Tuesday, September 2, 2014

- Det må vere ein grunn til at Sakkeus er blitt med i Bibelen!


I går, 2. september, hadde vi den første engelske bibelklassa i Nima kyrkje. Det var ei positiv oppleving!
Klokka nærma seg 19.30, og etterkvart byrja det å bli ganske livlig i kyrkja. Fleire hadde ikkje sett kvarandre etter at Kari Opperud reiste til Norge i slutten av juni. Dei fleste hadde heller ikkje hatt anledning til å snakke engelsk i løpet av sommaren, bortsett frå ei som hadde vore i Frankrike og ei anna som hadde vore på tur til Norge.

Damene har gått i engelskklasse hos Kari i fleire år, så dei er husvarme i kyrkja, og kjenner kvarandre godt. Det gjorde det lettare i utgangspunktet. Eg traff også fleire av dei for eit par år sidan ein gong då eg vikarierte for Kari. Men eg var litt spent: Vil dei framleis kome når det er ein annan lærar, og når Bibelen skal vere læreboka?

Eg hadde høyrt at 9 personar var interesserte i å vere med, men eigentleg tvilte eg på at alle ville kome. Tvilen vart gjort til skammar. Det vart fullt rundt bordet, og i tillegg til dei 9 som kom i går, er det også to til som ville kome, men som var forhindra denne første gongen. Så no har eg bestilt 11 eksemplar av "People who met Jesus" (Menneske som møtte Jesus).

Første leksjon var om Sakkeus. Det verka som om han var ukjent for fleire, sjølv om dei har høyrt andakter på kvar engelskklasse hos Kari. Etter å ha lese bibelteksten først på japansk, var det tid for å øve på den engelske teksten og lære ord og uttrykk frå forteljinga om Sakkeus. Ein snutt frå Jesus-filmen gjorde også teksten levande, og så var det deira eigen tur til å dramatisere, noko dei gjorde med liv og lyst. Særleg dei som skulle kritisere at Jesus gjekk inn til ein syndig mann, tok rollene sine alvorleg:
- Sakkeus er ein syndar! Kvifor går Jesus heim til han?
- Sakkeus lurer oss alltid. Han tek altfor mykje pengar i skatt.
- Sakkeus er blitt rik fordi han har lurt oss.

På slutten av bibelstudiet er der alltid 4-5 spørsmål til ettertanke og samtale. Sidan det var første gong, hadde eg ikkje sett av så mykje tid til dette, for eg tenkte at det kanskje var uvant for dei, og at det difor ville gå litt tregt. Men der tok eg feil igjen! Engasjementet allereie på det første spørsmålet var så stort at vi omtrent ikkje kom oss vidare. Men kva er betre?
Spørsmålet var: "Kvifor trur du at Sakkeus ønska å sjå Jesus?" På førehand understreka eg at her er ingen svar feil, for spørsmålet er kva dei sjølve tenkjer og meiner.
- Eg trur Sakkeus ønska å treffe Jesus fordi han visste han var ein syndar, og at han ønska å få tilgjeving, svarte ei av damene.
- Nei, eg er ueinig, sa ho som sat attmed henne. - Eg trur ikkje han følte han hadde gjort noko gale. Han var berre nysgjerrig fordi han hadde høyrt så mykje rykte om Jesus.
- Uansett, det må no vere ein grunn til at Sakkeus har fått vere med i Bibelen, meinte ei tredje.

Ja, for det er berre denne eine gongen vi høyrer om Sakkeus, og det var hans siste sjanse, også, påpeika eg, for det står at Jesus var på veg til Jerusalem, og der kom han til å døy på korset.

Vi avslutta med Jesu ord frå Luk.19,10:
"For the Son of Man came to seek and to save the lost."
("For Menneskesonen er komen for å leita etter det som er fortapt, og å frelsa det.")
Vi snakka litt om kva det betyr å vere "lost". Sakkeus forstod kanskje ikkje at han sjølv var "lost", men for Jesus var han "lost". Difor leita han til han fann han.

John Newton opplevde også å vere tapt og bli funnen. Til avslutning song vi første verset av "Amazing Grace":


Amazing grace! How sweet the sound
That saved a wretch like me!
I once was lost, but now am found;
Was blind, but now I see.

Hadde Sakkeus kjent denne songen, ville han nok sunge med!

Det var ein munter og lærevillig flokk eg hadde i går, og eg oppdaga igjen at det er kjekt å vere lærar!

I notatboka skreiv også mange at dei hadde hatt det kjekt, og ei skreiv også: "Eg har ei kjensle av at eg kjem til å bli kjempeglad i engelsk!" Tenk om det også kan føre til at ho blir glad i Jesus, og forstår at Jesus er glad i henne! Berre ei av desse damene er kristen og går fast i kyrkja. Men på tirsdagskveldane er terskelen lav.

Nima kyrkje
Det tok meg over 2 timar å køyre frå Matsue og innom i Oda kyrkje for å hente nøkkel, så det var godt å kunne overnatte og ha meg ein god frukost og tid med Bibelen før eg starta på heimvegen idag. Leiligheita i 2. etasje står ledig, så der kjem eg til å overnatte dei to gongene kvar månad er reiser bortover. Utan internett, vel å merke, men eg skal vel greie å vente til neste dag for å oppdatere blogg og Facebook...

Sjølv om det blir nokre mil med bilkøyring, er det iallfall fint å køyre langs Japanhavet!

Neste Bible Class i Nima er 30. september.



1 comment:

  1. Flott Inger, lykke til videre med disse damene! Liv

    ReplyDelete