsk på samme tid.

Møte i eit vegkryss


Då eg kom att frå Kobe for vel ei veke sidan, fann eg ei øskje med sjokolade frå Canada. Øskja var nesten tom, men der var igjen nokre bitar. Ein student som har vore 4-5 månader i Canada, hadde vore innom medan eg var borte. Han var ein av dei to gutane som eg møtte på eit tog ein gong, då dei gjekk på vidaregåande. Denne guten studerer no i Kyoto, og var berre heime nokre dagar i Matsue etter at han var komen att frå Canada.
Torsdag føremiddag på veg heim frå bønnemøte i kyrkja, traff eg han i krysset rett utanfor. Han var overraska over å sjå meg, og eg han. I Canada hadde han også lært å gi klem. Trur det er første gong eg har fått klem frå ein japansk gut! Han sa at sjokoladen som var igjen, var til meg, og eg sa eg hadde allereie forsynt meg :)
- Gjekk du i kyrkje i Canada, då? spurde eg.
- Ja, kvar einaste søndag! svarer han med eit stort smil.
Han hadde budd hos ein kristen familie og vore med i kyrkja, og det verka som om han likte det.

Då han flytta til Kyoto for å studere, hadde eg prøvd å kople han med kristne studentar der, men då var han ikkje så motivert. Men no spør han om eg kan invitere han på nytt. Så no har eg sendt e-post til ansvarleg KGK-sekretær i området.
"Tilfeldig" møte på eit tog? "Tilfeldig" at han hamna hos ein kristen familie i Canada? "Tilfeldig" møte på eit gatehjørne?
Han skulle tilbake til Kyoto samme dag, men han kjem att seinare på hausten, eller iallfall til nyttår, så då vil han kome på Bible Club igjen.
Eg fekk ein ny klem før eg sykla heimover. Så rart at eg skulle treffe han akkurat der og då! Eller kanskje ikkje så rart, dersom eg trur at noko er "Gudfeldig" og ikkje tilfeldig.

Nye i kyrkja


Det var ein fin flokk som samlast til internasjonal gudsteneste søndag kveld. Ei jente er flink å invitere med seg venner. Ho er ikkje ein kristen enno sjølv, men hadde fått med seg tre som var der for første gong. Dei har alle vore på Bible Club denne hausten. Og ei jente som var med på julegudstenesta i fjor, kom for andre gong.
Her er nokre glimt ifrå stemninga etter gudstenesta:





Planlegging av leir

Dei siste fire åra har vi hatt internasjonalt fellesskap to dagar på Hiruzen Bible Camp. Kvart år har eg hatt Johanna Tervonen til å planlegge ilag med, og ho har vore leirsjef og organisator. Denne hausten er ho i Finland, og eg føler meg litt overlatt til meg sjølv. Ein av prestane hadde først lovd å vere med, men no ser det ut som om dei datoane ikkje går likevel. Datoen er no bestemt til 1.-2. november. Det er framleis uklart om eg får med meg medhjelpar og i tilfelle kven, men eg jobbar med saka. Det eg veit, er at det kjem fire ungdommar frå Norge den helga, så då har eg iallfall nokre internasjonale. Det er Vestborg vgs og Lundeneset vgs som har vald Japan som russeprosjekt, med vekt på barne-og ungdomsarbeid og mediaarbeid. Så då satsar vi på at dei får vere med både på Bible Club og at vi får med nokre studentar på leir.
Be gjerne for planlegginga av leiren. Eg føler eg famlar litt i blinde. Be om gode medhjelparar, og at vi rekk å nå ut til kyrkjene med informasjon i tide. Eg er allereie litt seint ute... Og først og fremst at vi får med oss folk! Mange studentar er forsiktige med å bruke pengar, og dei har det travelt med deltidsjobb og studiar. Men eg ville så gjerne at dei fekk smaken på leir, og oppdagar at det er verdt både pengane og tida.

Til slutt eit stemningsbilete frå joggeturen min i dag tidleg.
Eg starta med tittelen "Endeleg ei litt rolegare veke". Som du kanskje forstår, handla det ikkje om veka som er gått, men denne veka som vi har starta på no. Men skal nok finne på ting å gjere sjølv om eg ikkje treng å førebu ei ny preike til søndag.

No comments:

Post a Comment