Wednesday, March 7, 2018

Vår og avskjed

Snøen er borte, og plommetrea har byrja å blomstre. Våren er på veg. Det er ei fin tid i Japan, men det er også tid for å ta farvel. Sidan fleire blir borte i mars, byrja vi avskjedssesongen allereie på den internasjonale gudstenesta i februar. Omtrent halve forsamlinga var folk som skal reise.

Frå venstre har vi studentar som er blir ferdige på universitetet i mars. Dei fleste reiser frå Matsue, og nokre av dei reiser også frå Japan og tilbake til heimlandet sitt. Til høgre har vi pastorparet Ishimaru i Arashima, som flyttar til Tokyo i slutten av mars.
Scott og ein tidlegare student bad for dei som skal reise eller skal ut i arbeidslivet.
Her er dei som var med denne kvelden. Det blir eit tomrom etter dei som reiser, men vi håper også det kjem nye, både utanlandsstudentar, engelsklærarar og japanske studentar når vi startar opp igjen i april.
Nokre dagar etter gudstenesta reiste Carmella og Scott til Florida med tretten studentar på den årlege studieturen dei arrangerer. Fleire som har vore med på Florida-opplegget tidlegare år, har byrja i Bible Club og vore med på internasjonal gudsteneste når dei har kome tilbake til Japan, og nokre er også blitt kristne. Be gjerne for dei som er i Florida no!

Det blomstrar i Matsue

Sist søndag var det meir avskjed. Då hadde vi med ungdommane til Arashima kyrkje, der pastor Ishimaru og kona hadde den siste ungdomsgudstenesta med oss.
 Arashima kyrkje har vore ein populær samlingsplass, der vi har fått mat både for sjel og lekam.
Heldigvis kom vi på i tide å samle inn pengar til ei takk til dei for alt dei har gjort for ungdommane i Matsue.
 I dette biletet er det action!

Velfortent!

Dei vil bli sakna i Arashima, men ein kyrkjelyd i Tokyo ventar på dei, og ei ung dame som har gått to år på bibelskulen, vil bli den nye arbeidaren i Arashima, med pastor Matsumura i Yonago som ansvarleg prest. Han blir truleg også min koordinator i staden for Ishimaru.
Også i Matsue kyrkje blir det arbeidarskifte frå april. Eg reknar med at dei internasjonale gudstenestene og engelsk bibelklasse kan halde fram som før.

Igår var eg til Nima igjen for å undervise engelsk bibelklasse. Her er nokre glimt ifrå kveldsklassa.

Kvar månad lærer eg dei ein ny song eller salme på engelsk. Igår lærte dei "The Old Rugged Cross". Ei av damene sender meg ofte e-post og fortel at ho høyrer på YouTube kvar dag og syng ein av songane ho har lært. Så då skjer det også noko imellom klassene.

Av og til er det godt å gjere noko heilt anna. Komande laurdag skal eg delta i ei bordtennisturnering. Og det er ikkje noko vanleg bordtennis, heller. Her skal vi nemleg spele med tøfler!
Sidan eg vart utvald til å vere med på plakaten, tenkte eg at dette hadde eg lyst til å prøve. Eg har fått med meg to husmødre som går på engelskklasse hos meg, og ei av dei har fått med seg ein student frå Nepal. Sist laurdag møttest vi for å øve. Om vi ikkje gjer det så bra, så har vi det iallfall artig! Heia Nippon, Nepal og Norge!


No comments:

Post a Comment