Monday, September 29, 2014

Nokre dagar er det godt å vere her

Søndag var eg gjestetalar i Yonago. Det er ikkje ofte eg er der og preikar, men denne søndagen skulle presten bort, så han trengde vikar. Ikkje det at han skulle ha fri, men han skulle preike i to andre kyrkjer denne dagen. Og sommarferie får han og kona i oktober...

På skjermen står det lovsongsgudsteneste. Det er ikkje mange kyrkjer i vår samanheng som har trommer og gitar til salmesongen. Ungdommane stilte opp og spela både på føremiddagsgudstenesta og på gudstenesta for ungdom på ettermiddagen.
 Glimt frå forsamlinga på føremiddagen

Yonago kyrkje er ei fargerik forsamling på mange måtar. Difor hadde eg også kledd meg litt i fargar denne dagen. Preika på føremiddag vart tatt opp på video, for å visast på kveldsgudstenesta. Biletet nedanfor er frå skjermen på min eigen PC. Eg har enno ikkje våga å sjå/høyre meir enn innleiinga av mi eiga preike...
.
Mikrofonen var ikkje pynta i høvet at eg skulle kome, men hang truleg igjen etter 50-årsjubileet dei hadde feira nokre dagar før. Biletet nedanfor er ifrå den dagen, og av han som eg vikarierte for denne søndagen.
Pastor Hideki Matsumura i Yonago er også president for Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje. Kva for ein hatt han har på seg her, er ikkje så lett å seie. (Foto: Midori Matsumura)

Denne søndagen var eg altså vikar for presidenten!


Både før og etter gudstenesta vart eg servert te og kake, og her er det lunsj ilag med nokre av dei som var med på gudstenesta. Prestefrua utfordra ungdommane til å komme med tilbakemelding på preika, og dei var flinke til å ta fram ting som vart godt for dei. Det er veldig sjeldan eg får konkret respons, og det gjorde godt!
Etter ein luftetur åleine ute i nabolaget var eg klar for ny gudsteneste kl 14. Med litt høgare lydnivå på musikken, men ei open og god forsamling å tale til. Kristne ungdommar som "syg" til seg av Guds ord. Og kor dei bad! Godt å bli bedt for, også.
Her er ungdommane sjølve med som gudstenesteleiar, lovsongsleiarar og band. Skulle ønskje vi hadde det også i Arashima og Matsue...
Ein av songane følgde meg vidare i bilen heimover.  I kyrkja song vi han på japansk, men eg fekk med meg ein note også med den engelske teksten. Etter kvart dukka også nokre norske strofer opp, som av ein eller annan grunn ga assosiasjonar til tirsdagskveldsmøta på Vestborg. Og heime fann eg songen på nr 198 i "Syng for Herren":

Ved ditt blod har du frelst oss, ved ditt blod har du kjøpt oss,
ved ditt blod kan vi stige inn i din helligdom.
Din forsoning har frelst oss, og din makt har oppreist oss,
ved ditt blod, ved ditt blod, du Guds Lam.

Gud og Far i himmelen, Jesus, du Guds sønn,
vi bøyer ned for deg og roper: Hellig, hellig.
Hør, nå synger himmelen de frigjorte sin sang:
Takk og ære til Guds Lam.

Ved ditt blod har du frelst oss...

I bilen heimover kjende eg meg velsigna og glad. Slike dagar kjenner eg det rett og slett er godt å vere her, og godt å vere til.
Og eg fekk ikkje berre vere vikar for presidenten, men til og med sendebod for Kristus! På engelsk står det rett og slett ambassadør for Kristus.
Eg fekk mellom anna tale til ei som ikkje hadde vore i kyrkja på 15 år. Denne dagen hadde broren fått henne med.

Å preike to gonger er kanskje nok på ein dag, men i Yonago har dei også ei tredje gudsteneste. Så medan eg var heime i Matsue og hadde bibelstudie med to ikkje-kristne veninner, preika eg samtidig ifrå skjermen i Yonago kyrkje. Heldigvis er det ikkje storskjerm...

Eg talte om å bere frukt denne dagen. Eigentleg ei "gammal" preike frå august, men med litt bearbeiding vart preika nesten som ny. Idag avsluttar eg med eit bilete av ei kaki-frukt i nabolaget. Eg skulle gjerne tatt imot invitasjon til å plukke kaki her i staden for å kjøpe i butikken!




No comments:

Post a Comment