Wednesday, April 25, 2018

Blomster i april

Det har vore mange fine dagar i april, og det blomstrar overalt. Nær ved kyrkja i Arashima er det ein privat tulipanhage som kven som helst kan komme inn og sjå. Eg var der ein tur ilag med evangelisten Megumi etter bønnemøtet forrige veke.

Temperaturen går opp og ned. Eit par dagar var det oppimot 30 grader, men idag har det ikkje vist meir enn 13. Eg overnatta i Nima etter engelskklassa i går kveld, og brukte føremiddagen der idag til å byrje å tenkje på preika eg skal ha på pinsedag, 20. mai. Då er eg invitert til 50-årsjubileum i Kita-Osaka kyrkje, der eg arbeidde frå 1998 til 2004. Dei skal feire gjennom heile året ved å ha besøk av tidlegare arbeidarar. Eg er av dei heldige utvalde, men eg må også jobbe for det. 30 minutts preike og 30 minutts mimring krev ein del førebuing. Og når det attpåtil er pinsedag, må eg vel snakke om kyrkja og den Heilage Ande. Eg fann ut at eg har ikkje hatt så mange pinsepreiker, men eg fann den eg hadde på norsk på Vigra bedehus på 1. pinsedag i fjor, og så fann eg to japanske, den eine frå 2011 og den andre frå 2009. Resultatet blir nok ein kombinasjon av desse tre, utifrå Apostelgjerningane 2.

Før eg køyrde frå Nima, skreiv eg også eit innlegg til Misjonshilsen, bladet til Lærernes Misjonsforbund. Men då eg kom heim og endeleg fekk sendt det, var det visst fullt i bladet, så det vart lagt ut på LMF si Facebook-side i staden. Det låg der under ein time etter at eg hadde sendt det, så då når det mange lesarar lenge før bladet kjem i postkassene. Og her kan du også få del i det:

(Klikk på "See more", så får du heile teksten)



På vegen heim køyrde eg gjennom området som var hardast ramma av eit jordskjelv natt til 9. april. Mange hus fekk skade på taket. På biletet nedanfor kan vi sjå hus i bakgrunnen med blå presenning på taka for å hindre lekkasje i regnet. Det var ein kontrast til dei fine asaleane som blomstar langs vegen.


Her heime hos meg sjølv ser det grått og trist ut no. Blokka skal målast, så for to dagar sidan sette dei opp stillas, og då eg kom heim idag, var heile bygget også innpakka. Heldigvis er det gjennomsiktig presenning, så eg får inn litt lys, og kan sjå litt ut vindauget. Men eg må nok ha meg nokre turar ut og sjå på blomstrar for å komme meg gjennom ein månad innepakka på denne måten.


2 comments:

  1. Det er alltid kjekt å lesa om deg og arbeidet ditt. Får håpa arbeidet med huset ikkje tar for lang tid.

    ReplyDelete
    Replies
    1. Takk! I info-skrivet stod det til 31.mai. Dei er ikkje så effektive. Truleg jobbar dei på fleire hus samtidig. Eller ventar på målarane.

      Delete