Monday, November 4, 2024
Første fjelltur
Endeleg har eg kome meg litt ut på tur. Laurdag var det regn heile dagen, og godt innevêr til å pakke ut resten av kassene og henge opp litt bilete på veggane. I går kveld hadde eg mine første gjestar som ikkje var her for å lære noko, men berre for å drikke te og prate. Eg inviterte to damer som ikkje hadde sett kvarandre på omtrent 10 år!
Eg har prøvd fleire gonger å finne nokon til å gå på fjelltur ilag med, men i dag bestemte eg meg for å gå åleine. Sidan det er offentleg fridag, rekna eg med der ville vere mange andre, også, og det stemde. Det er lenge sidan eg har sagt "konnichiwa" (goddag) til så mange ukjende japanarar.
Vêret var upåklageleg, med 22 grader og vind, og eg gjekk stort sett i skuggen av trea som enno ikkje har mist lauvet. Men fargerike lauv på stien var det også mykje av. Elles var eg veldig glad for at eg hadde med stavane frå Norge. Sjølv etter ein heil dag med sol i går, var det framleis sleipt og glatt etter alt regnet på laurdag.
Undervegs var det utsikt vestover over Matsue og Shinji-innsjøen.
På veg oppover høyrde eg merkelege lydar frå skogen. Det viste seg at det var vinden som spela på bambustrea. Når dei innehola bambusstammene slår mot kvarandre, høyrest det ut som ein xylofon som spelar!
Bak meg skulle det ha vore utsikt til Daisen-fjellet i bakgrunnen, men det var for mykje skodde til det.
Men utsikta austover til innlandssjøen Nakaumi med byane Sakaiminato og Yonago i bakgrunnen var betre. Eg sende dette biletet til ei som bur Daikonshima, øya nedanfor, og fekk med ein gong spørsmål tilbake: Er du på Mt Dake?
Desse kirsebærtrea er spinkle no, men det er nydeleg her om våren når dei blomstrar.
Denne turen kan eg eigentleg ta oftare. Det tok meg berre bortimot 3 timar frå eg køyrde heimanfrå, og då hadde eg ein god lunsjpause på toppen.
Neste gong får eg forhåpentlegvis med turfølgje, også.
I går var det kulturdagen i Japan, som er 3. november. Men sidan det fall på ein søndag, fekk vi ein ekstra fridag i dag. Og det var også min vanlege fridag. Og då skriv eg ikkje om arbeidet.
I løpet av dagen eller tidleg i veka kjem det eit blogginnlegg frå meg på nlm.no si Japanside, så de får følgje med der. Og så kjem det eit intervju på Radio Sunnmøre truleg mot slutten av veka. Så følg med. Japan er månedens misjonsland i november, så går du i ei forsamling der du får misjonsinfo, får du nok høyre meir frå Japan. Du kan også sjølv gå inn på nlm.no og lese meir. Ein fin video ligg der, også.
https://www.nlm.no/bidra-i-arbeidet/innsamlinger/manedens-misjonsfelt/
Subscribe to:
Post Comments (Atom)
Skulle gjerne vert med deg på fjelltur. Men du skriv så levende at jeg synes å.oppleve turen lell. Glad for å høre at du bruker fridagen ut i Guds frie natur. Viktig å ta varexpå
ReplyDelete