Saturday, March 19, 2011

Ikkje sjølvsagt

Det er mange ting ein ser i eit anna perspektiv i den situasjonen Japan er i no. Eg har vore på leir ilag med omlag 30 studentar ifrå fleire fylke i Vest-Japan. Vi tre ifrå Shimane var dei som reiste lengst. Kvart år i mars er det KGK-leirar over heile landet, men i år vart det annleis. På grunn av jordskjelvkatastrofen i Nordaust-Japan vart studentleiren i den landsdelen avlyst, og ein leir lenger sør vart avbroten på grunn av jordskjelvet i Shizuoka nokre dagar seinare, og deltakarane vart sende heim.

- Det er ingen sjølvfølgje at vi har kunna fullføre leiren, sa lagssekretær Takagi, som var innlånt ifrå Kyoto, fordi lagssekretæren vår, Yajima, vart liggjande heime med influensa.


Studentar i bøn for dei jordskjelvramma, særleg for kristne medstudentar i nord som ikkje kunne samlast til leir. Det vart bedt både tidleg og seint, mange gonger for dag.

Tema for leiren var "Kva er meininga med livet? Kva vil Gud med livet mitt?" På bakgrunn av det som hadde skjedd, brukte pastor Kitano bibeltimen første kvelden på spørsmålet som alle truleg kom med til leiren: Korleis kan ein kjærleg Gud tillate at slike katastrofer skjer?

- Gud skapte verda fullkomen, men på grunn av syndefallet vart jorda lagt under forbanning. Ikkje alt som skjer, er Guds vilje, men ingenting skjer utan at Gud tillet det. Den ytterste sirkelen viser det som Gud tillet, den neste er det som er Guds vilje, og den inste sirkelen det som er Guds plan, som alltid skjer, forklarte Kitano. Jordskjelv er eitt av teikna på at denne verda skal ta slutt og at Gud vil skape noko nytt. Etter ein lang og grundig bibeltime avslutta han med å seie:

- Vi kjenner det er tragisk at så mange menneske har mist livet i denne katastrofen. Men talet på dei som døyr i løpet av eit år utan å kjenne Jesus, er så mykje større, og det skulle bli ei nød for oss, at vi må nå dei med evangeliet.


Yuki (t.v.) var ei av dei to jentene eg hadde med meg ifrå Matsue. Ho har vore på fleire KGK-leirar og møtte venner, og fekk også nye venner. Det var på KGK sin sommarleir for 1 1/2 år sidan ho tok imot Jesus.

Lovsong (video):

KGK camp in Fukuyama March 14-17 from Inger Valbø on Vimeo.



Her er litt fleire glimt ifrå leirlivet:

Flaggermus-leiken likna litt på katt- og mus-leiken, men litt meir action:

KGK camp - The Bat and the Moss from Inger Valbø on Vimeo.




Frukost


Kven skal rydde av bordet?


Nyheiter i TV-kroken. Onsdag 16. mars: Situasjonen for atomkraftverket i Fukushima blir forklart. Og det har vore eit skjelv sør for Tokyo, i Shizuoka nær Fuji-fjellet.


- Happy birthday!
Kjekt at nokon her også visste om dagen min. Seinare på kvelden ringjer Hjalmar Bø og Jan Sandvik ifrå hovudkontoret. - Gratulerer med dagen! seier Hjalmar når dei endeleg får kontakt på mobilen min etter eit langt kveldsmøte.
Men det er ikkje for å gratulere dei ringjer. Dei vil ha meg heimatt til Norge! Kva svarar ein på sparket i ein slik situasjon? Eg bad om betenkningstid til neste dag. -Håper det ikkje ødelegg nattesøvnen då, sa Jan, men eg må innrømme at eg hadde ei litt dårleg natt.

Og konklusjonen? Som de sikkert forstår, så er eg her enno. Både eg og dei fleste av mine kollegaer vurderer situasjonen mindre dramatisk enn i Norge, så eg har valt å bli inntil eg eventuelt skulle bli evakuert. Eg kjenner meg ganske trygg, og dette er ei spesiell tid då eg trur det er viktig at også misjonærar er i landet.


Her er heile flokken.



Siste stopp på veg heim, på Hiruzen Service Area. Yuki og Megumi var passasjerane mine. Ein lang køyretur på omlag 24 mil kvar veg.


Det var ikkje så mange som kunne kome på Bible Club denne fredagen i ferien, men eg hadde to nye, 4 år gamle Nanaka som bur rett under meg, og mora.


Nanaka vart venner med studentane og gjekk frå det eine fanget til det andre. Ryoko, som vi hadde avskjed for forrige fredag, kom direkte tilbake ifrå Taiwan for å ta farvel endå ein gong.

Før eg avsluttar, vil eg berre takke for alle helsingar, gode ord og lovnader om forbøn eg har fått på e-post og Facebook dei siste dagane. Etter tre-fire dagar til fjells utan internett hadde det hopa seg opp over 200 meldingar. Eg har hatt mykje å gjere etter at eg kom heim, så eg har ikkje hatt tid til å svare alle. Men hjarteleg takk! Og vil du gjere noko konkret for Japan i tillegg til å be, kan du gå inn her og gi ditt bidrag:
HJELP JAPAN!
Japanarane treng di hjelp!

3 comments:

  1. Godt å samlast slik dokke gjorde her!
    Så flott at også NLM gjer noko for å hjelpe konkret!

    Stor bursdagsklem til deg :-)

    ReplyDelete
  2. Trur katastrofa i japan kan bety noko viktig for japansk kristenliv, bra å ha misjonærar der :D

    ReplyDelete