Saturday, April 20, 2013

På friarfot

Det er berre vel ein månad att til den store gospelkonserten med bandet "Mikko Goes to Heaven". I komiteen er vi folk frå fleire kyrkjer. Ein av pastorane har laga flygeblad som vi skal distribuere til alle kyrkjene i byen og omegn, og samtidig er vi frimodige og leverer eit sylteglas (?) for å samle inn pengar til støtte for konserten. Øverst på lappen står det med små teikn: "For frelse og vekkjing i Sanin-området". (Sanin er området "i skuggen av fjella", det som vi også kalla "Nordfeltet" før.)
3000 flygeblad skal delast ut. Be om at dei ikkje berre blir liggjande i ein konvolutt rundt om i kyrkjene, men at dei kan kome i hendene på folk som ikkje kjenner Jesus.
I komiteen hadde vi fordelt kyrkjene vi skulle besøkje. Idag tok eg sykkelen på ei lita friarferd. Eg fekk gjort mykje på ein times tid.


Den næraste kyrkja, Matsue Higashi Alliance Church, ligg berre ca 7 minutts sykling frå der eg bur. Eg har vore der fleire gonger før, både på pastormøte for kyrkjene i byen og på julefest med studentar. Her traff eg pastoren, som tok fint imot både meg og Mikko.
Omlag 10 minutt seinare var eg ved den andre lutherske kyrkja i byen (eit resultat av at vår lutherske kyrkje i Matsue vart splitta ein gong tilbake i historia...) I denne kyrkja har dei ikkje fastbuande prest, men kvar laurdag kjem han og har gudsteneste. Eg passa på å vere der rett etter kyrkjetid (trudde eg), men der var ingen.

Neste stopp var ei baptistkyrkje som har halde til i eit privathus, men idag fann eg korkje skiltet eller huset, så dei har truleg flytta eller slutta.


Men det eg fann der skiltet har stått, var dette. I morgon er det kommuneval, og politikarane kjempar om merksemda. Desse var ganske stille, men dei bruker også høg stemme når dei køyrer rundt i bilar med høgtalarar på taket.
"Stem på meg!" Det er fleire enn meg som er på friarferd denne laurdagen.


Neste stopp er den anglikanske kyrkja. Her bur det heller ingen prest, men der var folk inne. Nokre kvinner heldt på med å førebu gudstenesta til i morgon. "Vi har ikkje prest som kjem meir enn annankvar søndag, men vi har gudsteneste likevel, altså!" sa dei. Og damene hadde høyrt om konserten og tok villig imot både flygeblad og kollektglaset.

Siste post på dagens friarferd var Kitabori kyrkje. Her stod dørene opne, men ingen svarte verken når eg ropte eller ringde på telefonen. Så eg skreiv ei melding til presten og leverte varene.

Mi friarferd var over for i dag, men politikarane ga seg ikkje før det var blitt kveld. No er det endeleg blitt stille rundt huset.

Kontrasten er stor til måten Jesus gjekk fram på. Om Messias som skulle kome, står det i Jesaja 42, 2:
"Han skrik ikkje og ropar ikkje, røysta hans høyrest ikkje i gatene."

Og det minner meg om ein song vi hadde i krinsungdomskoret for lenge sidan:

"Stille kommer Jesus, banker på din dør.
Du vet at det er han, for du har hørt hans stemme før.
Han ber om å få komme inn, han venter på ditt svar.
Han ber deg om å komme hjem, hjem til Far.

Han som står og venter, vil gi deg livets vann.
La Jesus få ditt hjerte, lukk døren opp for ham!"


3 comments:

  1. Nydelig sang Inger!
    Er lenge sidan vi sang den i koret.
    Saknar det å synge i kor, men tida strekk ikkje til..

    Natt helsing frå Gamle Noreg ;-)

    ReplyDelete
  2. Takk for det, Sigrid!
    Høyrer framleis Øyvind Yksnøy synge den.
    Eg har gammal bil med berre kassettspelar, så eg høyrer av og til på gamle kassettar med Eleos og Kairos.

    ReplyDelete