Thursday, January 5, 2012

Velkommen, Maria!



Ifrå februar får eg ein medarbeidar her i Matsue!
Maria Boganes Urstad (22) kom faktisk til Japan før meg. Foreldra hadde gått nesten to år på språkskulen då eg kom ut i 1993, og Maria var 3 år gammal. Besteforeldra var også misjonærar i Japan i mange år. No er ho 3. generasjon som kjem til Japan for NLM.
Maria tek eit halvt års pause frå studiane og vil prøve seg som korttidsmisjonær. Då søknaden hennar kom til styret her ute, var eg snar til å melde mi interesse. Eg såg føre meg kva ho kan bety i studentmiljøet. Samtidig kjenner eg også på eit stort ansvar med å skulle vere hennar næraste arbeidsgjevar.

Ein av draumane mine er at ho kan bli eit bindeledd mellom studentane og kyrkja, og at vi kan byggje opp eit ungdomsmiljø i kyrkja. Be om at ho må få god inngang både i kyrkjelyden og i studentmiljøet, og at vitnemålet hennar når inn til dei! Ho er også glad i å lage mat, så då treng eg ikkje bekymre meg for middagslaginga til Bible Club lenger.
Biletet ovanfor er ifrå ein tur ho hadde til Japan i fjor i mai. Ho ser ut til å passe godt ilag med japanske ungdommar.

Idag fekk eg vite at ho landar 2. februar på Kansai Airport, så det blir vel ikkje mange dagar før ho flyttar hit til Matsue.
Maria blir også med på skileiren ikkje mange dagane etter, og stiller som snøbrett-instruktør. Ei sporty dame, etter det eg har forstått. Eg gler meg til å få ungdommelege krefter å samarbeide med!
Velkommen, Maria!


Idag har eg skrive årsmeldingar ifrå arbeidet. Eg som ofte har tenkt at eg ikkje gjer noko særleg, fekk ein del å skrive om faktisk. Nesten så eg vart overraska. Berre alle leirane eg har vore med på i løpet av eit år er ikkje få. Mange har eg fått dele Guds ord med, også, sjølv om eg ikkje ser så mykje frukt av arbeidet enno.

Då eg såg på solnedgangen nyttårsaftan, kom ei strofe frå Anders Vassbotn i tankane:
Å leva det er som havet
å spegla Guds himmel av.


Slik ønskjer eg å leve i året som kjem. Leve slik at dei rundt meg ikkje ser meg, men ser Guds kjærleik i livet mitt.

På bileta mine er det ikkje havet, men innsjøen Shinji som speglar sola. Du kan sjå fleire bilete på lenkja her:
Facebook Album Solnedgang 31.12.11



Eg starta året med å reise på leir. Etter å ha hatt mange gjester i jula, var det godt å gå til dekka bord, både med nyttårsmat i matsalen og med god bibelundervisning i møtesalen.


Fleire bilete frå leiren finn du på lenkja under:

Facebook Album Nyttårsleir 1.-3.januar

6 comments:

  1. Ja, skal bli kjekt! Vi kjenner no henne frå lenge før ho var tiltenkt, frå då vi gjekk i klasse med Gunnar! Det er ei stund sidan no...

    ReplyDelete
  2. Du e virkelig flink til å legge ut bilde og skrive Inger!! Dyktig dame!!!

    Hilsen fra Gunvor

    ReplyDelete
  3. Takk, Gunvor! På Facebook skjer det ofte fort, men det kan ta litt tid før det kjem på bloggen. Kan ikkje skrive for mykje og for ofte, heller, for då blir nok folk lei.
    Takk for at du følgjer med!

    ReplyDelete
  4. SÅÅÅÅ kjekt at Maria kommer og hjelper til i studentarbeidet sammen med deg! Spennende at familien har vært der før!
    Lykke til og Guds velsignelse! Hilsen Marie G.

    ReplyDelete
  5. Takk, Marie! Du er flink til å gi tilbakemelding både på Facebook og her. Ja, skal bli kjekt med ei ny "dotter". Sidan eg er på alder med foreldra, blir det vel det. Faren sat forresten bak meg i klasserommet på bibelskulen. Han var ofte på besøk hos Boganes, etter det eg forstod...

    ReplyDelete