Sunday, September 14, 2014

Litt hit og dit, og så dit igjen

Det er blitt haust og litt meir behagelege temperaturar, men sommarfuglane er framleis ute og flyg. Dette biletet tok eg for nokre dagar sidan på Hiruzen. Sommarfuglen flyg litt hit og litt dit, og i det siste har livet mitt også vore litt flakkande. Så no i kveld er det godt å slenge beina opp i sofaen, med PCen i fanget, og berre slappe litt av.
I morgon er det å komme seg til stasjonen og ta bussen til Kobe igjen. Der eg nettopp har vore. Det er ikkje ofte eg reiser den strekninga med berre to dagars mellomrom, men slik vart det denne gongen.
Når det er to ulike styre/komitear som skal ha møte, er det ikkje alltid så lett å koordinere det og få det til å passe for alle. Så difor vart det Kobetur både fredag-laurdag og denne veka måndag-onsdag. Avstanden Matsue-Kobe er omtrent som Trondheim-Ålesund, så det er ikkje berre å ta seg ein tur på kaffibesøk. Men så får eg med meg kaffibesøk og middagar på kjøpet, også, då!

Møtet i ungdomskomiteen vart veldig effektivt, så vi var ferdige på ein og ein halv time. Samanlagt  reisetid var vel 8 1/2 time på ekspressbussen, men legg eg til tida til og frå bussterminalen, blir det omtrent 10 timar reisetid for eitt møte. "Har dei ikkje høyrt om Skype?" spurde Carmella meg då eg fortalde eg måtte reise to gonger til Kobe. Kanskje på tide å tenkje litt nytt i måten vi bruker tida på...

Men når eg først var i Kobe, og ikkje kom meg heim med buss samme kveld uansett, kunne eg bruke tida til å treffe venner. Og det gjorde eg til gagns. Då eg var på veg til det tredje huset, tenkte eg: "Dette er no nesten som å vere på sommarferie i Norge, dvs å gå frå den eine avtalen til den andre". Forresten så var det første besøket ikkje eingong avtalt, men impulsivt. Kjekt at det går an, til og med i Japan.
Og her heime i Matsue gjekk Bible Club utan meg den kvelden. Og jammen vil dei låne leiligheita mi i morgon kveld, også. Det er måndag, men offentleg fridag, så då er både studentar og engelsklærarar fri, og samlast her til potluck middag og bibelstudium.

Dette vart mykje tekst, så kanskje det er på tide med eit bilete igjen.

Eg har ikkje berre vore i Kobe, men også på Hiruzen sist veke. Der hadde vi kurs for prestar, evangelistar og misjonærar frå "Nordfeltet" (Sanin distrikt). For tida er vi berre to misjonærar i dette området. Det er Lea Lukka i Tottori, og eg, som eigentleg har heile distriktet som arbeidsfelt. Talar var pastor Ogano frå Midorigaoka kyrkje. Han underviser også litt på seminaret.

Idag tidleg køyrde eg til Izumo kyrkje og hadde andakt på søndagsskulen, var organist på gudstenesta, hadde lunsj ilag med den nye evangelisten og familien, og engelsk bibelklasse, før eg køyrde heimover. Eg fekk eit kvarter pause heime før eg køyrde vidare, denne gong for å ta med studentar til ungdomsgudstenesta i Arashima.

Her er ein del av forsamlinga. Alle bortsett frå pastor Ishimaru og kona (ved pianoet) kom frå Matsue.
Talen handla om å tru på Jesus eller å tru på seg sjølv. Læresveinane som skulle krysse Gennesaretsjøen utan at Jesus var med, kom i trøbbel fordi dei stolte på seg sjølve. Men Jesus kom til dei då dei fekk bruk for han.

Prestekona laga både middag og steikte norske vafler til oss. Til mi overrasking hadde ho eit norsk vaffeljern. Eg hadde aldri høyrt om Sønnico før. Har du? Dei hadde arva vaffeljernet ifrå ein prest i Kinki-kyrkja som truleg hadde arva det frå ein NMS-misjonær.
"Norsk vaffeljern for norske vafler", står det, og vaffeljernet er plassert midt i fjorden mellom norske fjell!

Her er flokken som var samla i kveld. Dei tre framme til høgre er ikkje kristne. Ei av jentene hadde reist heile natta med buss heimanfrå for å komme tilbake til denne gudstenesta, og den andre jenta hadde aldri vore i ei kyrkje før, så ho sa det var ei interessant erfaring. I tillegg til desse var det også tre andre som hadde sagt dei ville kome, men som vart forhindra.

Sjølv om eg ikkje hadde noko spesiell oppgåve på denne gudstenesta, er det også ein jobb å vere sjåfør. Jau, forresten, eg tolka preika for to utlendingar som ikkje forstår japansk. Det er vel ein jobb, det, også.

I morgon er det ut og reise igjen, ja, men det er ganske "sutalaust" å ta buss. Då kjem eg iallfall fram dit eg skal. På fredag fekk eg forresten ei overraskande julegåve på forskot. Du hugsar kanskje eg skreiv frå leiren i Hiroshima at eg ønska meg GPS til jul. Og denne låg allereie i Kobe og venta på meg! Ein finsk misjonær hadde tatt ut GPS-en då han kasserte bilen sin og lagt igjen til nokon som kunne ha bruk for han. Kjekt å ha. Men først må eg studere instruksjonsboka. På japansk, ja...


Eg må avslutte med litt kveldsstemning frå Matsue. Etter å ha site på buss i fleire timar igår , og etterpå rett på kototime, var det godt å ta på seg joggeskorne og ta ein tur langs elva i kjølig kveldsluft.

Jau, det er no fint i Matsue! Ikkje mange plassar eg kan finne ei slik joggeløype, iallfall.

Då er eg snart klar for natta, og tur til Kobe igjen i morgon. Eg reiser i 11-tida denne gongen, så får eg nokre timar ilag med Liv Bakke på Rokko Island resten av dagen. Måndagen er no trass alt fridag. 

Tirsdag er det styremøte for misjonen. Før helga lasta eg ned 15 (!) vedlegg med sakspapir, og det meste er på japansk. Godt eg har nokre timar på bussen, så forhåpentlegvis rekk eg å sjå på det i løpet av turen. Fleire fordelar med å køyre buss i staden for bil, ja! Kan til og med sove viss eg får tid til det! :)

Så får eg også med meg bønnemøte for misjonærar på tirsdag ettermiddag. Det er iallfall lenge sidan sist! 

Denne veka må eg også få gjort førebuingar til neste internasjonale gudsteneste den 21. september. Det er altså neste søndag, og tida går litt for fort. Treng du konkrete bønneemne denne veka, så veit du altså kva du kan be for. Preiketemaet er iallfall klart: "I believe in God the Father".



2 comments:

  1. Er innom deg og held meg orientert om livet ditt.
    Du har eit hektisk liv i Guds tjeneste!
    Takk for at du er villig.
    Er ikkje på Face eg så då må eg besøke deg her :-)

    ReplyDelete
  2. Takk for tilbakemelding, Sigrid! Det er ei stund sidan nokon har kommentert her på bloggen.
    Tenkjer å oppdatere denne veka, men idag vil eg ha heilt fri. Det gjekk bra på gudstenesta i går kveld, men det har vore ganske intens jobbing fram til den.
    Takk for forbøn!

    ReplyDelete