Eg hadde nesten gitt opp å starte babysong, for den mora som eg eigentleg hadde tenkt å starte det for i Arashima, har byrja i jobb igjen, og det er vanskeleg å finne dag og tid. Men ei veninne i Matsue har heile tida sagt at ho og babyen hennar gjerne vil vere med om eg startar. Det er eit stykke til kyrkja i Arashima, så eg tenkte det hadde vore ein fordel om eg kunne starte noko her i Matsue.
Fleire dagar i det siste har eg høyrt at naboen har hatt besøk på føremiddagen. Eg høyrde både prat og latter frå unge damer og babygråt. Det er ikkje så veldig lytt, men eg trur verandadøra var open, og då kjem kanskje lyden utanfrå. Den unge nabokona ventar sin første baby i desember trur eg ho sa då eg var bort og presenterte meg etter at eg hadde flytta inn.
Plutseleg slo ein tanke ned i meg: Kanskje eg rett og slett skal starte babysong heime hos meg sjølv, og etter kvart invitere naboen og veninnene hennar?
Eg nemnde det for veninna mi som bur ein annan plass i byen, og ho foreslo at vi kan starte med henne og dottera, og så kan ho invitere sine venner til neste gong. Så i dag føremiddag hadde vi ei fin stund her. Den lille jenta var litt skeptisk i starten, men etterkvart vart ho såpass trygg på meg at eg også fekk halde henne. Ei kort tid etter at dei var gått, hadde ho allereie lagt ut på Facebook og Instagram og inviterer sine veninner til neste gong den 16. desember! Eg har også fått lov å dele bilete på bloggen min.
Haustfargar
Adresse
104 Corpo Ichibata
66-6 Kitahori-cho
Matsue-shi 690-0888
Shimane-ken
JAPAN
Du trenger ikke kjede deg ser det ut for, og du er ikke redd for å ta utfordringene som står på rekke og rad. Ber om krefter og glede i tjenesten.
ReplyDelete