Heldigvis skreiv eg dagbok medan eg var der, så eg kopierer litt derifrå innimellom bileta.
Laurdag
22.8 Kunming
Tok
buss (double-decker) til kyrkja, til laurdagsskule for
funksjonshemma. Møtte mange glade folk, barn, ungdommar og vaksne
med forskjellige funksjonshemmingar, og mange frivillige lærarar frå
kyrkja. Også frivillige som laga lunsj til alle.
To
gutar var blitt døypte no i august. Den yngste var 9 år. Ingen
skule har tatt imot han, så han har ikkje gått på skule. Han bur
hos bestemora. Bjørg fortalde at då bestemora fortalde han at han
skulle få byrje på skule i kyrkja, sov han ikkje på ei veke. Og
den laurdagen vekte han henne kl 5, for han var så spent. Ein gong
ho måtte innleggast på sjukehus, måtte han også vere der sidan
han ikkje kunne klare seg åleine heime. Då han høyrde at doktoren
sa at bestemora måtte vere til over helga, sa han til doktoren:
«Bestemor kan ikkje vere her på laurdag, for då må ho vere med
meg på skulen.» Så dei fekk permisjon frå sjukehuset fram til kl
16 den dagen.
Første
timen på laurdagsskulen framførte dei bibelske salmar dei hadde
lært utanatt. Ein starta med Salme 1, nestemann Salme 2 osv. Han som
ikkje hadde gått på skule, tok likegodt Salme 5 og 6 i samanheng.
Imponerande! Eg måtte skamfull innrømme for meg sjølv at eg
kanskje kan eitt eller to vers i kvar salme, men det er alt.
Ei
lita dame med ei herleg utstråling gjorde inntrykk. Det var såvidt
hovudet stakk opp over bordet då ho sat på ein vanleg stol. Bjørg
fortalde meg ein del om henne etterpå. Ho har evangelistnådegåve,
og er den som ber for og hjelper mange. Under den engelske gudstenesta sit ho bakerst i kyrkja og ber heile tida. Og ho går på
sjukehuset på besøk kvar dag og vitnar om Jesus.
I
fjor gifta ho seg med ein annan funksjonshemma, etter at motstanden
frå familien hadde gitt seg. Eg fekk ein DVD ifrå bryllupet deira,
som var i juni i fjor.
To herlege damer og gode venner
Denne unge guten i starten av 20-åra gjorde også inntrykk. Eg vart fortalt at faren hans reiste ifrå sonen og kona like etter at Peter var født. Det er mange fedre som gjer nettopp det i dette landet når dei ser at dei har fått eit barn med funksjonshemming. Presten spurde Peter ein dag kva han ønska å seie til far sin om han kom til å møte han ein dag. Då sa Peter: "Då vil eg sjå på far min og seie: "Sjå på meg, eg er SONEN din!" Peter ønskjer at faren verkeleg skal få augene opp for at han har ein flott son.
Då eg kom tilbake til Japan i slutten av august og bladde gjennom ein bunke med Vårt Land, vart eg overraska over å finne Peter igjen i avisa for 27. august, den siste dagen eg var i Kunming! Det var Bård Bøe som hadde vore på reportasjetur og skreiv om temaet "Kirken i Kina". Eg har tatt vare på utklippet ifrå papiravisa, men har ikkje funne artiklane på nettavisa.
Bård Bøe var innom både uregistrerte kyrkjer og kyrkjer som er godkjende av styresmaktene. Trinity Church i Kunming er ei av dei offisielle kyrkjene.
Bøe skriv om møtet med Peter:
"Peter sitter i et ellers tomt klasserom i kirken. Drømmen er å leve av å skrive vitenskapelige artikler. Det er bare én hindring: En sterk cerebral parese som har tatt fra ham skolegangen.
På pulten foran ham ligger mattebøkene med avansert algebra. Han er den eneste på lørdagsskolen som kan engelsk, og på datamaskinen hans er et tekstdokument med store kinesiske tegn åpent.
"Før jeg begynte på Angel spesialpedagogiske opplæring i kirken, spilte familien min lydbøker for meg, men etter å ha begynt på Angel spesialutdanning, lærte jeg mye og fikk ny kulturell kunnskap", skriver han i selvbiografien sin."
På lørdagsskolen i Trinity Church lærer Peter matte, historie og engelsk."
Så langt Vårt Land.
Både Peter og mora er kristne, og dei kjem også i kyrkja på søndagane. Fleire av dei funksjonshemma er også med på bibelstudium midt i veka.
Frå gudstenesta søndag skal eg fortelje i eit anna blogginnlegg. Så langt idag. Berre nokre bilete frå gatene i Kunming til slutt:
Fine bussar, som går omtrent heile tida, og er alltid fulle av folk.
God utsikt ifrå andre etasje på bussen
Trinity Church, der det er skule for funksjonshemma kvar laurdag, og fire gudstenester kvar søndag i tillegg til ei laurdagsgudsteneste.