Wednesday, July 15, 2015

Varierte oppdrag

Medan misjonsfolket var samla til generalforsamling forrige veke, var eg hit og dit på mange oppdrag. Noko som eg aldri har gjort før, var å vere i "embets medfør" og ta avskjed med ein misjonær på kaia. Vanlegvis reiser misjonærar heim raskaste veg med fly, men Liv Bakke er ei dame som er glad i utfordringar. Ho valde ein sakte tur heimover, via den transsibirske jernbanen.
Omlag 30 km aust for Matsue ligg hamnebyen Sakaiminato. Derifrå skulle ho ta ein 40-timars båttur til Vladivostok og derifrå vidare med tog til Moskva.
På biletet viser ho kartet som for oss snur opp-ned, med Japan liggjande over Japanhavet, og Russland under. På vegen skulle båten også innom i hamn i Korea.

Mitt oppdrag var på vegne av NLM i Japan å ta farvel med ein misjonær som avsluttar tenesta i Japan etter nærmare 40 år. Men eg gjorde det også som venn. Liv har vore god å ha, og eg vil sakne henne.

Heldigvis hadde ho fått med seg reisefølgje, sidan eg takka nei til å vere med...
Her er dei begge to framfor båten. Liv har fått gitt beskjed på Facebook om at dei er komne trygt fram til Vladivostok, og idag hadde ho også fått lagt ut nokre bilete. Ho og den japanske reiseveninna er venta til Norge den 29. juli, så dei har nokre spennande dagar framfor seg. Kanskje eg kjem til å angre på at eg sa nei til tilbodet??

Tidlegare i veka var eg vestover til Nima igjen, på den nest siste engelskklassa før eg tek ferie. Det var ikkje så mange denne kvelden, men ein munter gjeng er det iallfall.
Eg overnatta som vanleg, og onsdagen hadde eg ansvar for at flyttelasset til Kari Opperud kom seg avgarde til Ako, der ho skal byrje i arbeid når ho kjem tilbake frå Norge i slutten av august. Så no er det ganske tomt i leilegheita i Nima kyrkje. Heldigvis er der bord og stolar nede i første etasje, så eg slepp å sitje på golvet når eg et.
 Og der gjekk flyttebilen, etter at eg hadde servert kvar sitt glas kaldt vatn frå kjøleskapet til dei fem karane som hadde jobba og sveitta. Jaudå, eg jobba litt eg, også, såpass at eg kjende det i armane neste dag...
Eg fekk forresten ein fin samtale med flyttekarane medan vi pusta ut etter jobben. Dei var visst litt nysgjerrige på dette med kyrkje og utlendingar. "Målet er at japanarane skal ta over og at misjonærane reiser vidare," sa eg, og viste dei oppslagstavla der det står japanske namn både for ansvarleg prest Fukao og for evangelisten Chigane, som er pensjonist og har flytta tilbake til barndomsheimen sin.

I Nima har vi allereie avslutta to bøker, "People who met Jesus" og "Introducing Jesus". No er den neste boka klar, "Highlights in the life of Jesus", som har 8 leksjonar og startar med Jesu fødsel og sluttar med Jesu himmelfart.

Det var altså GF i Norge desse dagane, og via internett fekk eg med meg to bibeltimar på direkten. Godt å høyre norsk forkynning, og sjå mange kjende og kjære ansikt når kameraet svinga innom i forsamlinga.

Fredag ettermiddag høyrde eg på bibeltime frå GF medan eg laga taco til Bible Club.

 Og det var ingenting å seie på matlysta.


Og innimellom alt anna eg hadde å gjere denne veka, kom eg i mål med preikeførebuinga denne gongen, også.

Søndag føremiddag preika eg i Arashima kyrkje, om når Jesus stiller stormen, og når han ikkje stiller stormen.
Denne veka skal eg omsetje samme preika til engelsk for den internasjonale gudstenesta komande søndag. I går fekk eg også avklart at eg kan bruke samme tekst og samme preike på Hiruzen 2. august. Og når den preika er over, startar endeleg sommarferien...



No comments:

Post a Comment