Saturday, March 19, 2011

Ikkje sjølvsagt

Det er mange ting ein ser i eit anna perspektiv i den situasjonen Japan er i no. Eg har vore på leir ilag med omlag 30 studentar ifrå fleire fylke i Vest-Japan. Vi tre ifrå Shimane var dei som reiste lengst. Kvart år i mars er det KGK-leirar over heile landet, men i år vart det annleis. På grunn av jordskjelvkatastrofen i Nordaust-Japan vart studentleiren i den landsdelen avlyst, og ein leir lenger sør vart avbroten på grunn av jordskjelvet i Shizuoka nokre dagar seinare, og deltakarane vart sende heim.

- Det er ingen sjølvfølgje at vi har kunna fullføre leiren, sa lagssekretær Takagi, som var innlånt ifrå Kyoto, fordi lagssekretæren vår, Yajima, vart liggjande heime med influensa.


Studentar i bøn for dei jordskjelvramma, særleg for kristne medstudentar i nord som ikkje kunne samlast til leir. Det vart bedt både tidleg og seint, mange gonger for dag.

Tema for leiren var "Kva er meininga med livet? Kva vil Gud med livet mitt?" På bakgrunn av det som hadde skjedd, brukte pastor Kitano bibeltimen første kvelden på spørsmålet som alle truleg kom med til leiren: Korleis kan ein kjærleg Gud tillate at slike katastrofer skjer?

- Gud skapte verda fullkomen, men på grunn av syndefallet vart jorda lagt under forbanning. Ikkje alt som skjer, er Guds vilje, men ingenting skjer utan at Gud tillet det. Den ytterste sirkelen viser det som Gud tillet, den neste er det som er Guds vilje, og den inste sirkelen det som er Guds plan, som alltid skjer, forklarte Kitano. Jordskjelv er eitt av teikna på at denne verda skal ta slutt og at Gud vil skape noko nytt. Etter ein lang og grundig bibeltime avslutta han med å seie:

- Vi kjenner det er tragisk at så mange menneske har mist livet i denne katastrofen. Men talet på dei som døyr i løpet av eit år utan å kjenne Jesus, er så mykje større, og det skulle bli ei nød for oss, at vi må nå dei med evangeliet.


Yuki (t.v.) var ei av dei to jentene eg hadde med meg ifrå Matsue. Ho har vore på fleire KGK-leirar og møtte venner, og fekk også nye venner. Det var på KGK sin sommarleir for 1 1/2 år sidan ho tok imot Jesus.

Lovsong (video):

KGK camp in Fukuyama March 14-17 from Inger Valbø on Vimeo.



Her er litt fleire glimt ifrå leirlivet:

Flaggermus-leiken likna litt på katt- og mus-leiken, men litt meir action:

KGK camp - The Bat and the Moss from Inger Valbø on Vimeo.




Frukost


Kven skal rydde av bordet?


Nyheiter i TV-kroken. Onsdag 16. mars: Situasjonen for atomkraftverket i Fukushima blir forklart. Og det har vore eit skjelv sør for Tokyo, i Shizuoka nær Fuji-fjellet.


- Happy birthday!
Kjekt at nokon her også visste om dagen min. Seinare på kvelden ringjer Hjalmar Bø og Jan Sandvik ifrå hovudkontoret. - Gratulerer med dagen! seier Hjalmar når dei endeleg får kontakt på mobilen min etter eit langt kveldsmøte.
Men det er ikkje for å gratulere dei ringjer. Dei vil ha meg heimatt til Norge! Kva svarar ein på sparket i ein slik situasjon? Eg bad om betenkningstid til neste dag. -Håper det ikkje ødelegg nattesøvnen då, sa Jan, men eg må innrømme at eg hadde ei litt dårleg natt.

Og konklusjonen? Som de sikkert forstår, så er eg her enno. Både eg og dei fleste av mine kollegaer vurderer situasjonen mindre dramatisk enn i Norge, så eg har valt å bli inntil eg eventuelt skulle bli evakuert. Eg kjenner meg ganske trygg, og dette er ei spesiell tid då eg trur det er viktig at også misjonærar er i landet.


Her er heile flokken.



Siste stopp på veg heim, på Hiruzen Service Area. Yuki og Megumi var passasjerane mine. Ein lang køyretur på omlag 24 mil kvar veg.


Det var ikkje så mange som kunne kome på Bible Club denne fredagen i ferien, men eg hadde to nye, 4 år gamle Nanaka som bur rett under meg, og mora.


Nanaka vart venner med studentane og gjekk frå det eine fanget til det andre. Ryoko, som vi hadde avskjed for forrige fredag, kom direkte tilbake ifrå Taiwan for å ta farvel endå ein gong.

Før eg avsluttar, vil eg berre takke for alle helsingar, gode ord og lovnader om forbøn eg har fått på e-post og Facebook dei siste dagane. Etter tre-fire dagar til fjells utan internett hadde det hopa seg opp over 200 meldingar. Eg har hatt mykje å gjere etter at eg kom heim, så eg har ikkje hatt tid til å svare alle. Men hjarteleg takk! Og vil du gjere noko konkret for Japan i tillegg til å be, kan du gå inn her og gi ditt bidrag:
HJELP JAPAN!
Japanarane treng di hjelp!

Sunday, March 13, 2011

"... og havet var ikkje meir"

Ei linje frå teksten pastor Maekawa preika ifrå i dag, gjorde inntrykk på meg. Eg har aldri tenkt på kva det betyr at når Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord, så skal der ikkje meir vere noko hav. Presten hadde ikkje vald tekst utifrå det som har skjedd dei siste dagane, men han har gått gjennom eitt kapittel i Johannes openberring kvar søndag, og var idag komen til nest siste kapittel. Men aldri har vel teksten passa betre enn no.

Joh. op 21 opnar slik:
"Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. " (v.1)

For oss her i Japan, og for alle rundt om i verda som har sett korleis havbølgjene har herja landet her, forstår kva dette betyr. Denne verda skal ikkje bli verande for evig. Det verkar som om det som no skjer, er fødselsveer som aukar i intensitet framfor ein ny fødsel. Jesus har førebudd oss på dette.

Ein dag skal det skje noko nytt, og då er det slutt på all liding. Men eg kan likevel ikkje forklare kvifor Gud let så mange menneske døy...

"Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte." (v.4)

Eg har høyrt radio heile tida i bilen på veg til Izumo i dag tidleg, og heimatt i kveld. Mellom kl 8 og 9 kom det melding om to nye skjelv, og også på veg heimatt, mellom 20.30 og 21.30, kom det også melding om nye skjelv. Og i løpet av dei to-tre neste dagane er det 70% sjanse for eit kraftig skjelv i samme området, vart det sagt.
Og frå Sendai, den hardast ramma byen, vart det lese opp kor mange som sidan fredag ettermiddag har site innesperra i vassmassane. Hundrevis og tusenvis som framleis ikkje er blitt berga ut.


Eg må få nemne denne familien igjen, mine tidlegare naboar, som eg tok farvel med for vel ei veke sidan, nøyaktig ei veke før det store jordskjelvet. Dette er siste biletet eg tok av dei før dei flytta. Eg fekk melding frå kona i dag, om at i går kveld hadde dei fått att straumen, så ho og guten kunne flytte heimatt. Dei hadde evakuert på fredag. Mannen hadde nettopp byrja i ny jobb (omplassert frå Matsue) i ein annan by, truleg nærare havet. No i dag hadde han endeleg kome seg heim. Bilen var tatt av tsunamien, fortalde ho...
Det vart plutseleg så nært. Denne bilen som eg har sett kvar dag i over to år, vart tatt av havet. Så godt at ingen av dei var i bilen!

Eg kjenner det har blitt litt for lite søvn sist natt, og det har vore ein lang dag, så eg burde ha avslutta for lenge sidan. Men når eg først set i gong med skriving, er eg visst vanskeleg å stoppe...

I morgon tidleg skal eg ut på ein ny biltur. (langt ifrå havet...) Eg skal ha med meg to jenter på studentleir. Eg fekk nettopp melding frå lagssekretæren om at han har fått influensa og kan ikkje kome før tidlegast på onsdag, men han har fått ein reserve ifrå tirsdag. Så i morgon er det kanskje eg som må steppe inn.

Eg tek med meg PC, men eg veit ikkje om det er mulig å komme på internett.
Ha ei god veke på din plass!

Saturday, March 12, 2011

Dagen derpå

Det er blitt laurdag kveld i Japan. I dag har brukt mange timar framfor PCen, til å sjå nyheiter på internett og ta imot/gi meldingar til venner i Norge. Samtidig har eg radioen på og høyrer nyheiter på japansk. Eg har nettopp vore inne på Vårt Land si side og sett nokre biletseriar om tilstanden etter jordskjelvet og flodbølgjene i går. Det som gjorde sterkast inntrykk, var biletet ifrå ein skule som var gjort om til eit likhus... Og på eit tak var det skrive "SOS! Vi kjem oss ikkje ut!" Der er folk som lever og som treng hjelp.

Over bileta, øverst på Vårt Land si side, står dagens Bibelvers:
"Mine kjære, la oss elske, ikke med tomme ord, men i gjerning og sannhet." 1 Joh 3, 18

Og her sit eg. Kva kan eg gjere? Be, ja. Og oppfordre andre til å be.
Situasjonen for to atomkraftverk i Fukushima er usikker. Mange er evakuerte, og området for dei som må evakuere, er blitt utvida frå 3 km til 10 km, og no til 20 km frå det eine atomkraftverket og 10 km frå det andre.

Fleire har lurt på kor langt unna eg bur. På kartet nedanfor kan du sjå litt av avstanden. Eg bur omtrent midt i Shimane fylke (oransje felt ved Japanhavet, nr 37), så det er langt til Tokyo. Klikk på kartet for å få rett storleik. 1 cm tilsvarer 20 mil.



No talar statsministeren på pressekonferanse overført på radio. Han oppfordrar til at flest mogleg menneskeliv må bli redda. Dessutan er det stort behov for mat, vatn og ullteppe mm.

Det vart ein litt spesiell Bible Club i går på grunn av dei sjokkerande nyheitene. Men her går likevel livet omtrent som normalt. Ein av dei koreanske gutane var litt nedfor fordi kjærasten hadde avlyst turen frå Korea, og ei jente uttrykte at ho var redd for å bli åleine om kvelden.

Det var avskjed for Ryoko i går. Ho hadde bestilt norsk middag, og det fekk ho, som takk for alle gongene ho har laga mat for Bible Club. Berre det å renske poteter var spennande for dei.




Medan ungdommane gjorde seg ferdig med middagen, rakk eg å sjekke mail og Facebook og sende nokre meldingar heim til Norge og fortelje at alt var bra.
Så hadde vi bibelstudium utifrå Jes. 53. Det var ikkje så lett for dei å forstå ein GT-profeti, men dei var samde om at den lidande personen måtte peike på Jesus:

"Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom. Vi fór alle vilt som sauer, vi vende oss kvar til sin veg. Men Herren lét råka han det vi alle var skuld i." Jes. 53, 5-6
Neste veke går vi inn i evangelietekstane for å sjå kva som eigentleg skjedde.


Endeleg hadde Erika også tid til å vere ilag med oss. Ho er snart ferdig med 2. året på vidaregåande, men har hatt det veldig travelt med lekser og prøver. No ser ho fram til vårferie.
Å få risen servert med krem og jordbær, var nytt for alle. Nokre litt skeptiske, andre likte det betre.

Eg visste iallfall at Ryoko er glad i jordbær.


Ryoko takkar for seg. På Bible Club har ho fått mange venner, og ho har lært mykje ifrå Bibelen, seier ho. No skal ho til Osaka for å studere meir.


Dei som var samla i går. Ryoko reiser på ei vekes tur til Taiwan, men seier ho vil prøve å kome innom når ho kjem tilbake på neste fredag kveld. Så det blir kanskje ein sjanse til å ta farvel med henne.

- Før de legg dykk, må de passe på at ingenting kan falle over dykk, sa eg formanande før ungdommane gjekk heim til hybelen.
- Og så må de be til Gud! la eg til.

Det håper eg iallfall dei har lært på Bible Club, at det går an å be.

Friday, March 11, 2011

Jordskjelv

Folk i Norge følgjer visst betre med på nyheitene enn meg. Eg har vore opptatt med å lage mat til Bible Club, så eg visste ingenting om jordskjelv før studentane kom inn døra. Vi høyrde litt på radio (har ikkje TV, her, nei), og vi bad for dei som var ramma, men har ikkje fått sett meg ned å lese nyheiter før no etter at studentane har gått.
Medan ungdommane kosa seg med poteter og kjøtkaker, fekk eg sendt nokre meldingar heim til Norge om at eg sjølv har det bra.

No les eg nyheiter frå Japan på Sunnmørsposten si heimeside. Dette er voldsomme krefter. Minner frå 1995 i Kobe dukkar opp, men dette er berre mykje verre.

Kom nettopp på at familien eg hadde avskjed for for ei veke sidan, har flytta opp til Ibaraki fylke, nord for Tokyo. Sende ein sms for å høyre om det står bra til, og fekk til svar at dei har det bra, men på grunn av straumstans og stadige etterskjelv har dei evakuert til bykontoret.

Eit vers som vart godt for meg 17. januar 1995:
"For fjella kan vel vika, og haugane rikkast, men mi miskunn skal ikkje vika frå deg, og mi fredspakt skal ikkje rikkast, seier Herren, han som forbarmar seg over deg." Jes. 54, 10

Wednesday, March 9, 2011

Tid for avskjed

Mange gonger har eg tatt farvel, men oftast er det eg sjølv som reiser og andre som blir igjen. Denne månaden er det andre vegen.

Reo
Sist fredag, i tjukk snøkave, flytta mine tidlegare naboar ut av leilegheita si. Eg kunne sjå flyttebilen ifrå verandaen min. Der borte flytta eg ut sommaren 2009.

Etter at flyttelasset hadde gått, kom familien på lunsj hos meg.

Norske kjøtkaker og poteter smaka visst godt. Far til Reo er frå Hokkaido, og han mintest barndommen då dei fekk kokte poteter til lunsj på laurdagane.

Sjå avskjeden med Reo på video nedanfor. Han synest visst ikkje det er så trist å seie farvel til meg...Han er meir opptatt av andre ting:

Bye-bye, Reo! from Inger Valbø on Vimeo.




Bye-bye, Reo! Håper vi møtest igjen. Kanskje boka "Den usynlige vennen" som eg gav han i avskjedsgåve før eg reiste til Norge, ein dag vil dukke opp av kassene når dei pakkar ut?

Tomo
Også blant studentane er det fleire som reiser ifrå Matsue for tida. Ein av dei er Tomo.

Tomo er til høgre på biletet.
Tomo betyr "venn", og det var ein venn som tok han med til Bible Club første gong, for vel 2 år sidan. Det var Shinsei, som nokre av dykk traff i Norge i fjor, og som eg også har skrive om i Prosjektkatalogen. Tomo har kome på Bible Club så ofte han har hatt anledning, og eg har også fått hatt eit par bibelstudium berre med han. No sist søndag kom han også i kyrkja, sidan det var siste sjanse før han flyttar.
Han har fått seg jobb i tollen i Kobe, så heretter er det kanskje han som skal sjekke storbagasjen til NLM-misjonærane?? Eg har ofte ærend i Kobe, så eg skal prøve å halde kontakten, og sjå om eg kan finne nokre kristne å kople han opp til. Eg har allereie presentert tre kyrkjer for han, så eg ber om at han ein dag vil oppsøkje ei av dei.

Anne Marie
Den tredje som har forlatt oss sidan sist, er tidlegare Japan-misjonær Anne Marie Lillevik. For eit par dagar sidan fekk eg meldinga om at ho har flytta heim. Mannen hennar Hans bygde mange hus i sitt liv som bygningsmann, også det fine huset ho budde i, men det er ingen som skal bu her for alltid. Derimot i Herrens hus, der skal vi få bu i lange tider, eller som det stod i 1938-omsetjinga av Salme 23: "og eg skal bu i Herrens hus i ævelengd". Det er lenge, det!
Det var alltid godt å ta turen opp til Anne Marie då ho budde på Hiruzen, og det året eg budde på Stranda, var vegen endå kortare og besøka endå oftare.


Dette biletet er tatt i starten av mars for eitt år sidan. Fem av dei seks japanske ungdommane eg hadde besøk av i fjor vinter, fekk treffe Anne Marie. Her er tre av dei, med flotte Sykkylvsfjell i bakgrunnen. Han nærast Anne Marie er Shinsei, kameraten til Tomo.

Vinter eller vår?
Her vekslar det med snøbyger og milde dagar, men idag er temperaturen nede på 5 grader igjen. Men plommetrea blomstrar og gir håp om at det blir skikkeleg vår snart.




Mars betyr mykje reising, så denne veka prøver eg å lade opp.
Slik ser kalendaren min ut frå neste veke:

14.-17.3 KGK studentleir i Fukuyama ilag med to studentar frå Matsue
20.-21.3 WJELCs årsmøte i Okayama
22.-25.3 Misjonærkonferanse på Hiruzen
25.-26.3 Osaka, bryllup for Hiroko & Naoto 26.3.
27.3 Arashima kyrkje ilag med Magne Gillebo og Kjetil Tollheim (Fjellhaug-student)
28.3 Matsue ilag med Kjetil
29.-31.3 Ungdomsleir, Hiruzen


1.4 - puste litt ut, og kanskje ut og sjå på sakura...

Monday, February 28, 2011

Ein vanleg søndag?


Eg har fått hint om at eg skriv for mykje om Bible Club og at folk saknar meir om arbeidet i kyrkja. Så i dag tenkte eg å gi eit lite glimt ifrå søndag i kyrkja.
Både barn og vaksne sit med opne Biblar og høyrer på preika, og fleire noterer også.


Under kunngjeringane syng vi "Happy birthday" for dei som fyller år i veka som kjem. Er vedkomande til stades, får dei mikrofonen oppi handa for å seie eitt eller anna. Her er det Hiromi Kato som fortel korleis livet som småbarnsmor har vore siste året. Er ikkje gjebursdagsbarnet til stades, ber leiaren ei bøn for han eller henne.


Etter gudstenesta tek folk seg god tid til å slå av ein prat.
Dei søndagane eg er i Matsue kyrkje, hentar eg den nigerianske familien før søndagsskulen kl 9. Lille Joseph seier "church" når eg kjem og hentar dei, og i går peika han på meg ved orgelet og kalla meg "church".


Desse tre jentene har de kanskje sett bilete av i Utsyn, men dei stiller gjerne opp til ny fotografering. Dei to til venstre er søstre. I april skal begge byrje på ny skule, og er veldig spente på det. Minami til venstre skal byrje i ungdomsskulen, og Tomomi i midten skal byrje på vidaregåande. "Eg er meir spent på kva slags folk eg kjem i klasse ilag med enn kva for ein skule eg kjem inn på, " seier Tomomi.

Lat desse tre jentene stå som representantar for unge som vil høyre Jesus til. Det er ikkje så mange av dei her i landet. Når eg sit på gudsteneste tenkjer eg ofte at eg burde ikkje ha vore her åleine. Mi oppgåve er også å få med meg nokon i kyrkja, men vegen dit synest å vere lang for mange. Å kome på Bible club heime hos meg er meir ufarleg. Men ein av studentane har lova å kome i kyrkja neste søndag, sidan det er siste gong han har anledning før han flyttar ifrå Matsue.

Det var tidleg slutt i kyrkja i går. På ettermiddagen hadde eg to unge damer her på vafler og bibelstudium, og klokka 19 høyrde eg radiogudstenesta på nrk nettradio på direkten, så eg fekk ganske mykje utav søndagen.
Men det er i kvardagen vi skal leve ut det vi har fått på søndagen.

Monday, February 21, 2011

Ny eldste innvigd i Izumo kyrkje


I går var det ekstra høgtid under gudstenesta i Izumo kyrkje. Yoji Nishikori vart innsett til eldste i kyrkjelyden. Saman med presten Maekawa var eldste Nakaoku ifrå Izumo og eldste Kato frå Matsue med på forbønshandlinga.


- Det er eit Guds under at eg står her i dag, sa Nishikori i helsinga etter vigsla. - Eg tenkte ikkje for 35 år sidan då eg køyrde rundt på motorsykkel i området her at eg skulle bli døypt i denne kyrkja. Og no er eg også blitt eldste. Det er ikkje anna enn eit under!


Saman med styret i kyrkja og resten av familien. Kona og døtrene til Nishikori vart kristne først. No er familien utvida med to fosterbarn, ein svigerson og eit barnebarn.


Misako, eldste dotter til Nishikori, er den faste organisten i kyrkja, bortsett frå den søndagen i månaden eg er der og vikarierer for henne.

1 år og 8 månader, og allereie ivrig på orgelkrakken! Det lovar bra for framtida.

Så må eg også få presentere den flotte gjengen som eg har med meg på engelsk bibelklasse i Izumo:

Det er ein ivrig flokk. I går byrja vi på ei tekstbok om Paulus sitt liv; "Møte med den levande Gud". Fire i gruppa er kristne. To av mennene vart døypte rett før jul. Det er spesielt spennande å ha nyfrelste med i gruppa. Forhåpentlegvis vil det verke positivt også på dei to som enno ikkje har tatt steget. Måtte dei også få eit møte med den levande Gud!