Saturday, October 16, 2010

"Dette er ikkje dykkar strid, men Guds."

Desse orda frå 2. Krøn. 20, 15 har blitt til oppmuntring for meg sjølv etter først å ha studert teksten ilag med ungdommane i går kveld.
Bible Club samla 8 deltakarar denne fredagskvelden.


Hiroki hadde meldt seg til å lage dagens middag, ein japansk variant av vietnamesisk mat laga av kinesiske nudlar.


Og alle fekk lage sine eigne vårrullar, som vi duppa i chillisaus.


Hovudmenyen er alltid frå Bibelen. Forteljinga om kong Josjafat som søkte Herren i si nød og fekk sjå korleis Gud greip inn, såg ut til å engasjere.

"Vår Gud, vil du ikkje halda dom over dei? For vi har ikkje makt nok til å stå mot denne store hæren som kjem imot oss. Vi veit ikkje kva vi skal gjera; men augo våre er vende mot deg." Slik bad kongen i si nød.



Gjennom levitten Jahasael kom svaret ifrå Herren: "Lyd etter, alle judearar og de som bur i Jerusalem, og du kong Josjafat! Så seier Herren til dykk: Ottast ikkje og ver ikkje redde for denne store hæren; for dette er ikkje dykkar strid, men Guds."

Den kinesiske studenten Wei (t.h.) var på Bible Club for første gong. Eg har fått lov til å sitere kva ho skreiv i loggboka etter bibelstudiet:
"Dette er første gong eg lærer noko slikt. Og eg har heller aldri bedt om hjelp frå Herren Gud. Frå no av kan det vere ein god måte å be til Gud når eg møter problem."
Ho seier ho har lyst til å komme på Bible Club når ho har anledning. Vi skal forresten også treffast i morgon kveld, så kanskje vi får ein sjanse til å snakke meir om Bibelen.


Ryoko og Akiko øver på den engelske bibelteksten.
Seinare på kvelden tilbaud dei seg å hjelpe meg med oppvasken.
Medan vi står ved oppvaskbenken, seier Akiko (til høgre i biletet) at det er noko ho gjerne vil snakke med meg om. Ho har gitt meg lov til å skrive om det for at mange kan vere med og be for henne.
Medan ho var her, hadde ho fått telefon frå søstra si, og ho hadde sagt ho var hos misjonæren.
- Har du ikkje slutta med kristendommen enno? hadde søstra sagt ganske kvasst. Foreldra er også veldig imot at Akiko har bestemt seg for å vere ein kristen. Og så spør Akiko meg om råd kva ho skal gjere.
Som utlending er det ikkje lett for meg å setje meg inn i hennar situasjon, men eg sa at ho kan prøve å vise foreldra sine at ho ikkje vil svikte dei sjølv om ho er ein kristen, og spurde om ho er ofte heime.
- Ja, men når eg kjem heim, tvingar dei meg til å tilbe framfor fedrealteret, sukkar ho, og tårene trillar nedover det elles så smilande ansiktet.
- Men eg tilber ikkje, altså, eg berre gjer det i det ytre, seier ho.

Lat oss hugse på Akiko og be om at ho ikkje gir etter for presset, men at ho kan få sjå og merke at dette er Herrens strid og ikkje hennar eigen.


Etter oppvasken var det tid til litt Uno.

Eg synest det er kjekt at ungdommane ser ut til å trivast i leilegheita mi.

I dag ettermiddag fekk eg ei melding på mobiltelefonen frå Nadine, veninna mi frå Jamaica, som også var på Bible Club i går. Overskrifta var "Det er Herrens strid":
" Når du kjenner deg mismodig i arbeidet her i Japan, ønskjer Herren å minne deg om at striden er hans, ikkje din. Du skal berre stå og sjå korleis Herren frelser deg! Eg ber for deg!"

Takk, Nadine!

I ettermiddag har eg endeleg fått byrja litt på jobben som redaktør for den nye nlm.no si Japanside. Alt er nytt, og det ser ut til å vere mykje å setje seg inn i. Men no er iallfall lista over misjonærar oppdatert, med e-postadresser, telefonnummer og postadresser. Så inga unnskyldning for ikkje å sende julebrev! Vi tek gjerne imot helsingar før den tid, også.

6 comments:

  1. Veldig glad i bloggen din, Inger, de e nesten som å være tilbake i Japan - og de e fint. :)

    E kom til å tenke på en ting da e leste de du skreiv om ho Akiko:

    Silje (Måseide) va på Hillsong-konferanse i London nettopp, og blei veldig inspirert der. Etterpå blogga ho et utdrag fra en tale derfra på bloggen sin, på engelsk - og e tenkte at de kanskje kunne være akkurat de Akiko trengte å høre...

    Her e linken:
    http://findag.wordpress.com/2010/10/12/1600/#more-1600

    Spesielt syns e at ditte avsnittet sterkt:

    "The one thing that will not fail to reach people is to love them with an unfailing love, no matter what. It is powerful. We should talk to someone the enemy has separated us from, eat with them and have a relationship with them. It’s love that never fails. It may take a month or a lifetime, but if we keep on showing love like we’ve never been hurt it will not fail."

    Gud velsigne deg! ^_^

    ReplyDelete
  2. Hei, Narve!
    Tusen takk for tilbakemelding. Kjekt å vite at bloggen betyr noko for andre. Det inspirerer til å fortsetje.
    Eg har allereie sendt linken på Facebook til Akiko. Takk for at du også vil vere med og be. Skriv du for Siembra enno? Sjølv om de ikkje har Japanprosjekt no, er det kanskje litt plass til Japanstoff likevel?

    ReplyDelete
  3. Ikke for Siembra, men for iTro, og der snike de se inn litt Japan innimellom, ja! Man kan aldri få for mye Japan, e mitt motto ;)

    ReplyDelete
  4. Du må gjerne snike litt meir. Aldri for mykje Japan, nei! Bra motto:)

    ReplyDelete
  5. Kjempefint å lese om dette Inger! Eg skal be for Akiko - definitivt! Godt å bli mint om at nokre gongar er det Herren sin strid....Han er mektig til å frelse oss - Halleluja! Amen!

    ReplyDelete
  6. Takk for tilbakemelding, Jan Arne! Kjekt at stadig nye kommenterer bloggen, og ikkje minst tek med arbeidet på bønnelista!

    ReplyDelete