Monday, March 28, 2011

Søndagsskulejenter


Sist fredag reiste eg rett frå konferansen på Hiruzen via NLM-kontoret i Kobe og til venner i Osaka, der eg overnatta før bryllaupet på laurdag.
Desse to jentene var trufaste på søndagsskulen i Kita Osaka den tida eg var der, og den yngste gjekk også i ei av engelskklassene eg hadde der. No er dei blitt ganske store, om ikkje så høge. Riko er nettopp ferdig i vidaregåande, og Mako har gått ut av ungdomsskulen. Men framleis les dei Bibelen ilag med mora kvar kveld. Denne kvelden fekk eg også vere med. Storesøster Kyoko, som studerer komposisjon ved universitetet, hadde ikkje tid til å vere med denne kvelden.




Sidan det var akkurat 9 månader til jul, las vi ifrå Luk. 1 om då Maria vart vald til å bli mor til Frelsaren. Ho var kanskje ikkje eldre enn desse jentene då ho fekk englebesøk.


Far i huset er ikkje kristen, så han er meir interessert i å studere språk på fritida. Men han kom trufast på den engelske bibelklassa eg hadde i Kita Osaka. Her studerer han norsk ved frukostbordet på laurdag. I helgane oppheld han seg mykje på biblioteket, der han finn tekstbøker for ulike språk. Han hadde mange gode spørsmål om det norske språket.

Mor i huset følgjer alltid med på bloggen min, så her passar det med ei lita helsing på japansk, for ein gongs skuld:
藤原さん、本当にお世話になりました!一緒に聖書を読む時間もいい思い出になりました。
4月またよろしくお願いします!

1 comment: