Saturday, April 2, 2011

Bible Club i ferien


Eg var spent på om nokon ville kome på Bible Club når det framleis er ferie, og fleire av mine faste medlemmer har reist sin veg. Men vantrua vart til skamme. Tre studentar og tre engelsklærarar samlast.

"Fårikål" med kylling i staden for får gjekk unna med norsk Kavli flatbrød, kjøpt i Matsue.


Carmella og Scott hadde enno ikkje fått snudd døgnet etter nettopp å ha kome att frå Florida, men dei stilte likevel opp.

Det nærmar seg påske, og i går studerte vi teksten om då Jesus stod for den høge råd på langfredags morgon. I staden for å stille spørsmåla i tekstboka, utfordra eg studentane sjølve til å stille spørsmål, og det vart veldig lærerikt. Trur eg skal gjere meir av det!
- Kva meiner Jesus når han seier at Menneskesonen skal kome i skyene? Er det ein advarsel?
- Kvifor ville jødane dømme Jesus til døden?
Gode spørsmål! Eg trur dei lærte litt meir om kven Jesus er og kvifor han kom til jorda.


Slik dessert hugsar eg mor mi laga då eg var liten. Eg har tidlegare fortalt om einaste måten vi et rå egg på i Norge, og no fekk dei sjansen til å prøve det. Piska eggedosis med appelsinbitar i og riven sjokolade på toppen. Dei likte det, også!


Kjekt også å sjå Nadine igjen!


Og no er det snart vår!

Ungdomsleir før skulestart

Medan sola gjorde sitt beste for å smelte bort snøen, var 29 ungdommar og arbeidarar frå nordfeltet samla til leir på Hiruzen 29.-31.mars.


Nokre aktivitetar gjekk føre seg oppå snøen, medan andre egna seg best på tørr grusveg.
Også innandørs var det stort engasjement. Sjå (og høyr!) video nedanfor.

Youth Camp at Hiruzen 2011.3.29-31 from Inger Valbø on Vimeo.




Tema for leiren var True Love & True Life, Sann kjærleik og sant liv.


Ungdommane i Yonago kyrkje stilte med eige band.


Pastor Matsumura dirigerer ikkje. Han talar til ungdommane.


Morgonbøn


Yoshua var på tenåringsleir som deltakar for første gong. I april blir han ungdomsskuleelev. Her studerer han den finske Bibelen til Antti.


For å gi ungdommane ein billigare leir og for å gi dei eit eigarforhold til leirstaden, var det sett av ein ettermiddag til dugnadsarbeid. Golv vart støvsuga, vaska og bona, så no skin det etter dei både i matsalen og i korridorane.


Som takk for strevet fekk dei vafler.


Kjøkkengjengen er også ferdig med jobben sin.

(Foto: Katsuhiro Igi)
Ein livleg gjeng. Når ein tenkjer på at omlag ein tredjedel var prestar og misjonærar, og dei aller fleste ungdommane kom frå Yonago, betyr det at det var få i frå dei andre 9 kyrkjene på nordfeltet. Sjølv om det er skuleferie, er det ikkje så lett å samle skuleelevar. Også i ferien er det klubbaktivitetar, og dei som skal byrje på ny skule, er kanskje opptatt av det. Dessverre fekk vi ikkje med oss ein einaste ungdom frå dei fem kyrkjene vest for Yonago. Heldigvis har vi ein liten flokk tenåringar som samlast i kyrkja i Matsue på søndagane, men eg skulle så gjerne hatt dei med på leir, også...


Lufta går ut av ballongen. Antti Kiviranta kom rett ifrå ein tilsvarande leir på sørfeltet, og kom den lange vegen opp til oss for å lære oss nye aktivitetar og for å tale Guds ord. Snakk om leirkondis!

Klikk på Facebook Fotoalbum nedanfor for å sjå fleire bilete:

Facebook Fotoalbum

(Klikkar du på det første biletet, får du det større, og du kan bla gjennom albumet ved å klikke vidare på pila i høgre kant av kvart bilete.)

Thursday, March 31, 2011

Barn i Kenya ber for Japan

Eg må berre få dele denne videoen med dykk. Eg vart rørt til tårer av tårene og bønene deira.

Monday, March 28, 2011

Bryllaup med stil


No har Naoto fått si Hiroko. Det var ein strålande dag, men det var nok kanskje med litt blanda kjensler å feire bryllaup etter det som har skjedd i Japan siste vekene. Likevel -at ungdommar vel å stifte heim ilag viser at livet går vidare, trass alt.
(Foto: Rei Nagata)

Sjå video av Naoto som fører bruda si nedover "kyrkjegolvet" i hotellkapellet:

Happy Wedding 2011.3.26 from Inger Valbø on Vimeo.




Dei var berre heilt nydelege, begge to!


Det var også kjekt å treffe igjen Yoko og andre venner ifrå Kita Osaka kyrkje, der eg arbeidde i 6 år.
Ifrå hotellet var det flott utsikt til Osaka Castle park. Du kan skimte borga midt mellom meg og Yoko.


Fleire venner ifrå Osaka-tida. Eg var den einaste med sunnmørsbunad i bryllaupet, og einaste norske, også, for den del.


Kyrkjekoret song under middagen, og kva var meir naturleg enn at brudgommen også stilte opp? Dei har trass alt berre ein tenor...

Lytt til songen deira her:

Great is Your Faithfulness from Inger Valbø on Vimeo.



Dei fleste gjestane var ikkje kristne, så bryllaupet var også eit høve for Naoto og Hiroko til å vitne om trua si. Og det gjorde dei, også.


Eg las nettopp i Vårt Land at japanarar ikkje viser så mykje kjensler anna enn i spesielle samanhengar, som i til dømes bryllaup, stod der, og det stemmer nok. For då Hiroko heldt tale og takka foreldra og storebroren, var det ikkje fritt for tårer.


Etter at dei har gitt blomster til foreldra, er det Naoto sin tur til å takke sine foreldre.


Bryllaupsfesten er over på 2 1/2 time (1/2 time på "overtid"), og tårene er bytta ut med smil. Takk for at du kom! Og så gir dei oss gåver til å ta med heim, i tillegg til den store posen med gåver som vi allereie har fått utdelt ved bordet.



Ei av gåvene var ein CD med seks korte intervju med Hiroko og like mange med Naoto.

"Our Testimony about the Third String" er tittelen på CDen. Verset som dei hadde inngravert i armbanda frå forlovingsdagen, gjekk igjen som ein raud tråd i fleire innslag under festen:

"Om nokon vinn over den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd slitnar ikkje så snart."
Forkynnaren 4,12
"Den tredje tråden" er Gud. Å ha han med i alt, gjer ekteskapet meir slitesterkt.

Intervjua er tidlegare blitt sendt på Lutheran Hour sitt radioprogram, som har sendingar kvar morgon frå måndag til laurdag. I intervjua fortel begge to kvar for seg korleis dei har blitt leia til tru og korleis det er å leve som kristne. Hiroko vart ein kristen i 2008, og Naoto for omlag 8 år sidan. Han fortel om den første Norgesturen som vart eit vendepunkt for han.
Etter eg kom heim og såg på biletet på CD-coveret, oppdaga eg at det er rett og slett Ørskog kyrkje som er avbilda! Biletet tok han 3. mars i fjor då han var tilbake på Sjøholt ein snartur.

Naoto har sagt at hadde han ikkje blitt kjent med meg, ville han kanskje ikkje ha blitt ein kristen, eller iallfall ville han ikkje ha blitt det så tidleg! Det er stort å oppleve å få vere ei lita brikke i Guds puslespel...


Og dei levde lukkeleg alle sine dagar. Så får vi be om at det ikkje berre er sant i eventyra, men også i det verkelege livet. Med Gud som den tredje i den tretvinna tråden.

For å sjå fleire bilete, klikk på Facebook Fotoalbum nedanfor:

Facebook Fotoalbum

(Klikkar du på det første biletet, får du det større, og du kan bla gjennom albumet ved å klikke vidare på pila i høgre kant av kvart bilete.)

Søndagsskulejenter


Sist fredag reiste eg rett frå konferansen på Hiruzen via NLM-kontoret i Kobe og til venner i Osaka, der eg overnatta før bryllaupet på laurdag.
Desse to jentene var trufaste på søndagsskulen i Kita Osaka den tida eg var der, og den yngste gjekk også i ei av engelskklassene eg hadde der. No er dei blitt ganske store, om ikkje så høge. Riko er nettopp ferdig i vidaregåande, og Mako har gått ut av ungdomsskulen. Men framleis les dei Bibelen ilag med mora kvar kveld. Denne kvelden fekk eg også vere med. Storesøster Kyoko, som studerer komposisjon ved universitetet, hadde ikkje tid til å vere med denne kvelden.




Sidan det var akkurat 9 månader til jul, las vi ifrå Luk. 1 om då Maria vart vald til å bli mor til Frelsaren. Ho var kanskje ikkje eldre enn desse jentene då ho fekk englebesøk.


Far i huset er ikkje kristen, så han er meir interessert i å studere språk på fritida. Men han kom trufast på den engelske bibelklassa eg hadde i Kita Osaka. Her studerer han norsk ved frukostbordet på laurdag. I helgane oppheld han seg mykje på biblioteket, der han finn tekstbøker for ulike språk. Han hadde mange gode spørsmål om det norske språket.

Mor i huset følgjer alltid med på bloggen min, så her passar det med ei lita helsing på japansk, for ein gongs skuld:
藤原さん、本当にお世話になりました!一緒に聖書を読む時間もいい思い出になりました。
4月またよろしくお願いします!

Thursday, March 24, 2011

- Takk for at de er her!


Familien Igi hadde førebudd ei gåve til generalsekretær Åsland og Asia-sekretær Gillebo, som skulle vere med på konferansen, men sidan dei ikkje kunne kome, valde dei å overrekkje gåva til misjonærane som valde ikkje å reise heim.
Her blir gåva overrekt Tore Jåtun av Yoshua Igi.


Gåva var lange remser av bretta papirtraner. Tusen takk, Yoshua og resten av familien!

På misjonærkonferanse

Bortsett frå ein norsk-svensk familie og ein finsk familie er vi alle samla til konferanse på Hiruzen denne veka. Sjølv om gjestane frå NLM-leiinga ikkje kunne kome, har vi hatt nok å snakke om desse dagane.


Sunnmøringane Kirsti Strand (f.v.), Ingebjørg Hildre og eg med sakspapir, kaffikopp og PC.


Misjonssekretær for den finske samarbeidspartnaren FLOM, Tapio Pokka (t.h.), er også tidlegare Japanmisjonær. Han let seg ikkje stoppe av råd om ikkje å reise til Japan. Her i samtale med stedlig representant for NLM, Tore Jåtun.

- Kallet til Japan var sterkare enn råda om ikkje å reise, seier Tapio. - Japan er landet eg elskar. Eg måtte finne ut av den verkelege situasjonen og kor farleg det verkeleg er å vere i Japan no. Det er vanskeleg å få eit klart bilete berre via internett. Det er mykje du ikkje forstår utan at du er på innsida. Eg har mist litt tilliten til det media formidlar.
Eg anklagar ikkje leiinga i NLM for det den avgjerda dei har tatt. Det er ikkje lett å måtte ta viktige avgjerder på kort tid i ein slik situasjon, seier Pokka.


Desse gutane bur på Hiruzen heile året, nokre på senteret og nokre nede i bygda.


I går fylte Yuga 7 år, og får finsk sjokolade frå Tapio.

Også ein annan finsk misjon (FLM) hadde sin konferanse parallelt med oss. I går kveld hadde vi fellessamling. FLM har mange unge familiar med små barn, så det var mykje liv. Her er ein liten video frå kvelden i går:

Missionary Fellowship from Inger Valbø on Vimeo.




Samarbeidsevna til nokre ektepar vart testa.


Yoshia har hatt avslutning på barneskulen denne dagen og får overrekt gåve som ekteparet Kiviranta har samarbeidd om.


Kake med 7 lys for lillebror Yuga.


FLM-misjonærane takka for fellesskapet og reiste heim i dag. Dei har lært seg eit norsk bordvers denne veka.


Johanna Tervonen er finsk, men ho høyrer til FLOM og dermed ei av NLM-misjonærane i Japan. I fjor fekk ho eit brev frå ei ukjent, eldre misjonskvinne i Finland, som har bedt for henne sidan ho var eitt år, om at kanskje denne jenta skulle bli misjonær. Johanna har ikkje lært å ete eple på japansk vis enno, men språket er godt på plass, og frå 1. april startar ho i arbeid i Aust-Okayama kyrkje.


Yoko Igi prøver å grave fram våren. - Eg vil hjelpe blomstrane fram, seier ho. Namnet hennar betyr forresten "sol-barn".