Tuesday, July 21, 2015

Fredstankar, framtid og von

I løpet av dei vel tre åra vi har hatt internasjonale gudstenester i Matsue, er det mange som har kome og gått. Japanske studentar er her vanlegvis i fire år. Vi har også mange bachelor - og doktorgradsstudentar frå utlandet. Dei har vi her i fleire år, men utanlandsstudentane som er her på utveksling, reiser tilbake etter berre eitt år.

Ei jente frå Kina og ein gut frå Brasil har vore aktive både på Bible Club og vore med på dei internasjonale gudstenestene her i Matsue, i tillegg til ungdomsgudstenester i Arashima. Dei var forresten også med på Snow Fun Camp på Hiruzen i februar, så dei har fått oppleve alle årstidene i Japan sidan dei kom her i oktober.

Her i vår samanheng blir dei kalla Lydia og Ruffy. I september reiser dei heim. Sidan det er ferie i august og dei ikkje har høve til å vere med på gudstenesta i september, ville vi markere ein avskjed under gudstenesta sist søndag kveld.

Vi har allereie ein ganske fast "liturgi" for slike avskjedar. Først får vedkommande ordet til ei helsing. Det gjer dei anten dei er kristne eller ikkje. Deretter syng vi "God, be with you, my friend" av norske Sølvi Helén Hopland. Ein flott song som eg vil sitere til slutt.

Etter songen har vi så nokre frå fellesskapet som ber for dei som reiser. Biletet over viser Josef frå Salomon-øyane og Ikuko frå Japan som ber for desse to ungdommane.

Først ber Josef på engelsk. I bøna takkar han Gud som har ein plan for kvar enkelt av oss, frå før vi var fødde, og at han også har ein plan for desse to ungdommane, og ber om at det dei har lært gjennom Bible Club og i kyrkja, blir ein grunnvoll som dei kan byggje livet sitt på.
Deretter er det Ikuko sin tur. Men den grøne japanske Bibelen i handa, siterer ho Jer. 29, 11 før ho ber. På japansk, ja. Både Lydia og Ruffy er flytande både i engelsk og japansk.

Her er bibelverset på norsk:
"For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von." Jer. 29, 11.
Så ber også Ikuko. På japansk.

Og møteleiaren tek over igjen. Ho er frå Kenya. Det er første året hennar i Japan, og det er første gong ho leier gudstenesta, noko ho gjer veldig bra.

 Ho er godt førebudd. Men etter bønestunda tek ho ordet og seier ting ho ikkje hadde førebudd. Ho seier ho ser der er som ein raud tråd i songane og bodskapen vi har høyrt i kveld. Herren er vår Gud, og han har ein plan for oss. Og ho er blitt mint om eit vers som har betydd mykje for henne sjølv, og deretter siterer ho på engelsk, utan Bibel framføre seg, det samme verset, Jeremia 29, 11, og utan å ha forstått kva Ikuko nettopp har lese på japansk:
"For I know the plans I have for you,” declares the Lord, “plans to prosper you and not to harm you, plans to give you hope and a future." Jeremiah 29:11

Eg sit på pianokrakken og snur meg brått mot Ikuko, som står ved sida av meg med fløyta i handa, klar for neste song. Augene våre møtest, og vi forstår at dette er Den Heilage Ande. Nesten som eit språkunder!
"For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von." Jeremia 29:11

Eg trur det var noko Gud ville seie oss denne kvelden. Eg trengde visst denne påminninga sjølv, også. For når eg er trøytt etter ei travel helg og ein lang søndag med jobbing, kjem ofte også tvilen: Er det noko vits i å drive på med dette? Trur eg verkeleg på det som eg sjølv preika?

Då er det godt å sjå korleis den Heilage Ande minner andre om bibelord å dele, og til og med det samme to gonger etter kvarandre!

Ei gruppe utanlandsstudentar hadde også sjølve teke initiativet til å synge under gudstenesta.

Eit ektepar frå Solomon-øyane og to studentar frå Kenya syng ein lovsong om Gud som er vår Far. Og spesielt ville dei gjere det til ei helsing til Lydia og Ruffy som reiser.

Kanskje det er håp om at dette fellesskapet kan halde fram sjølv om eg også reiser neste sommar?


Det var oppmuntrande at fleire nye hadde funne vegen til fellesskapet vårt denne gongen. Mellom anna var der ein ny engelsklærar frå Jamaica, som hadde funne informasjon om gudstenesta på kyrkja si heimeside. Nokre reiser, andre kjem til.
- Eg var veldig nervøs første gong eg kom på Bible Club og kom i kyrkja, for eg hadde aldri gjort det før. Men sjølv om eg ikkje er ein kristen, synest eg det er bra å bli kjent med Bibelen og lære kva Jesus har gjort for oss, sa den kinesiske studenten.

Vi har framleis nokre samlingar på Bible Club før dei reiser, så vi har fleire høve til å studere Bibelen ilag. Sjølv om eg tek ferie i august, vil Carmella, Scott og Ikuko vere her og samle ungdommane som er igjen i Matsue.

Her er eit lite glimt frå fredagens Bible Club, då vi også feira gjebursdagen til Carmella.


Her er songen vi song for Ruffy og Lydia søndagskvelden:



"God bless you" av Sølvi Helén Hopland

God be with you, my friend!
God bless you, my friend!
He will lead you, he will use you,
He will never forsake you.
Your life is completely in his hand.

He'll give you strength when you are worn out.
He'll give you courage when you're out of heart.
He'll send the spring when there is winter.
He'll be the Light when everything inside you is darkness.

God be with you, my friend!
God bless you, my friend!
He will lead you, he will use you,
He will never forsake you.
Your life is completely in his hand.

He'll set you free when you are tied up.
You will be carried when you're weary and faint.
He'll give you peace when you are frightened.
He'll fill your heart when everything inside you is emptiness.

When you can't even pray,
when you can't see your way.
He'll be the Light when everything inside you is darkness.

God be with you, my friend!
God bless you, my friend!
He will lead you, he will use you,
He will never forsake you.
Your life is completely in his hand.

Medan eg spela piano og song, tenkte eg at neste sommar syng dei kanskje denne for meg... Eg har framleis eit år igjen, men dette siste året må vi prøve å finne måtar dette arbeidet kan halde fram på utan at eg skal halde i alle trådane. Det er eit stort og viktig bønneemne.

Gud har nok ein veg, han som har fredstankar med oss, og som vil gi oss framtid og von.

No comments:

Post a Comment