Etter gudstenesta hadde eg ei kort helsing til kyrkjelyden, der eg las ifrå Jakob 4, 13-15:
Og no, de som seier: "I dag eller i morgon fer vi til den eller den byen og er der eit år, driv handel og tener pengar" - og så veit de ikkje eingong korleis livet dykkar blir i morgon! For de er røyk - synleg ei lita stund, og så borte. De skulle heller seia:"Om Herren vil, får vi leva og kan gjera det eine eller det andre."
Sjølv om vi legg planar, går det ikkje alltid slik vi tenkjer. Når vi ikkje eingong veit noko om morgondagen, skulle vi ikkje snakke så sikkert om kva vil tenkjer å gjere om eit år, heller. Den eldste som er med i bibelklassa i Izumo kyrkje, er ikkje blitt ein kristen enno, og kva veit vi om han lever om eit år? Eller om eg sjølv er frisk eller i det heile tatt lever? Så eg la litt ekstra sjela i undervisningstimen i går. Eg ville iallfall at han skulle vite korleis han kan bli ein kristen, og eg ønskjer også at han forstår at han treng Jesus.
La meg gå litt tilbake til fredagen.
Der reiser storbagasjen min. Idag fekk eg stadfesta at bagasjen er komen trygt fram til Kobe. Så blir dei 12 kollia sende med båt frå Kobe den 3. juni, og ein reknar med at båten er i hamn i Oslo den 20. juli. Er det siste gong eg sender flyttelass frå Matsue, eller kjem eg tilbake hit?
På Bible Club var vi 20 denne fredagen. Desse to gutane var her for første gong. Det var stort fleirtal av japanarar denne gongen, og 12 av 14 av dei japanske studentane var ikkje kristne. No er det berre tre fredagar igjen før eg reiser.
Tilbake til gårsdagen i Izumo:
Den engelske bibelklassa tok meg med ut på lunsj. Den ivrige studenten er pensjonert engelsklærar og nyttar tida medan han ventar på maten.
Maten var god, og som dessert bestilte eg favoritt-drikken min på denne kafeen:
Karamell latte
Dei andre var stort sett ferdige med sine kaffikoppar, så eg prøvde å skunde meg med å drikke opp, for vi skulle bort i kyrkja igjen og ha bibelklasse. "Nei, berre ta det med ro, " sa dei. Etterpå forstod eg grunnen. Dei hadde nemleg bestilt ekstra dessert til meg. Her er dagens store overrasking:
Ei dobbel svele med krem og jordbær, og "TUSEN TAKK" skrive på norsk med sjokoladesaus!
Evangelist og prestespire Seima hadde kanskje lyst å smake litt... Han er ikkje med i engelskklassa til vanleg, men var med på avskjedslunsjen.
Etter at eg var ferdig med desserten, køyrde vi tilbake til kyrkja, og hadde ein intens time med undervisning og pugging av bibelvers på engelsk. Og eg som trudde vi ikkje trengde noko meir mat. Men der tok eg feil.
Her er noko av det beste som blir dyrka i Izumo by.
Heimelaga småkaker med personleg helsing: "TUSEN TAKK" "VALBO-SENSEI".
TUSEN TAKK, ALLE SAMAN!
Thank you very much, everybody! みなさん、どうもありがとうございました!だんだん!
Etter ein slik dag har det vore veldig greitt å ha ein dag åleine. I morgon er det ut igjen. Då skal eg køyre gjennom Izumo, og vidare til Oda, der eg skal ete lunsj ilag med to av Nima-studentane, før vi køyrer til Nima og har klasse for siste gong, og seinare på kveld er det kveldsklassa. Der blir det spleisefest. Men fordi eg insisterer på å få undervise også denne siste kvelden og ikkje berre ete og prate, startar vi ein time tidlegare enn vanleg.
Forrige tirsdag hadde vi om Jesu oppstode. Her er ein videosnutt frå eit morgondrama:
Sjå "Morgondrama" her!
Sjå "Morgondrama" her!
I morgon er det siste kapittel i boka, om Jesu himmelfart. Det passar kanskje bra dersom dette blir siste gong?