Tuesday, July 14, 2015

Overraska av arbeidslyst i 30 grader celsius

Neidå, eg har ikkje fått heteslag. Arbeidslyst er vanlegvis ikkje noko som kjem dettande over meg, iallfall ikkje på varme dagar (og netter) som dette. Men eg synest det er artig å sjå at det eg gjer, gir resultat. Det er ikkje ofte det skjer så fort som idag, iallfall.

Idag har det vore 31 grader ute, og like mykje inne, sjølv om det er kveld. Kl 22 var det kome ned i 30 grader inne.

Til vanleg når eg er heime åleine, går eg heller litt lettare kledd enn å bruke air conditioner. Her i landet kallar vi det "cooler", sjølv om vi også kan bruke den til oppvarming om vinteren. Varmepumpe kallar ein det vel i Norge. Men på denne årstida har vi mest behov for nedkjøling.
Når eg har Bible Club eller andre samlingar, slår eg på kaldlufta for gjestane, men i det siste har det ikkje blitt særleg avkjølt likevel. Så eg tenkte kanskje det var på tide med litt reingjering...

Og det var visst på høg tid, ja...

Filtera er lette å ta ut, og her får dei ein omgang med støvsugaren.

Reinvaska filter på kvit duk. Fine og gjennomsiktige.

Så nytta eg samtidig høvet til å tørke/vaske støv av koppeskap, kjøleskap og taklampe; flater som er så høgt oppe at eg vanlegvis ikkje ser støvet.
Etter å ha sett i reine filter i cooleren, prøver eg effekten. Den er upåklageleg! Han starta ganske fort, og det kjendest kaldt til og med på 26 grader! Eg trur Bible-Club-gjengen vil bli glad når dei kjem her på fredag. Og truleg vil eg merke at straumrekninga går ned, også.

Når eg først hadde arbeidslyst, tok eg også ein omgang med sylting. På veg heim frå arbeidarsamling med dei japanske prestane i distriktet, var eg innom ein butikk for å sjå om dei hadde digestive kjeks, noko eg IKKJE fann. Men kom heim med ei kasse med m.a. fire beger plommer og 18 gule paprika. Dei siste er til middag for Bible club, men plommene var også så billige at eg ikkje kunne gå forbi. Sjølv om eg har sylta og hermetisert tidlegare, klarte eg ikkje å la vere å kjøpe no då dei var komne ned i halve prisen mot det dei kosta for nokre veker sidan. Sunnmøringen fornektar seg ikkje...
Halvparten har eg spart igjen til dessert, men litt sylte vart det også denne gongen.


Forresten, eg må vise noko eg kom over i går, då eg også leita etter noko anna på ein butikk.

Kjøle-putetrekk. Eg visste ikkje eingong at det fanst, men tenkte dette må eg prøve.

Eg såg fram til ei god og kjølig natt, men eg hadde kanskje for store forventningar. Det vart ikkje så kjølig som eg hadde håpa, men ei elektrisk vifte ved senga i tillegg var ei god hjelp.

Så får eg håpe at arbeidslysta kjem igjen i morgon tidleg... Eg har ein del å førebu til søndagen. Kanskje det kan bli meir blogging i løpet av veka, også?



No comments:

Post a Comment