Monday, April 18, 2011

Situasjonsrapport og påskehelsing


Eg hadde ikkje tenkt å skrive blogg i kveld, men når eg allereie har skrive ferdig ein tekst for lokalavisa heime, kan også de som er utanfor Bygdeblad-distriktet få lese det. Eg hadde ein tanke om å sende ut påskehelsing pr post i staden for julebrev som aldri vart skrive, men den planen er også blitt skrinlagt...

Her kjem ei påskehelsing til bygdefolket i Ørskog og omegn, med litt bilete frå sist Bible club innimellom:

Det er gått over ein månad sidan jordskjelv-og tsunamikatastrofen nordaust i Japan. Kyrkjer i området og frivillige både frå heile Japan og utlandet gjer ein stor innsats for å hjelpe dei som er ramma av tragedien.

Nærmare 28.000 menneske er døde eller sakna etter katastrofen 11. mars. Pr 18.april er 13.858 av desse stadfesta omkomne, inkludert dei som miste livet i etterskjelv 7. og 11. april. Meir enn 136.000 menneske bur framleis på evakueringssenter. Mange av dei er evakuerte frå heimane sine på grunn av strålefaren i området rundt atomkraftverket i Fukushima. Arbeidet med å forminske radioaktivt utslepp og få kontroll over anlegget går for fullt, men det vil ta tid. Det blir sagt at dei som er evakuerte, tidlegast kan få kome heimatt etter 6 månader.

Langt unna
Etter det eg har forstått, har mange også tenkt på meg i denne situasjonen og lurt på korleis det går. Eg er difor glad for å kunne nå dykk på denne måten og fortelje at eg har det bra her og opplever det meiningsfullt å vere misjonær. Det er snakk om store geografiske avstandar, så eg er ikkje direkte berørt av det som har skjedd. Eg bur ved vestkysten ved Japanhavet, i ein liten by som heiter Matsue i Shimane fylke. Her arbeider eg som misjonær for Norsk Luthersk Misjonssamband, i samarbeid med japanske prestar. Men sjølv om det er fjernt, går sjølvsagt tankane til alle dei som har mist familie, heim og arbeid, og alle som lever i frykt for radioaktiviteten. Eg har opplevd jordskjelv tidlegare og veit det kan skje igjen. Dessutan har vi eit atomkraftverk her i Matsue,også...

Hjelpearbeid
Det kyrkjesamfunnet eg arbeider i, Vest Japan Evangelisk Lutherske Kyrkje (VJELK), har ingen kyrkjer i det jordskjelvramma området, men vi samarbeider med den landsdekkjande lutherske kyrkja JELK med både økonomisk og praktisk hjelp til dei kriseramma.

Den norske misjonæren Anniken Mori er utsending for Evangelisk Orientmisjon og arbeider ilag med ektemannen Akira Mori i ei kyrkje i Iwaki by, omlag 40 km frå atomkraftverket i Fukushima. Ekteparet har vore mykje i norsk media siste tida. Dei har opna kyrkja for matservering og hjelper mange i området.

Anniken skriv på bloggen sin:
”Det skrytes mye av japanerne generelt i mediene, og det fortjener de, men ingenting er som de kristne som kommer. De har vist mot og handlekraft og kjærlighet, mens samfunnet her har vært tafatt, og frykt og flukt har tatt overhånd. Folk i vår menighet som jeg trodde var svake, har stått på, og flere som var ikke aktive før, har kommet tilbake og hjulpet mens byen ellers har stått mest stille.”

– Vår hensikt har heile tida vore å hjelpe slik Jesus ville gjort det. Ikkje for at folk skal bli kristne, men fordi dei treng vår hjelp, seier Akira Mori.
Les meir her: http://eom.no/

Påskebodskap

Den japanske kalendaren har ingen raude dagar denne veka utanom søndag. I kyrkja sin kalendar står det påskedag på den 24.april, men dei fleste i Japan veit ikkje noko om kva påske er. På langfredag har eg muligheit til å fortelje det til mange. På føremiddag har eg ei engelsk bibelgruppe for husmødre, og kvar fredagskveld fyllest leilegheita mi av studentar frå mange land.




Sist fredag var vi 15 her hos meg. Dei fleste er ikkje-kristne, men dei viser interesse for Bibelen. Dei siste gongene har vi hatt høgtlesing frå Bibelen både på kinesisk og koreansk i tillegg til japansk og engelsk. Sist fredag viste eg også film på kjøkkenveggen. Ei kinesisk jente sa at ho miste nesten pusten då ho såg Abraham som var i ferd med å ofre sonen sin, Isak. Men Isak slapp å døy, for Gud sende dei ein ver som vart ofra i staden for Isak. Gud sparde Arbraham sin son, men han sparde ikkje sin eigen Son for oss.

Hadde det ikkje vore for denne bodskapen om Jesus som døydde og stod opp att for alle menneske sine synder, hadde eg nok aldri kome hit til Japan. Eg er glad for å få vere her og kunne formidle den beste bodskapen som finst. På påskeaftan inviterer vi til lovsong i kyrkja med påskesalmar frå mange land, og på søndag er det påskegudsteneste med ekstra mykje korsong.


Den siste veka har sakuratrea stått i full blomst. Det er flott å sjå naturen vakne til liv igjen, ikkje minst denne våren, etter ein kald og snørik vinter, og med så mange triste bilete av øydeleggjingane etter jordskjelv og tsunami. Men desse nydelege kirsebærblomstrane er allereie i ferd med å falle av. Det minner oss om kor kort og skjørt livet vårt er. Som misjonær har eg ein bodskap om noko som held sjølv om alt fell i grus, om noko som varer når alt anna sviktar. Jesus har sigra over døden, og gir liv og håp til alle som trur. Eit slikt håp treng japanarane også!

God påske!

5 comments:

  1. god påske <3 herlig lesing Inger! godt å vite at det er bra med deg!

    ReplyDelete
  2. Kjære Inger!
    Takk for flott helsing her på bloggen.
    Godt vite at du føle du har det meiningsfullt der du er. Og at du har det bra.
    God Påske frå meg og alle mine :-)

    ReplyDelete
  3. God påske, både til Helga og Sigrid!

    ReplyDelete
  4. Takk for helsing gjennom bloggen og god påske til deg. Egil har vært på Misjonssalen, tale av Per Helge Myren,(mange ferierende sunnmøringer var hjemme i påska og fant veien til Salen) men jeg måtte holde meg hjemme grunnet forkjølelse og feber, heldigvis en overgang. Jenny Marie og familien er på veg hjem til Ås etter ei lita uke hjemme på Sunnmøre i nydlig påskevær. Her er så flott, bjørka er blitt grønn og hvitveisen blomstrer. Se supersnella.blogspot.com, så finner du noen bilder fra Ålesund og Alnes..
    God påske fortsatt!

    ReplyDelete
  5. Hei, Marie! Du treng ikkje vere så anonym, eg finn ut kven du er likevel!
    Du må lese dei to neste bloggane, også. God betring!

    ReplyDelete