Saturday, August 28, 2010

Varmt nok!


I dag tidleg landa eg trygt på Kansai International Airport i Osaka. Det første eg gjorde, var å bytte om til ei lettare bukse, skifte ut sko med sandalar og pakke ned flisjakka, men likevel er det ganske varmt, ja. Å gå frå 10 grader ein dag til 35-36 grader er litt stor overgang.

Biletet ovanfor er frå Lillestrøm stasjon, der eg starta reisa i går tidleg. Det blir lenge til eg treng jakke her, ja...

No sit eg inne på kontoret til Yoko, ei veninne i Osaka. Her skal eg vere til måndag morgon. Ikkje på kontoret hennar, altså, men eg får bu hos henne og foreldra, og i morgon skal eg vere med på gudstenesta heri Kita Osaka.
Så reiser eg til Kobe og vidare til Hiruzen Bible Camp på måndag. Etter ei forhåpentlegvis litt kjøligare natt oppe i fjella der, skal eg vere med flyttelasset mitt til Matsue. Heldigvis har eg air condition i leilegheita, så det går vel an å få byrje med utpakkinga.

Torsdags morgon vart eg møtt av desse misjonsvennene på Åndalsnes stasjon:

Johan og Selma Moldsvor, Einar Oterholm og Elin Moldsvor hadde møtopp for å ta farvel med misjonæren. Og då eg var komen inn på toget, stemde plutseleg Selma i "Navnet Jesus". Eg har dei på video her:

Salmesong på Åndalsnes stasjon from Inger Valbø on Vimeo.



Dette blir visst omvendt kronologisk rekkefølgje. Eg tenkte å ta med litt også ifrå gravferda til mamma sist tirsdag. Det vart ein fin dag, med mykje song og helsingar. Ole Os song igjen helsinga frå mamma til utreisefesten min. Men no var det ifrå koret i kyrkja, framme ved kista. Og bodskapen til alle som var komne i gravferda, var framleis: "Forlik deg nå med Gud!"

Jeg er på reise her from Inger Valbø on Vimeo.




Allereie den dagen ho bar meg til dåpen på Kristi himmelfartsdag, tenkte mamma på at eg kanskje skulle bli misjonær. Ho har vore med og bedt for meg og arbeidet. "No har du ein forbedar mindre, " sa ein onkel ved båra. Kven vil ta over etter mamma?



Lat dine born få gledebodet bera,
gjev av din rikdom, så dei ut kan gå.
I dine bøner må du med dei vera,
alt det du gjev, av Gud du att skal få.


Dette verset synest eg passar godt på mamma og pappa. Dei fekk vere med og sende meg ut. No trengst det unge foreldre som vil sende sine born ut med den glade bodskapen.

Syng fagnadbodet, bodet om fred,
bodet om Jesus, det folkeslaga gled!

4 comments:

  1. Der var du ja..
    Har tenkt på deg :-)
    Gode glimt frå dei siste dagane heime i Noreg!
    No er du heime i Japan..
    Vi skal fortsatt hugse på deg.
    kjekt at dette også er ein måte å halde kontakt på.

    ReplyDelete
  2. Takk, Sigrid!
    No skal eg snart ut og ete middag/kvelds ilag med Yoko, Yuko og Yoshiko. Kanskje det blir bilete i morgon.

    ReplyDelete
  3. Fin og variert ny blog du har starta på! Lykke til med ny periode i teneste for Jesus!

    Helsing Jon Arne Lillebø

    ReplyDelete
  4. Takk for det. Her kjem det stadig vekk noko nytt. Har bra internett-tilgang her i Osaka iallfall.

    ReplyDelete