Wednesday, March 28, 2018

No livnar det i lundar

"No livnar det i lundar, no lauvast det i li."  For to veker sidan hadde eg min siste skitur for sesongen, og denne måndagen var eg på årets første fjelltur her i Matsue.
 I fjor budde eg i Bregnevegen, men her var det fleire bregner enn det var der.
 
Vår i Japan betyr avslutning og ny start for mange. På palmesøndag var det ei forbønsstund i kyrkja for borna og dei unge ungdommane som skal byrje nytt skuleår i april, og ei av dei byrjar også på ny skule.

 For pastor Ishimaru sjølv var det siste gudsteneste han hadde i Arashima, før han, kona og hunden flyttar til Chiba (nær Tokyo) i morgon.

 Sidan det ikkje blir langfredagsgudsteneste i Arashima denne påska, valde pastoren å bruke teksten for langfredag på palmesøndag. Og det var som vanleg ei god og grundig preike, og eg merka han verkeleg ville gi det beste sidan det også var siste gong, og der var fleire ikkje-kristne som kom for å vere med på avskjeden. Med biletet av Luther som preikar og peikar på den krossfeste Jesus, understreka han korleis han har ønska å peike på Jesus, og kva som må vere sentrum i forkynninga vår.
 
Etter gudstenesta var det mat og avskjedshelsingar. Alle sa nokre ord til pastorparet i tur og orden.

Begge to er musikalske. Aika sit oftast bak pianoet, men denne dagen song dei duett. På påskedag
er dei allereie på plass i Shinden kyrkje i Chiba, så då er det min tur til å spele på gudstenesta i Arashima.
Dei vil bli sakna!

Den nye arbeidaren i Arashima kyrkje heiter Megumi Takahashi. Det er ho som står i midten på biletet nedanfor.
På årsmøtet for WJELC forrige veke vart nye arbeidarar presenterte. Dei to til høgre er ferdige på det teologiske seminaret til sommaren og er plasserte som evangelistar, og Megumi i midten har gått to år på bibelskulen og kjem altså til Arashima. Til venstre har vi Karoline og Marius Bergersen som blir ferdige på språkskulen til sommaren og skal byrje som områdemisjonærar frå hausten.

 På årsmøtet vart også ein ung mann ordinert til pastor. Han heiter Yuushi Matsumura, og er son til ein tidlegare kyrkjepresident.

Kvar gong det er ordinasjon, er det fast program at forsamlinga syng "Skund deg, Guds folk, ditt høge kall fullenda." Orda er sjølvsagt litt forskjellige frå den norske versjonen, men songen minner meg likevel alltid om ei misjonærvigsle i NLM.



Det er vår, og det er påske. Her i Japan er det ganske ukjent blant dei som ikkje er kristne, I Norge er det påskeferie, men slikt har vi ikkje her. I år klaffar det akkurat at skulane sin vårferie overlappar påsketida. 
Å ha engelskklasser rundt påsketider gir muligheiter til å fokusere ekstra på bibeltekstar og songar som handlar om Jesu liding, død og oppstode. I går var eg i Nima. Der lærte eg dei mellom anna å synge etter lydskrift. Japanarar bruker ofte sitt eige lydalfabet som lydskrift på engelske ord, og då blir det ofte feil uttale.  
 

Dei var ikkje så mange i går, men det var ivrige damer dei som var der. Ei av dei sende meg ein sms idag: "Takk for at du lærte oss engelsk lydskrift i går. Frå no av skal eg aldri bruke katakana (japansk lydskrift) meir!" Og songen er altså "Det gamle, ærverdige kors". Måtte dei få bruk for bodskapen i den songen.

Fredag skal eg ha engelskklasse i Matsue kyrkje på føremiddagen. Idag fekk eg ei melding frå ei som har vore med tidlegare då gutane var små. Ho jobbar no som lærar, men no er det altså skuleferie. Ho spurde om ho og gutane kan få kome på klassa på fredag. Så kjekt når dei spør sjølve!

Og så fekk eg melding frå ei koreansk jente som studerte her for nokre år sidan og var med på Bible Club. Ho kjem ein tur på besøk til Matsue og lurte på om ho kan få overnatte hos meg. Så då får eg uventa helgabesøk. Vi har Bible Club på laurdag ettermiddag, så eg håper ho har tid til å vere med på det, også. Kjekt med overraskingar, iallfall no når eg ikkje har det altfor travelt.

Kirsebærblomstringa er eit sikkert teikn på at våren er komen. Eg var ein snartur ut og tok dette biletet i ettermiddag.
Sidan det blir nye arbeidarar i begge dei to næraste kyrkjene (Matsue og Arashima) frå april, blir det ein del forandringar i arbeidssituasjonen min, også, så eg er litt spent på det. Når det gjeld Bible Club, har vi heller ikkje landa på ei tilfredsstillande ordning endå. Så her er framleis ein del usikkerhetsmoment. Eg er takksam for forbøn.

God påske!

No comments:

Post a Comment