Monday, April 30, 2018

Takk til Liv og Lars Inge

Dette skulle eg ha skrive for to veker sidan, men det er vel ikkje for seint endå å seie takk.

For snart 3 år sidan avslutta Liv Bakke tenesta i Japan, men etter eit år fekk ho spørsmål om å ta på seg oppgåva som stedlig representant i Japan. Dei to siste åra har ho pendla mellom Norge og Japan og vore leiar for oss andre misjonærane. Det første året. medan eg var i Norge, kom ho frå Kobe til Matsue omlag ein gong i månaden for å hjelpe til på Bible Club og tale på internasjonal gudsteneste.

I fjor sommar gifta ho seg med Lars Inge Magerøy, og etter at presten vart pensjonist, har han også vore med nokre turar til Japan, og eg har fått bu hos dei når eg har vore på tenestereise til Kobe.

14.-16. april fekk eg lokka dei ein siste tur til Matsue. Sjølv om det var berre nokre dagar før dei skulle pakke og reise tilbake til Norge for godt, valde dei å tilbringe siste helga i Japan nettopp her i Matsue. Og dei var ikkje arbeidsledige, heller. Lars Inge hadde ikkje mindre enn to ulike preiker på samme søndagen, først i Arashima på føremiddag, og så i Matsue kyrkje på internasjonal gudsteneste ilag med ungdommane på søndagskvelden.
I Arashima talte Lars Inge på norsk med kona som tolk. Teksten for dagen var Joh. 21 der Peter med fleire opplevde ein spesiell fiskefangst og møtte den oppstadne Jesus som hadde førebudd frukost for dei på stranda.
Etter gudstenesta traff han også ei som hadde felles kjende i Norge, og som kunne snakke nokre ord norsk.
Samme kveld var det internasjonal gudsteneste i Matsue med for det meste studentar frå universitetet her.
Her introduserer eg pastor Mori, som er den nye pastoren i Matsue frå 1. april, og Lars Inge Magerøy, som er kveldens talar.
Den tidlegare studentpresten hadde vald tekst og tema for ungdommane, og talte på engelsk om skeptikaren Tomas ("Thomas the Sceptic"), der han understreka at det er viktig å tenkje kritisk, samtidig som han la vekt på kor truverdig det er at Jesus er stått opp. Sjølv skeptikaren Tomas vart overtydd.
Er du heldig, kan du kanskje høyre heile gudstenesta her. Det startar med eit famlande pianospel, der eg akkompagnerer Narumi på saksofon med "Deg være ære":
Opptak av gudstenesta

Liv kom også med ei helsing til ungdommane. "Det er fint å få avslutte tenesta i Japan ilag med dykk studentar, for det var for å arbeide blant studentar Gud kalla meg til då eg var ung," sa ho.

I det internasjonale kristne fellesskapet her i Matsue har vi hatt tradisjon for å ha utsendingsforbøn for dei som reiser, og vi bruker Sølvi Hopland sin song "God be with you, my friend". Denne gongen var det Liv og Lars Inge som fekk forbøn. Eg hadde spurt Carmella om å be, og ho fekk med seg fleire til å legge hendene på dei. Ei fin stund.

 Presteprat

Dei tre japanske jentene var på internasjonal gudsteneste for første gong. Ei av dei skreiv på Facebook etterpå at ho syntest det var fint å høyre forteljinga frå Joh. 20 (om Tomas), og at ho gjerne vil komme igjen.

 Det spirer og gror. Guds rike er som eit sennepskorn, som har potensiale i seg til å vekse til noko stort.

Takk for besøket, Liv og Lars Inge! De har lagt att mykje godt i Matsue!
Neste gong er det min tur å få besøkje dei. Eg skal nemleg få bu hos dei på Nøtterøy under Generalforsamlinga første veka i juli.


No comments:

Post a Comment