Saturday, May 5, 2018

Ein plass å kome tilbake til

For mange år sidan, då eg skreiv blogg stort sett kvar laurdag, handla det for det meste om det som hadde skjedd dagen før. No er det ikkje så ofte eg skriv på ein laurdag, og då blir det kanskje ikkje så ofte det handlar om Bible Club, heller. Idag skal det handle mest om dei.

Det er feriedagar her i Japan, den såkalla Golden Week, som er samanhengande fridagar frå 3. -5. mai. Nokre år har eg vore med på musikkleir på Hiruzen desse dagane, men i år prioriterte eg å vere heime og ha ope hus på fredag. Sidan det var på dagtid, satsa eg på at det gjekk bra med litt lyd. Vi starta med lunsj, med påfølgjande bibelstudium, tepause og litt spel til slutt.

Mange studentar har reist heim eller er på tur andre plassar, medan nokre av dei som reiste i vår, var komne tilbake. Tre av dei var med på Bible Club nettopp fordi det var i ferien.

 To av desse ungdommane avslutta studiane ved universitetet her i mars, og er no på kvar sin kant på sin første arbeidsplass. Dei var glade for å få eit avbrekk og få komme tilbake til Bible Club. Han som liker så godt curry, var visst også glad for at eg hadde litt restar frå forrige fredag. Jenta i midten har vore med i Bible Club sidan ho gjekk på ungdomsskulen, og no har ho byrja ved universitetet i eit anna fylke. Det er kjekt å sjå at Bible Club har betydd så mykje for dei at dei har lyst å komme tilbake. Og eg trur ikkje det er berre maten som gjer det.
Eg hadde invitert nabojenta igjen, men ho kom dessverre ikkje denne gongen, heller.


Denne studenten frå Kamerun var den einaste utanlandsstudenten i går. Den japanske guten var på Bible Club for første gong for ei veke sidan. Han er ein av tretten studentar (åleine gut ilag med tolv jenter!) som Carmella og Scott hadde med på studietur til Florida i februar-mars. Fire av jentene har kome på Bible Club omtrent kvar veke i april, men no i Golden Week var dei heime ein tur. Ei anna jente frå Florida-gruppa var her for første gong i går.
Bibelstudiet denne dagen handla om Jesus som lækte ein lam mann som vart boren og firt gjennom taket av fire venner. Vi samtalte om kva som kan vere enklast å seie; "Syndene dine er tilgjevne", eller, "Stå opp og gå." Vi snakka også om at Jesus er Gud. Det er vanskeleg for mange å forstå at Jesus er Gud og menneske på samme tid, men eg trur og håper dei sit igjen med at Jesus har makt både til å helbrede og å tilgi synd, og at tilgjeving er noko vi alle har bruk for.

Sidan det var fridag og mykje att av dagen før det vart kveld, tok vi tid til litt spel. Jenga, eller "klossmajor" som det visstnok heiter på norsk, fenga. Og lydnivået var nok litt i overkant av det som er akseptabelt, men eg håper at naboane var ute... Nedanfor kan du få eit inntrykk av stemninga.


Forrige fredag var vi på det internasjonale senteret, der vi vanlegvis er på fredagskveldane. Der var det også stor nok plass til å dramatisere bibelteksten. Så her er vår nye versjon av Sakkeus. Han som spelar rolla som Jesus, var på Bible Club for første gong.



Til slutt vil eg vise litt av den fine japanske parken eg var innom på torsdag. Det er sesong for peonar, men også asalea og rhododendron blomstrar for fullt. Og snart kjem hortensiaen, så då må eg ta meg ein tur igjen.






Det er ingen tvil om at japanarane er glade i blomster og steller dei fint. Likevel synest eg at markblomster er vel så fine. Idag har eg plukka kvitkløver, prestekragar og nokre som eg ikkje veit namnet på. Dei veks vilt langs elva her, så eg reknar med det er greitt å plukke med seg litt.
Men når den thailandske naboen min på Valbøen legg ut bilete på Facebook av kvitveisen som dekkjer bakken ovanfor huset heime, då får eg nesten litt heimlengsel...

Då ønskjer eg deg god helg ifrå kråa mi.



1 comment:

  1. Hei!
    Godt å sjå glimt frå din kvardag.
    Lukke til med det viktige arbeidet du står i
    Alt godt frå Sigrid

    ReplyDelete