Sunday, April 1, 2018

Påskedag på ei kongegrav

Første påskedag er snart slutt her i landet. La meg sjå litt tilbake på ei innhaldsrik påskehelg.

Skjærtorsdag var det ikkje møte, men mange samlast likevel i Arashima kyrkje for å ta avskjed med pastorparet, før dei tok fatt på den lange vegen til Chiba. Eg hadde med fire ungdommar frå Matsue.
 Aika har vore som ei mor for desse ungdommane. Ho har spela piano, laga og servert middag og rydda opp etter oss når vi har vore der på ungdomsgudsteneste.

Fredag føremiddag hadde eg bibelklasse i Matsue kyrkje med langfredagstekst, og om kvelden fekk eg med ei av utanlandsstudentane på kveldsgudsteneste i den samme kyrkja.

Og så fekk eg overnattingsgjest, ja, - ei jente frå Korea som var student her for fem år sidan.

 Her er vi på laurdag morgon. Ho vart også med på Bible Club på ettermiddagen.

Dei fleste som var med i Bible Club for fem år sidan då ho var her, har no reist, men her var iallfall nokre ho kjende.
Jenta framme til venstre studerer lenger nord i landet, men var heime på vårferie. Ho hadde mange spørsmål etter å ha lese teksten om Jesu gravferd og oppstode.

1. påskedag:

Idag var eg tidleg oppe for å lage frukost og køyre gjesten til stasjonen. Før eg for til kyrkje, hadde eg litt tid for meg sjølv  Sidan det er flaggdag i Norge, kom eg på å ta fram flagget som vanlegvis blir lufta berre til 17. mai. "Den vesle Bibel" på veggen og korset i det norske flagget er eigentleg ein fin kombinasjon!
 Idag var det første arbeidsdag for Megumi Takahashi i Arashima. Det vil seie, det var første dag for henne å stå på talarstolen, men preika hadde ho nok jobba mykje med på førehand.

 Prat over ein tekopp etter gudstenesta. Studenten frå Eritrea var med meg frå Matsue. Det er kjekt når ungdommane vil bli med til kyrkje. Min jobb idag var å vere organist og tolk.

Etter kyrkjetid gjekk vi opp på ein haug nær kyrkja, der kirsebærtrea var i full blomst.




Denne plassen er eigentleg ein historisk gravhaug over ein konge. Nede på flata er der også ein stor gravplass, der kyrkja har eit lite urnekapell i hjørnet av den buddhistiske gravplassen. (Altså ikkje kyrkjegard...)
Vi snakka litt om dette at vi var på grava til ein konge. Men grava til Kongen vår med stor K, den grava er tom! Det har vi både høyrt og sunge om idag. Det er grunnen til at vi kan ønskje kvarandre "God påske", - eller "Happy Easter". Her er ein liten filmsnutt frå toppen av haugen:


Då eg kom heim, sat det ein liten gut og ein pappa på trappa ved parkeringsplassen min. Eg helsa "Konnnichi wa", og faren sa at guten måtte svare, men det var visst for flaut. Så istaden presenterte eg meg for faren og lurte på om dei budde her. Jau, dei har nettopp flytta inn i 2. etasje, to dører bortanfor meg. Eg har såvidt sagt hei til kona i forbifarten. Det verkar som om det er koselege folk, så eg håper å bli betre kjende med dei og dei to små gutane deira.

Medan vi var på gravhaugen, tenkte eg at vi kristne som var der, burde ha fortalt folk kva påske er. Dei fleste kjem ikkje i kyrkje og kjenner heller ingen kristne. Men sjølv om dei ikkje kjem på påskegudsteneste, har eg hatt mange samlingar med ikkje-kristne i løpet av veka. I fleire av klassene har vi lytta til songen "Watch the Lamb" (Sjå på Lammet), og eg har vist dei korleis dei kan finne songen med video på internett. Ei av damene i Nima sende meg ei melding idag med overskrifta "Gledeleg oppdaging!"
"Eg har sett "Watch the Lamb" på YouTube. Eg tenkte at det kanskje står i Bibelen om denne mannen som måtte bere korset i staden for Jesus, så eg leita. Det er Simon frå Kyréne, ikkje sant? Og denne songen uttrykkjer kjenslene hans, ikkje sant? Eg er så glad fordi eg oppdaga det!"

På linken nedanfor kan du også sjå og lytte. "Watch the Lamb". Songen startar med at far og gutane er på veg opp til Jerusalem for å ofre i påskehøgtida, og gutane er med for å passe på (watch) lammet. Men under alt oppstyret i Jerusalem kjem lammet bort frå dei, og gutane er lei seg. "Far, tilgi oss, - lammet sprang sin veg."  Songen sluttar slik:

Pappa, pappa, 
kva er det vi har sett her?
Det er så mykje 
som vi ikkje forstår.
Så eg tok dei i armane mine, 
og vi snudde oss og såg mot korset. 
Så sa eg: "Kjære barn, sjå på Lammet!"

No er det heller ikkje bruk for noko offerlam, for Jesus på korset er det verkelege offerlammet, Guds Lam, som tek bort verda si synd. Sjå og høyr songen her: Watch the Lamb

I Johannes openberring er Jesus skildra som eit lam som ser ut som om det har vore slakta. Altså, Lammet var blitt levande igjen. Jesus stod opp frå dei døde etter å ha fullført frelsesverket.

Og eg såg eit lam som stod midt på trona,
mellom dei fire skapningane og i krinsen av dei eldste, 
og det såg ut som lammet var slakta.
Og dei song ein ny song: 
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta,
og med ditt blod har du frikjøpt for Gud
menneske av alle stammar og tungemål,
av alle folk og folkeslag.  
 
                                                               (Joh. op. 5, 6a og 9)





No comments:

Post a Comment